Religion

Ny studie: 4 av 5 har kjend på eit sterkt åndeleg behov den siste månaden

ÅNDELEGE BEHOV: Funna er også høgaktuelle for Noreg, meiner førsteamanuensis på Vid vitenskaplige høgskole.

Forskarar frå Syddansk Universitet har nyleg kartlagt åndelege behov i den danske befolkninga.

Hovudfunnet i undersøkinga viser at 81,9 prosent av deltakarane har opplevd minst eitt sterkt eller veldig sterkt åndeleg behov den siste månaden. Nesten éin av fem opplever religiøse behov.

– Det er vel kanskje slik at vi som jobbar i denne bransjen ikkje er så overraska over at det finst religiøsitet igjen i samfunnet vårt. Det merkar vi jo, seier leiande domkyrkjeprest Valborg Orset Stene til Vårt Land.

Dei har kjent på ein lengsel, nød eller behov og vil finne meir ut av de

—  Valborg Orset Stene

Mange førespurnader

Oslo domkyrkje har sidan 2017 hatt eit SMS-tilbod som gjer det enklare å ta kontakt med kyrkja for å samtale. Etter dette, meiner Stene at talet på førespurnader har auka. Utanom denne auken, opplever ho anslagsvis ingen tydeleg trend den eine eller den andre vegen dei siste åra.

– Alle veit jo at ein i utgangspunktet kan ta kontakt med ei kyrkje og få snakka med ein prest, men her er det så lett, og av den grunn trur eg vi har fått mange førespurnader frå heile byen og frå landet også, seier ho.

Domkyrkjeprest Christian Kringstad Kielland anslår at det kjem om lag fem førespurnader på SMS-tenesta i veka. I tillegg tek folk kontakt på e-post og telefon.

Han fortel at samtalane dreier seg rundt mykje forskjellig, mellom anna teologiske spørsmål, åndelege opplevingar, eksistensielle spørsmål, vanskelege livssituasjonar eller livstolkingsspørsmål utan at det nødvendigvis er knytt til kriser. Ikkje alt dreier seg kring det religiøse, men Stene meiner likevel mange av samtalane gjer det.

– Det er forbausande mange førespurnader som handlar om at dei har blitt nysgjerrige og ikkje har heilt ord for det sjølv, men er litt tiltrukne av det religiøse eller andelege. Dei har kjent på ein lengsel, nød eller behov og vil finne meir ut av det, seier Stene.

– Overraskande

Tobias Anker Stripp står saman med ei rekkje andre forskarar bak studien som tek føre seg andelege og eksistensielle behov hos 26 678 danskar. Studien er publisert i The Lancet Regional Health – Europe.

– Det speler inn om ein har gode relasjonar, om ein føler seg trygg i verda og opplever at livet gir meining for ein. Det må vi bli betre til å snakke om – både som medmenneske og som tilsette i helsevesenet, seier han til det danske nyheitsmediet Vid & .

Andelege behov kjem oftare for dei som ser på seg sjølv som åndelege, religiøse eller begge, og for dei som ber eller mediterer jamleg. Dette gjeld også for dei som sjølv vurderer å ha dårlegare helse, redusert tilfredsheit med livet og lågare velvære.

– Det er overraskande at det i et breitt utsnitt av befolkninga er så utbreidde og så sterke behov for å sysselsetje seg med det andelege og eksistensielle området, sa Tobias Anker Stripp til Vid & .

– Funna er også relevante til Noreg

Torgeir Sørensen er førsteamanuensis på Vid vitenskaplige høgskole, og meiner at resultata ikkje overraskar i det skandinaviske fagmiljøet. Han seier at tidlegare forsking har vist det same, både internasjonalt og skandinavisk.

– Det nye i denne studien er at det er eit veldig stort utval og at generaliserbarheita av funna er sterkare enn det ein får av mindre studiar. Den er også populasjonsbasert – at ein finn eit utval som representerer folket – og ein kan eigentleg ikkje få det noko særleg betre enn dette, seier han.

– Kan dette generaliserast til den norske befolkninga?

– Noreg, Sverige og Danmark er på mange måtar like, og alle har fram til no hatt ei sterk majoritetskyrkje og folkekyrkje. Samtidig kan det diskuterast om det er store forskjellar, seier Sørensen.

– Innenfor religion kan det stilles høye moralske krav om hvordan du skal leve og klare forventninger til hva du ikke skal og skal gjøre, sier postdoktor i religionspsykologi Torgeir Sørensen.

Han seier at danskane er opptatt av å understreke at samfunnet deira er svært sekulært, noko Noreg kanskje ikkje har køyrt så sterkt på med.

– Men eg trur nok at ein må erkjenne at Noreg sett utanfrå også er veldig sekulært.

På bakgrunn av det, og at Noreg har gjennomført andre liknande studiar, trur Sørensen at funna også er relevante i Noreg.

– Eg trur ikkje eg vil seie generaliserbare til Noreg, men absolutt høgaktuelle, relevante og dekkjande også for ein norsk samanheng. Også tatt i betraktning at det er nokre forskjellar mellom Danmark og Noreg knytt til sekularitet og kva sekularitet er, seier han.

---

Undersøkinga:

  • Åtte forskarar frå Syddansk Universitet undersøkte nyleg åndelege behov i dansk kultur.
  • Studien er den største i verda, som tar sikte på å undersøkje åndelege behov. Totalt 26 678 deltakarar svarte på undersøkinga.
  • Målinga av åndelege behov baserte seg på spørsmål innan fire dimensjonar: religiøsitet, eksistensialitet, generativitet og indre fred.
  • 81,9 prosent rapporterte å ha opplevd minst eitt sterkt eller veldig sterkt åndeleg behov den siste månaden.
  • Blant dimensjonane skåra deltakarane lågast på religiøse behov, men likevel rapporterer nesten éin av fem at dei har hatt oppleving av religiøse behov den siste månaden.

---

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion