Religion

Måtte droppe organist – spela musikk frå Spotify på 17. mai

KYRKJEMUSIKK: Skånland kyrkje har fått forbod mot bruk av vikarar på grunn av stram økonomi. – Eg er faktisk ganske habil på tangentar sjølv, men har fått klar beskjed om å ikkje spela for ikkje å undergrave organisttenesta, seier presten.

– Me prøva å spela av musikk på Spotify, men det gjekk ikkje særleg bra. Det var vanskeleg å fylgje tempo og musikken låg fleire tonar høgare enn i salmeboka, så det var umogleg for kyrkjelyden å synge med, fortel sokneprest i Skånland og Tovik, Geir Arne Solum.

Dette er ikkje fyrste gong kyrkjelyden har stått utan organist. Men litt ekstra trasig synest presten det var å oppleve det på ein festdag som 17.-mai.

Frå 1. april har nemleg Tjeldsund kyrkjelege fellesråd lagt ned forbod mot å bruke vikarar. Årsaka er ein uvanleg stram økonomi.

– Pengeboka er tom

Tjeldsund kommune har kutta i budsjettet til kyrkja for 2023. Og ifylgje kyrkjeverje Elin Mari Bjørsvik Nikolaisen er det også tredje året på rad der dei ikkje har fått meir pengar frå kommunen for å dekkje løns- og prisvekst.

– Me driftar alt på eit minimum og har inga slingringsmonn, seier Nikolaisen.

Tore Harald Bølgen er leiar for Tjeldsund kyrkjelege fellesråd. Han fortel at fellesrådet skal ha møte på tysdag til veka for å drøfte kva dei skal gjera framover.

– Me sit i eit forferdeleg dilemma. Eg veit ærleg talt ikkje kva me skal gjera. Pengeboka er tom.

Skånland kirke i Tjeldsund kommune

Kuttar skular og organistar

Ei deltidsstilling som organist har stått vakant ei tid, men behovet for organistar har til no blitt dekt av innleigde vikarar. Det blei det altså slutt på 1. april.

Nikolaisen trur nokon kan meine at å kutte organistbudsjettet var feil prioritering, men ho seier seg ueinig.

– Det var den einaste me kunne gjera for å prøve å levere eit budsjett i balanse.

Sokneprest Solum er glad for at dei akkurat greidde å skaffe organist til konfirmasjonsgudstenestene tidlegare i år.

– Organisten vår har strokke seg langt.

– Men på 17. mai, hadde de ingen i kyrkjelyden som kunne nokre akkordar på piano eller som kunne klimpre litt på gitar?

– Eg er faktisk ganske habil på tangentar sjølv, og eg kan også spela gitar. Men eg fått klar beskjed om at eg ikkje skal spela for ikkje å undergrave organisttenesta. Eg var lojal under gudstenesta. Men eg hadde sjukeheimsandakt etterpå. Då var eg ikkje lojal, og tok heller omsyn til dei eldre, fortel Solum.

Me sit i eit forferdeleg dilemma. Eg veit ærleg talt ikkje kva me skal gjera. Pengeboka er tom

—  Tore Harald Bølgen, leiar for Tjeldsund kyrkjelege fellesråd

Tom sparebøsse

Kommunen står på den såkalla Robek-lista, eit statleg register over kommunar og fylkeskommunar i økonomisk ubalanse.

– Me har ynskt å behalde alt som det er og har bruka sparebøssa for å få det til. No er den tom, seier ordførar Helene Berg Nilsen (Ap) til Vårt Land.

Til hausten blir to skular lagt ned i kommunen. Ho fortel at alle einingar i kommunen har fått kutt i budsjetta i år.

– Det er ikkje ynskjeleg at me ikkje klarar å drifte og oppretthalde aktivitetane som er i kyrkja. Samstundes må kyrkja ta sin del av innsparinga.

Sokneprest i Skånland og Tovik, Geir Arne Solum i Skånland kirke i Tjeldsund kommune.

Kan kutte gravferdar

Og den stramme økonomien kan få fleire konsekvensar på sikt. Kyrkjeverja seier dei kan bli nøydde til å gje ansvaret for gravferder tilbake til kommunen om ikkje situasjonen betrar seg.

Eit økonomisk utval har også foreslått å auke festeavgifta på gravplassane. Vanlegvis er det gratis å ha ei grav i tjue år, men etter dette betalar pårørande som vil behalde ei grav lenger ei årleg festeavgift.

Ordføraren meiner også at ein på sikt bør sjå på om ein kan slå saman nokon av dei fire sokna i kommunen, slik at ein redusere aktiviteten.

– Biskopen bestemmer kor mange gudstenester det skal vera i kvart sokn. På sikt bør me ha ein dialog med han og koma til ei forståing, seier ordføraren.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion