Religion

Biskopane: – Stiller foreldre overfor svært krevjande val

DEN NORSKE KYRKJA: Biskopane er uroa for at fosterdiagnostikk fører til at foster med kromosomavvik blir valt vekk. No ber dei regjeringa legge betre til rette for foreldra som vil behalde desse barna.

Bispemøtet, eit organ der alle biskopane i Den norske kyrkja sit, handsama denne veka ei sak om fosterdiagnostikk.

Mai 2020 vedtok Stortinget ei rekkje endringar i bioteknologilova. Mellom anna skal alle gravide no få tilbod om tidleg ultralyd, sjølv om innføringa av tilbodet har blitt forsinka.

I tillegg er det no lovleg for alle gravide med genetisk fosterdiagnostikk med blodprøve av mor.

Dette gjer at ein kan finne ut om det finst genetiske avvik eller sjukdom hjå fosteret. Tidlegare har tilbodet vore for gravide i ei risikogruppe.

Positivt teknologisk framskritt?

I oktober 2021 uttalte biskopane i Den norske kyrkja at denne utviklinga uroa dei. Dei kalla det ei «stor prinsipiell endring».

Vårt Land meldte den gongen at biskopane meiner kyrkja kan vere ei stemme som minner samfunnet på at alle menneske er skapt i Guds bilde, uansett kva samansetjing av kromosom dei har.

Både den gong og no understrekar dei risikoen for at det blir født færre menneske med Downs syndrom og andre kromosomavvik. I det nye vedtaket til biskopane står det:

«Bispemøtet anerkjenner ambivalensen i saka. Ein kan også forstå høvet til å fjerne foster med svært alvorlege skader som eit positivt teknologisk framskritt. Samstundes stiller det foreldre overfor svært krevjande val der det er den gravide sjølv som må ta stilling til om ho ynskjer å bruke tilbodet eller ikkje.

Vil utruste prestar og diakonar til samtaler med gravide

I 2021 uttrykte Bispemøtet eit ynskje om å bidra til ein offentleg diskusjon kring temaet.

Derfor oppretta dei ei arbeidsgruppe som skulle greie ut dei etiske dilemmaa knytt til den nye lova, og dei blei bedne om å leggje fram eit forslag til korleis Bispemøtet kan fylgje det opp vidare. No har gruppa levert arbeidet sitt.


Dei foreslår mellom anna at tilsette i DNK skal få auka kompetanse i saka, noko Bispemøtet sa seg einige i.

I sitt vedtak understrekar biskopane at basiskunnskapar på feltet «er viktig for at prestar og diakonar kan vera gode samtalepartnarar for gravide som søkjer råd og etisk rettleiing».

Bispemøtet oppmodar også regjeringa og kommunar om å leggje betre til rette for at foreldre skal kunne velje å behalde barn med funksjonsnedsetjing.

I tillegg ber biskopane at etiske spørsmål knytt til fosterdiagnostikk og menneskerettane til personar med funksjonsnedsetjing blir tematisera under tusenårsjubileet for innføringa av kristenretten neste år.

Arbeidsgruppa leverte også eit forslag til ei eiga utsegn om temaet, men denne blei ikkje vedtatt av Bispemøtet. Vårt Land har ikkje sett forslaget.

---

Bispemøtet

  • Alle biskopane i Den norske kyrkja sit i det sentralkyrkjelege organet Bispemøtet.
  • Oppgåva til Bispemøtet er å samordne gjeremåla til biskopane. I tillegg kjem dei med felles utsegner og fordelar visse oppgåver mellom seg.
  • De tolv biskopane er normalt samla til Bispemøte tre gonger per år.
  • Bispemøtet blir leia av preses, som sidan 2020 har vore Olav Fykse Tveit.
  • Bispemøtet har sekretariat i Kirkens hus i Oslo.

---


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion