Religion

Agnes Abuom er død: – Ein av dei store leiarane i vår tids globale kristne familie, seier preses

BLEI 73 ÅR: Kyrkjeleiar, fredsmeklar og kvinnepioner, Agnes Aboum, er død. – Eg takkar Gud for å ha gjeve meg gåva av å kjenne og jobbe saman med denne store kvinna, seier Olav Fykse Tveit.

- Ho var ein av våre verkeleg store økumenar, som i fem tiår har arbeida utretteleg for kyrkjeleg eining, skriv generalsekretær i Noregs kristne råd, Erhard Hermansen, på Facebook.

Han kallar ho sentral i arbeidet for fred og forsoning.

Agnes Abuom døydde 73 år gammal denne veka etter eit kort sjukeleie, heime i Kenya. Det melder Kyrkjenes Verdsråd (KV) på sine nettsider.

I 2013 blei Abuom valt til å leie KV, den største økumeniske organisasjonen i verda. Ho blei då leiar i sentralkomiteen, som er organisasjonens styringsorgan mellom generalforsamlingane. Ho var fyrste kvinne og den fyrste afrikanaren til å ha leiarrolla.

Ho hadde leiarrolla fram til september i fjor.

– Ei stor kvinne

Olav Fykse Tveit var generalsekretær i KV frå 2010 og fram til 2020, då han byrja som preses i Den norske kyrkja.

– Åra me jobba saman og leia arbeidet i Kyrkjenes Verdsråd er dyrebare minne og augneblikk av velsigningar som eg vil verdsetje for alltid, uttalar Fykse Tveit på nettsida til KV.

Han trekkjer fram at Abuom var til djup inspirasjon, og særskilt for kvinner og lekleiarar i kyrkjer.

– Eg takkar den treeinige Gud for å ha gjeve meg gåva av å kjenne og jobbe saman med denne store kvinna, vår elskede syster, Dr Agnes Abuom.

Flykta til Sverige etter politisk engasjement

Abuom var aktiv i studentarbeid og politikk under studietida i Kenya. Ifylgje Religion News Service sat ho ein kort periode i fengsel for engasjementet sitt. Og den politiske situasjonen skal ha vore grunnen til at ho reiste til Sverige for å studere.

Ho tok mellom anna doktorgraden sin i missiologi, eller misjonsvitskap i Sverige.

Dr Agnes Abuom

Sveriges Kristne Råd skriv på KV sine nettsider:

– Me har mista ein viktig rollemodell og leiar i det økumeniske fellesskapet.

I 2018 blei Abuom tildelt ein æresdoktorgrad frå Vid vitenskaplige høgskole.

Fredsarbeid i Sudan

Den afrikanske kyrkjeleiaren spela også ei viktig rolle i arbeidet for fred i Sudan og Sør-Sudan, etter at sistnemnde lausreiv seg i 2011, ifylgje Religion News Service.

– Ho spela ei betydeleg rolle i å fremje fredsprosessen og forsoninga i Sør-Sudan, seier generalsekretær i Det anglikanske kyrkjefellesskap, biskop Anthony Poggo, til Anglican News.

I 1997 grunnla Abuom TAABCO Research and Development Consultants, som gjev råd til utviklingsorganisasjonar om fattigdomsspørsmål. Det Norske Misjonsselskap (NMS) er ein av dei som har hyra inn Abuom og firmaet hennar.

Abuom har også hatt fleire oppdrag i Noreg, og har mellom anna vore gjest under Olavsfestdagane i Trondheim.

---

Kyrkjenes Verdsråd

  • Også kjent som World Council of Churches (WWC).
  • Tverrkyrkjeleg organisasjon som samlar kyrkjesamfunn frå heile verda.
  • Har ei medlemsmasse på ca. ein halv milliard menneske.
  • Arbeider for å fremje og koordinere økumenisk arbeid innanr teologi og sosialetikk.

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion