Biskop Thomas kjente seg ikkje verdig tittelen

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Året er 1988 og fader Pafnutios har akkurat fått eit uventa spørsmål der kursen for livet vidare avheng av svaret han snart må gje.

Han kjenner seg ikkje klar for tenesta han har blitt spurt om å gå inn i. «Eg er ikkje førebudd for dette», «eg er ikkje verdig», er tankar som surrar rundt på innsida.

Dette er ikkje fyrste gong han har endra livet på ein drastisk måte for å leve i tråd med det han kjenner at Gud vil med han. Men denne gongen har han vanskeleg for å seie ja.

Som så mange gonger før legg han valet fram for Gud i bøn. Han kneler framfor altaret.

– Eg høyrer ei stemme. Ikkje med øyra mine, men inni meg. Det er ei stemme eg aldri vil gløyme.

Det han opplever at stemma seier skal endre livet ikkje berre for den koptiske presten, men for ei mengd menneske: «Ein biskop er ikkje ei hand ovanfrå for å herske over folk, men ei hand som kjem nedanfrå for å lyfte menneske opp».

Valet er tatt. Snart er den 31 år gamle mannen ikkje lenger fader Pafnutios, men biskop Thomas.

Sovehjarta

Den koptiske-ortodokse kyrkjeleiaren har skvisa inn ein time til Vårt Land mellom eit møte hjå Klima- og miljødepartementet og ei samling i Trefoldighetskirken i Oslo med temaet kvinner, fred og sikkerheit.

Diakonimedarbeidar i Trefoldighetskirken, Torbjørg Aalborg, viser oss i retning sakristiet.

– Han er ein mann som jobbar mykje, så eg bad han leggje seg nedpå litt, men eg lova å vekkje han då du kom.

Viss biskopen faktisk har sove er det imponerande, for med jamne mellomrom formeleg ristar veggane, og støyen frå anleggsarbeid innbyr ikkje akkurat til avslapping.

– Me skal utvide med auditorium, fleire kontor og kjøken, unnskylder Aalborg seg.

Min tro - Biskop Thomas

Ut av sakristiet kjem det ein liten mann kledd i svart frå topp til tå. Den broderte luva rammar inn eit vennleg andlet med brune auge og eit grått heilskjegg.

For å sleppe unna litt av bråket trekker me opp på galleriet. På vegen stoppar biskopen fleire gonger for å ta bilete av det store kyrkjerommet som er toppa med ein kuppel høgt der oppe.

Biskop Thomas er kjent for ein del nordmenn mellom anna på grunn av samarbeidet med dei kristne organisasjonane Stefanusalliansen og Det Norske Misjonsselskap (NMS). Dei støttar delar av det sosiale arbeidet koptaren har blitt kjent for.

For orda han fekk om å vera ei hand som lyftar folk opp har fått prege virket til biskop Thomas.

Ei oase i ørkenen

I ørkenen mellom Kairo og Alexandra ligg eit av hjartebarna hans, ei menneskeskapt oase som er bygd opp over mange år i det tørre landskapet.

Det kan kallas ei blanding av kloster, retreat- og undervisningssenter. Staden heiter Anafora, som betyr «lyfte opp».

---

Biskop Thomas

  • Biskop og metropolitt i Den koptisk-ortodokse kyrkja
  • Født og oppvaksen i Kairo, Egypt
  • 65 år

---

Her får mellom anna gutar som har droppa ut av skulen gå på sommarskule i staden for å jobbe for å tene pengar til familien og kvinner som ber på vonde erfaringar og traume får hjelp til å finne ny verdi i seg sjølv.

Og året rundt tek dei mange søstrene som har kvardagen sin på Anafora imot menneske frå heile verda som søkjer ro og nærleik til Gud.

Den viktige lukta

Når Biskop Thomas blir spurt om kva han meiner er det største forskjellen mellom den koptisk-ortodoks trua og praksisen i Egypt og den evangelisk-lutherske i Nord-Europa legg han vekt på korleis ein i koptisk tradisjon involverer heile mennesket.

– Me inkluderer det indre mennesket og det ytre mennesket, sansane og intellektet.

Min tro - Biskop Thomas

Han nemner å bruke røykjelse som døme.

– Lukt har ei stor innverknad i livet vårt. Me brukar røykjelsen på ein symbolsk måte, og ved å bruke lukt vil inntrykket sitje i lengre. Det integrerer trua i fleire delar av livet.

Å slutte å puste

Ein annan forskjell biskop Thomas legg vekt på er mangelen på improvisasjon. Den koptiske kyrkja har ein sterk kontemplativt tradisjon, og brukar mange ferdigartikulerte bøner.

– Eg trur det er veldig viktig at folk ikkje treng å tenkje på at dei midt i ei bøn må tenkje over korleis du sjølv eller andre skal improvisere. Det gjer folk trygge og tilfører stabilitet.

Det meiner han gjer folk høvet til å gå djupare inn i seg sjølv.

– Nokon ville kanskje hevda det motsette? At å be ei lik, ferdiglaga bøn kvar gong vil gjera at ein ramsar opp orda utan å tenkje over meininga av dei?

– Me tenkjer på det slik her: Du pustar om att og om att. Du pustar på same måte, men kvart andedrag du tek påverkar deg. Det utgjer ein forskjell.

– Ja, å stoppe ville illustrert det ganske tydeleg?

– Ja, ikkje sant, svarar biskopen og ser tydeleg ein trong for meir utdjuping.

Eg trur det er veldig viktig at folk ikkje treng å tenkje på at dei midt i ei bøn må tenkje over korleis du sjølv eller andre skal improvisere. Det gjer folk trygge og tilfører stabilitet.

Han går over til eit meir heilskapleg, kroppsleg bilete. Forklarar korleis menneske er laga av faste stoff som tenner og bein. Dette symboliserer det stabile, trygge. Som ei fast bøn til ei fast tid.

– Utan dette ville ikkje menneske hatt ei form.

Så har du kroppsvæsker og luft. Dei blir skifta ut og representerer det flytande, ånd, fornying og kreativitet. Som i ei indre, personleg bøn til Gud.

– Du ser ikkje desse delane av kroppen, men du kjenner dei. Me kan ikkje leve med berre det faste eller berre det flytande. Vegen til åndeleg vekst er å balansere mellom desse, forklarar egyptaren.

– Gud er stabilitetens og fornyingas Gud.

---

4 raske

  • Gud er: Livet mitt
  • Eg klarar meg ikkje utan: Han
  • På gravsteinen min skal det stå: Eg var her
  • Boka alle må lese: Bibelen, og særskilt Det nye testamentet

---

Var veterinær i to år

Det har blitt sett fram drikke og sjokolade. Det er tydeleg at biskop Thomas har bede om å få vera den som serverar dei utsendte frå Vårt Land.

Han rekkjer fram bollen og byr på små, foliekledde sjokoladehjarta og twistbitar.

Eigentleg var eit ganske anna liv peika ut for biskop Thomas, eller Maurice Shawqī som var namnet hans før han via livet til kyrkja.

Min tro - Biskop Thomas

Etter fullført femårig veterinærstudie gjekk han ut i arbeid. Men etter berre to år la han livet han hadde jobba for i så mange år bak seg og gjekk i kloster og blei broder Pafnutios.

– Eg slapp alt for å kople meg på den eine, Gud sjølv, Kristus.

– Kva sa foreldra dine då du valde å gå i kloster, etter å ha bruka den lange utdanninga di i berre to år?

– Det var mitt eige val. Dei hadde ikkje noko dei skulle ha sagt.

To år etter han blei munk blei han ordinert til prest, og etter berre eitt år som prest blei han biskop Thomas.

– Gløym meg

Han delar gledeleg tankar om heimlandet, om teologi og tru. Men det skal vise seg å bli ei vanskeleg oppgåve å bli kjent med mannen bak biskop-tittelen.

På spørsmål om kvifor han trur den koptiske paven Shenouda den tredje av Alexandria utnemnde han til biskop i den uvanleg unge alderen av 31 år gjev han eit enkelt: «Eg veit ikkje», til svar.

Dei fleste forsøk på å spørje om barndom, definerande opplevingar eller eigne kjensler blir raskt avfeia med meir og meir overberande, men venlege variantar av:

– Gløym meg. Det handlar ikkje om meg. Det handlar om at folk skal forstå kor høgt Gud elskar dei.

Ein kristen minoritet

På spørsmål om kvifor han ville vie livet sitt til teneste i kyrkja fortel han at han blei lært opp i trua heimafrå i svært ung alder, og går vidare til å snakke om kvifor dette er særskilt viktig for koptarar i Egypt.

– Foreldra veit at dei truleg kjem til å lære noko anna då dei byrjar på skulen.

Sundagsskulen har ein heilt spesiell plass i den koptiske kyrkja i Egypt, og det blir sett på som ein ærefull posisjon å vera sundagsskulelærar.

Min tro - Biskop Thomas

Ein reknar at om lag nitti prosent av dei over hundre millionane som bur i Egypt er muslimar. Resten er i hovudsak kristne, og den største delen er koptisk-ortodokse.

Ifylgje Åpne Dørers liste for 2023 er Egypt på 35.-plass over landa der kristne blir mest forfølgt. Men for berre fire år sidan var landet heile nitten plassar høgare oppe.

President Abdel Fattah al-Sisi har dei siste åra vist støtte til dei kristne koptarane ved mellom anna ved å besøkje kyrkjer.

Likevel høyrer ein med jamne mellomrom om trakassering av den religiøse minoriteten og om terror eller terrorforsøk mot kyrkjer.

Blei halshogne av terroristar

Biskop Thomas meiner å sjå ei positiv utvikling, og særleg dei siste åra. Han trur fleire no ser at fundamentalisme ikkje har ført til noko godt for Egypt.

– Folk har innsett at tankesettet til IS ikkje stemmer. Tvert imot har det øydelagt utruleg mykje.

Det skapte internasjonal avsky i 2015 då 21 koptisk-kristne gjestearbeidarar iførte oransje fangedressar blei leia ut på ei strand i Libya av kvar sin bøddel med sverd.

Dei ville ikkje fornekte trua på Jesus, og bøtte med livet. Den nøye regisserte videoen blei lagt ut på nettet av terroristane. Førre veke gav den katolske paven dei 21 koptarane helgenstatus.

– Dette viser litt av djupna i trua til koptarar. Dette var ikkje prestar eller teologar, men vanlege unge menn på jakt etter arbeid. Og på filmen ser du dei gå med hovudet heva. Dei var ikkje redde, dei var sterke.

– Og då journalistar intervjua familiemedlemmar til martyrane sa dei: «Me tilgjev drapsmennene og me ber for dei». Dette viser kor sterke røter trua har også på grasrota i Egypt. Menneske lever ut dei kristne verdiane.

Skandinavisk spiritualitet

Frå fyrste etasje lagar fleire og fleire stemmer den umiskjennelege klangen som berre store rom med steinveggar kan framkalle. Det nærmar seg startskotet av arrangementet biskopen skal delta på.

Han påpeikar at sjølv om dei som religiøs minoritet i Egypt møter hinder, så har alle sine utfordringar, og nemner sekulariseringa i Noreg.

Plasser skandinavar ut i naturen, og du ser at dei blir heilt andre menneske. Dei byrjar å opne seg.

Han meiner ulike kulturar og ulike utfordringar krev ulike truspraksisar og -uttrykk.

Med interesse har egyptaren observert mykje av det kan kallar naturspiritualitet i Skandinavia.

– Spiritualiteten her er mykje knytt til naturen. Plasser skandinavar ut i naturen, og du ser at dei blir heilt andre menneske. Dei byrjar å opne seg, seier biskopen.

– Eg trur Gud har nåde for kvar nasjon og kvar nasjon er vakker på sin måte.

Min tro - Biskop Thomas

Biskop Thomas brukar eit bilete der den koptisk-ortodokse kyrkja er som eit tre. Han seier kristne i Egypt er stolte av dei sterke og svært djupe røtene til den koptiske kyrkja i landet. Kyrkja er svært gamal og reknar evangelisten Markus som sin grunnleggjar.

– Eit tre med sterke røter er sunt og toler store påkjenningar. Og utfordringar gjer berre treet endå sterkare.

Biskopen er oppteken av at dei koptiske kristne ikkje skal bli framstilt som offer, og seier dei er stolte av kyrkja si og kor rotfesta trua er hjå folk.

– Me kjenner oss ikkje svake eller nedkjempa. Me er ei sterk og sigrande kyrkje. Me gler oss over trua vår. Ja der er utfordringar, men me er sterkare enn dei. Det er derfor me overlever og det er derfor me framleis er her.