Religion

Ny, norsk undersøking: Ni av ti muslimar meiner det bør vera full likestilling i heimen

NY UNDERSØKING: Fleire muslimar enn kristne seier dei meiner arbeid knytt til barn, hus og heim bør vera likt fordelt mellom partnarar. – Likestilling har hatt ei drastisk utvikling i muslimske miljø, seier Linda Noor.

Det er fredag og klokka har akkurat bikka to. Framleis ramlar det inn menn i tykke dunjakker frå gata og inn i underetasjen på Haugerudsenteret i Oslo. Dei ristar av seg snø og slaps, tek av skoa og finn seg plass på det teppekledde golvet i moskeen.

Fredagsbøna er i gang og leiar for i ICC Alna-moskeen, Arshad Jamil, snakkar om at ramadan, fastemånaden, nærmar seg. Snart tek imamen over.

Det er ingen kvinner å sjå, til det er det for knapt om plassen i den vesle moskeen, fortel Jamil til Vårt Land.

To av dei som har tatt turen i dag, er Hamad Iqbal (19) og Ahmed Daud (20). Dei studerer økonomi på BI.

Når dei får høyre at eit fleirtal av norske muslimar, og ein større del enn både kristne og majoriteten i Noreg, meiner det bør vera full likestilling på heimebane, blir dei ikkje overraska.

– Ifylgje islam skal du vera med på å oppdra barnet. Det er ikkje berre den eine forelderen sitt ansvar å oppdra barnet, medan den andre jobbar ute, seier Daud og legg til:

– Barnet treng kjærleik frå begge foreldra sine.

Fredagsbøn ICC Alna. Besøk i forbindelse med Kifo-undersøking blant norske muslimar.

Har samanlikna kristne, muslimar og majoritetsefolkninga

Det er Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning (Kifo) som har gjennomført ei ny, stor undersøking blant norske muslimar. Eller for å vera eksakt, blant personar i Noreg som oppgjev å ha religiøs tilhøyrsel til islam.

821 personar i denne kategorien har svart på ei rekkje spørsmål og påstandar. Det strekkjer seg frå syn på abort og homofili, til kor ofte ein ber og kva ein tenkjer om astrologi. Og altså om likestilling.

Faren min hadde fleire jobbar og var mykje ute. Eg fekk ikkje så mykje tid med han.

—  Ahmed Daud om tideleg barndom

Ein av påstandane folk har skulle tatt stilling til er: «Partnarar bør dela ansvaret for husarbeid og barneoppseding likt». Dette har ni av ti respondentar svara at dei er einige, eller heilt einige i.

I 2019 gjorde Kifo ei liknande undersøking blant majoritetsbefolkninga i Noreg og blant personar med religiøs tilhøyrsel til kristne trussamfunn. Dei har samanlikna tala, og dei viser at færre i desse gruppene er einige eller heilt einige i påstanden om likestilling på heimebane (sjå diagrammet under).


– Korleis er det mogeleg?

Waqas Chaudhry (44) har ein litt annan reaksjon i møte med tala:

– Hæ? Korleis er det mogleg? spør han ut i lufta.

Men etter å ha tenkt seg om ser det ut til å falle litt meir på plass.

– For så vidt, viss ein ser på min omgangskrins så stemmer det ganske bra. Eg trur til og med mennene gjer meir.

Men at talet var høgare blant muslimar enn hjå majoritetsbefolkninga, hadde han ikkje venta.

Fredagsbøn ICC Alna. Besøk i forbindelse med Kifo-undersøking blant norske muslimar.

---

«Mangfald hjå norske muslimar»

  • Undersøking utført i mars 2022 av Kantar på vegner av Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning (Kifo).
  • Undersøkinga blei sendt til nordmenn som har innvandra frå fylgjande land, eller har foreldre med bakgrunn frå desse landa: Afghanistan, Bosnia-Hercegovina, Irak, Iran, Kosovo, Marokko, Pakistan, Somalia og Tyrkia.
  • 821 av dei som har svart seier dei har «religiøs tilhøyrsel» til islam. Det er desse som blir omtalt som norske muslimar i undersøkinga.
  • Undersøkinga har som mål å kartleggje ulike aspekt ved muslimar og dei med muslimsk bakgrunn i Noreg. Eit hovudfokus har vore ei kartlegging av tru og livssyn.

Kjelde: Kifo

---

– Rådande førestilling: Muslimske menn er undertrykkjande

Linda Noor er dagleg leiar for den minoritetspolitiske tenkjetanken Minotenk. Ho trur talet gjev uttrykk for at det har vore eit stort press på muslimar kring likestilling i den offentlege debatten.

– Ei rådande førestilling har vore at muslimar, og særskilt muslimske menn, er undertrykkjande. Det gjer så klart at ein blir veldig bevisst på dette med likestilling, seier Noor.

Ho fortel om store endringar på feltet sidan ho byrje å engasjere seg i muslimske miljø.

– Likestilling har hatt ei drastisk utvikling i muslimske miljø, og har verkeleg fått vind i segla dei siste 15 åra, seier tenkjetankleiaren.

Ho fortel at for 15 år sidan kunne visse personar «i fullt alvor» snakke om at ein kunne tukte kona si.

– Det er heilt tabu i dag.

Noor meiner likestilling ikkje kolliderer med noko i islam, og seier det er eit stort tolkingsrom for å kunne argumentere for likskap og likestilling i religionen.

Linda Noor

Ho trur tala er representative for kva norske muslimar meiner på feltet. Men visse svar trur ho kunne blitt annleis hadde ein bryte dei meir ned på praktisk nivå, som til dømes kven som ideelt sett bør vera mest med barna når dei er heilt små.

– Der ville nok mange svart at det ideelt sett er mor, seier Noor.

– Kan ikkje sjå at nokon blir halde tilbake på grunn av kjønn

Ein annan påstand i undersøkinga er: «Likestillinga mellom kjønna har no komme langt nok».

Dette er 45 prosent av personane med muslimsk tilhøyrsel einige eller heilt einige i. Tilsvarande tal for kristne er 30 prosent, og for majoritetsbefolkninga er det 26 prosent.

Både Chaudhry og Jamil påpeikar at dette også kjem an på kva ein legg i ordet likestilling. Omgrepet ein ofte nyttar i muslimsk samanheng er likeverd, meiner sistnemde.

– Nokon tenker at likestilling betyr at absolutt alle oppgåver skal delast 50-50, heller enn at det samanlagt blir ei lik arbeidsbyrde, seier Jamil.

I tillegg til å vera leiar i moskeen ICC Alna sit han også i styret i paraplyorganisasjonen Muslimsk Dialognettverk.

Fredagsbøn ICC Alna. Besøk i forbindelse med Kifo-undersøking blant norske muslimar.

Chaudhry synest ikkje det er rart at svarprosenten er så høg blant muslimar.

– Det er like moglegheiter for alle i Noreg no. Eg kan ikkje sjå at nokon blir haldne tilbake på grunn av kjønn.

Førtifireåringen meiner det heller er omvendt, at mange gutar slit på skulen og elles i samfunnet, medan jenter ligg lenger framom.

Jamil fortel at dei i moskeen prøvar å jobbe med å inkludere fedrar, og meiner ein mangel på gode farsfigurar kan bidra til at unge menn og gutar hamnar utanfor.

– Ikkje i mål endå

Dei to yngre mennene, Iqbal og Daud, meiner ein endå ikkje har koma langt nok i likestillinga, og dreg fram lønnsforskjellar som eit døme.

– Me er ikkje i mål endå, meiner Iqbal.

Daud bur heime med foreldra, og fortel at han bidreg med husarbeid. Men då han var liten var ikkje arbeidsoppgåvene fordelt heilt likt heime.

– Faren min hadde fleire jobbar og var mykje ute. Eg fekk ikkje så mykje tid med han.

Daud er den eldste i syskenflokken. Besteforeldra hans kom til Noreg på 70-talet frå Pakistan.

– No, når far min har bygd opp det han skal, jobbar han ikkje like lange dagar lenger, og er mykje heime med småsyskena mine. Me får alle meir tid med han no, fortel Daud.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion