Religion

Avskjed for Jusnes: – Ein folkekyrkjebiskop med stor F

BODØ DOMKYRKJE: Sundag 4. juni var det avskjedsgudsteneste for biskop i Sør-Hålogaland, Ann-Helen Fjeldstad Jusnes.

Engasjert, tydeleg og med eit hjarta for dei som fell utanfor.

Slik skildrar mange Vårt Land har vore i kontakt med biskop i Sør-Hålogaland, Ann-Helen Fjeldstad Jusnes.

Sundag 4. juni var det avskjedsgudsteneste for henne i Bodø domkyrkje.

9. februar i år sende Jusnes eit avskjedsbrev til Kyrkjerådet der ho meldte at ho ville gå av som biskop 1. august 2023. Ho fyller 67 år i sommar. I Den norske kyrkja må biskopar seinast pensjonere seg ved fylte sytti år.

Sjølv seier Jusnes i ei pressemelding at det er rart å skulle gå av, men at ho er fylt av takksemd for åra som biskop, som har vore fylte av «nåde, nærvær og nordavind», som er mottoet hennar for tenesta.

I si helsing til Jusnes under avskjedsgudstenesta, trakk preses Olav Fykse Tveit fram nettopp «valspråket» hennar:

– Når vi høyrer det i dag, er det som ein profeti som du og Vårherre har oppfylt. Slik ville du det skulle vera, slik vart det. Dette har prega di bispeteneste.

Avskjedsgudsteneste for biskop i Sør-Hålogaland, Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, i Bodø domkirke

– Du avsluttar di teneste i lys av pinsa. Den heilage ande gir oss både medvind og motvind. Nordavinden kan gjere oss sterke, og den kan gi oss bør slik at vi kjem dit vi skal. No har du kome hit.

Feminist og folkekyrkjebiskop

Olav Øygard påpeikar at bispedømet han leier, Nord-Hålogaland, berre har eit nabobispedøme, nemleg Sør-Hålogaland.

06.05.22 Olav Øygard og Kari Veiteberg

– Me har hatt mange saker me står saman om, og me har hatt mange gode samtaler.

Øygarden fortel at Jusnes er tydeleg i kommunikasjonen, at ho har meiningar om mange saker, og at ein alltid veit kvar ein har ho.

– Ho er ein folkekyrkjebiskop med stor F. Ho har eit sterkt engasjement for folkekyrkja, og dermed eit sterkt engasjement for at alle som er døypte og vil høyre til i kyrkja er like gode. Ingen er meir kristne enn andre, seier vår nordlegaste biskop.

Han trekkjer også fram at ho brenn for dei som fell utanfor på ulikt vis, og at ho har engasjert seg sterkt for saker knytt til samar, fornorsking og samisk kyrkjeliv.

Øygard kallar ho også feminist, og seier kvinners likeverd både i og utanfor kyrkja er viktig for Jusnes.

Avskjedsgudsteneste for biskop i Sør-Hålogaland, Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, i Bodø domkirke

– Gløymer aldri korleis ho ber om ordet

Olav Fykse Tveit, seier Jusnes er dedikert, energisk, arbeidsam og engasjert:

– Den som har vore på møte med Ann-Helen, gløymer aldri korleis ho ber om ordet. Ikkje ved å rekke opp handa, men å halde heile armen fram, bevege den opp og ned, til ho får ordet.

Han meiner ho har eit særleg blikk for rettferd, likestilling og likeverd.

– Ho har kombinert ei tydeleg evangelisk forankring med sin kjærleik og syn for folkekyrkjas rammer og moglegheiter, seier Fykse Tveit.

Bodø domkirke i Sør-Hålogaland bispedømme. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB

Engasjert i nærmiljøet

Hanne Jakobsen er leiar for Sør-Hålogaland bispedømeråd. Også ho trekkjer fram kor oppteken Jusnes er av folkekyrkja og folket i ho. Ho nemner engasjement for personar med LHBTQ-identitet og for samar og samisk kyrkjeliv.

– Ho engasjerer også seg i smått og stort i nærmiljøet.

Jakobsen fortel at Jusnes alltid er med å arrangerer loppemarknad i heimbygda Ramberg til inntekt for ungdomshuset.

– Eg ynskjer henne alt mogleg godt som sommarpensjonist, og samstundes seie at kyrkja treng henne vidare i roller ho kan tenkje seg. Kanskje som vikar innimellom?, ymtar bispedømerådsleiaren om.

Jusnes har vore tydeleg på at det er kreftsjukdomen som har gjort at ho ikkje lenger har nok krefter til å ha rolla som biskop.

I eit lengre intervju med Vårt Land fortalde ho før jul om det å få diagnosen, og om behandlinga ho har gått gjennom.

Den som har vore på møte med Ann-Helen, gløymer aldri korleis ho ber om ordet.

—  Olav Fykse Tveit

Fungerande biskop: – Kjærleiksbodskapen i fokus

Svein Valle som til vanleg er domprost, men har dei siste månadane steppa inn som fungerande biskop i Sør Hålogaland.

Fungerende biskop i Sør-Hålogaland, Svein Valle.

I ei pressemelding seier han Jusnes har halde fram likeverd og menneskeverd i sin periode som biskop.

– På den måten har ho sett den kristne kjærleiksbodskapen i fokus, meiner Valle.

Han er også éin av dei seks kandidatane til å ta over som biskop etter Jusnes. Arvtakaren hennar blir tilsett som på Kyrkjerådet sitt møte 21.-22. september.

Vemodig

Torkel Irgens er sokneprest i Rønvik, men har jobba saman med Jusnes i mange år, då han var kyrkjefagsjef ved Sør-Hålogaland bispedømekontor.

Avskjedsgudsteneste for biskop i Sør-Hålogaland, Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, i Bodø domkirke

– Korleis har det vore å jobbe saman med Jusnes?

– Det har vore både lærerikt og spanande. Ho vågar å tenkje nytt om mange tema, og set arbeidet til oss medarbeidarar inn i ein større samanheng, seier Irgens til Vårt Land.

Han meiner Jusnes har vore ein tydeleg biskop for mangfald i folkekyrkja ved å lyfte fram den lokale kyrkja.

– Det blir både fint og vemodig å få takke av Ann-Helen, både for eit nært og godt samarbeid, og for den trufaste tenesta hennar, seier soknepresten.

Også Olav Øygard takkar Jusnes for venskap og «kollegaskap» gjennom mange år.

– Eg unner Ann-Helen eit rolegare liv, der ho får ta omsyn til eiga helse, og glede seg over å vera saman med familie og vener.


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion