Ny, norsk undersøking: muslimar meir religiøse enn kristne

NY UNDERSØKING: Blant personar med tilhøyrsel til Islam er det fleire som oppgjev å tru på Gud enn blant dei med kristen tilhøyrsel.

OVERRASKA: Undersøkinga visar blant anna kor ofte muslimar ber. – Eg hadde ikkje venta at talet var så høgt, seier styreleiar Arshad Jamil i moskeen ICC Alna.(Foto: Marit Neset)
Publisert Sist oppdatert

– Norske muslimar er i snitt noko meir religiøse enn norske kristne. Men dette må ein sjå i samanheng med at mange norske kristne ikkje er særskilt religiøse, seier Tore W. Rafoss.

Han er forskar ved Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning (Kifo) som har gjennomført ei ny, stor undersøking blant norske muslimar. Eller for å vera eksakt, blant personar i Noreg som oppgjev å ha religiøs tilhøyrsel til islam.

I 2019 gjorde Kifo ei liknande undersøking blant majoritetsbefolkninga i Noreg og blant personar med religiøs tilhøyrsel til kristne trussamfunn. No har dei samanlikna tala.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP