Religion

Meiner ytterleggåande stemmer får for mykje plass i kyrkjepolitikken: – Hardt debattklima

KYRKJEDEMOKRATI: Debattklimaet i Den norske kyrkja blei tema på landsmøtet til Open folkekyrkje. Fleire unge seier dei har møtt hersketeknikkar og utestenging. Andre meiner eit tøft ordskifte er naudsynt.

Under lunsjen på landsmøtet til Open folkekyrkje (OF) har Dennis Lund (28), Eline Heidisdatter Lorentzen (22), Line Dammyr (56) og Inga Stoveland Dekko (22) funne saman rundt eit bord.

Blant dei tre yngste rundt lunsjbordet er det stor semje om at debattklimaet i kyrkja kan vera hardt.

– Det har eg fått kjenne på kroppen etter å ha vore med på to kyrkjemøte, fortel Lund.

Han meiner debattklimaet er betre på Ungdommens kyrkjemøte, og meiner den eldre garde kan lære litt av dei unge. Han fortel at dei som førebuing som ungdomsdelegatar til Kyrkjemøtet mellom anna blei opplærte i korleis ein skal møte hersketeknikkar.

– Blir det bruka hersketeknikkar i kyrkjepolitikken?

Lund, Lorentzen og Dekko byrjar å le av spørsmålet. Så openbert synest dei svaret er.

– Ja, kjempemykje, klargjer Lund.

Dei fortel om det dei opplever som sjikanering, baksnakking og utestenging på Kyrkjemøtet.

Dekko fortel at opplevinga av å ha ei anna meining i ei sak enn dei fleste andre var så vond at ho framleis synest det er skummelt å seie meininga si høgt.

Støre: – Takk for tolmodig innsats

67 delegatar var samla på eit hotell i Oslo i helga for å diskutere vegen vidare for den kyrkjepolitiske lista Open folkekyrkje.

Det er valår, og eit viktig punkt på agendaen for helga er å spikre valprogrammet.

– De har dei siste åtte åra vore heilt sentrale i utviklinga av Den norske kyrkja, og eg vil takke for tolmodig innsats og for alle viktige gjennomslag de har fått på vegner av alle oss kyrkjemedlemmar.

Det sa statsminister Jonas Gahr Støre til landsmøtet via ei videohelsing.

Tonen er god, og dei fleste innlegga under den fyrste delen av programmet blir møtt med applaus frå salen.

Det vil somme meine står i kontrast til debattklimaet meir generelt i Den norske kyrkja (DNK) den siste tida.

Gjer porten smal eller vid?

Thor Magne Seland sit for OF i Stavanger bispedømeråd. Therese Egebakken sit også her, men ho står på val for den meir konservative lista Frimodig kirke. Dei to har nyleg vore i ein svært offentleg og heitt ordskifte kring homofili og homofobi.

Bakteppet er at Stavanger bispedøme vedtok med knappast mogleg fleirtal eit høyringssvar der dei ynskjer seg høvet til å framleis kunne vektleggje samlivsform ved tilsetjingar.

Det har også vore mykje uro kring at presten Benjamin Anda har sagt opp jobben sin i Den norske kyrkja, og sa at det var «feil å seie at eg ikkje opplever meg pressa ut». Anda har blitt kjent for sin prinsipielle motstand mot kvinnelege prestar.

Frå konservativt hald har det komme skuldingar om at OF har gjort kyrkja smalare. Andre meiner dei har gjort «døra høg og porten vid».

Religionsredaktør i Vårt Land, Elise Kruse, har sagt ho meiner den «harde tonen kler kyrkja dårleg», og at den «skadar kyrkjas omdømme og er med på å svekkje heile Den norske kyrkja».

Eg synest det er litt vanskeleg å seie høgt i Open Folkekyrkje at ein også må ta vare på dei med meir konservativt syn

—  Inga Stoveland Dekko

Trur mange har negative assosiasjonar til Open folkekyrkje

Tilbake rundt lunsjbordet får Lund, Dekko, Lorentzen og Dammyr spørsmål om korleis dei vil at Den norske kyrkja skal sjå ut om 20 år.

Dekko er tydeleg. I tillegg til at ho håpar DNK har ei like viktig rolle som samfunnsaktør, er det ein ting ho tenkjer spesielt på:

– Eg håpar det er like stort rom for dei som er konservative. Me må hugse at når me vil vera ei open folkekyrkje så må me ta vare på alle.

Dekko trur det i dag er mange som har negative assosiasjonar til Open folkekyrkje og tenkjer at dei vil presse ut alle som tenkjer annleis. Ho er oppteken av at det må vera rom for ulike meiningar.

– Eg synest det er litt vanskeleg å seie høgt i Open folkekyrkje at ein også må ta vare på dei med meir konservativt syn, fortel Dekko.

---

Open folkekyrkje

  • Kyrkjepolitisk liste stifta i 2014.
  • Organisasjonen har regionlag i alle bispedøma.
  • Blei i 2015 fyrste organisasjon som stilte lister i bispedømerådsval i Den norske kyrkja. Med lister i ni av elleve bispedøme fekk Open folkekyrkje 62 prosent av stemmene ved Kyrkjevalet.
  • Dei har 177 kandidatar på lister for årets val. Dei er fordelte på dei elleve bispedøma.
  • Gard Sandaker-Nielsen har vore leiar sidan 2018.

---

Meiner ytterleggåande stemmer får for mykje plass

Alle tre meiner yngre er flinkare til å skilje person og sak, og ynskjer seg ein meir respektfull tone i kyrkjepolitikken.

Det er kjempeviktig med meiningsmangfald. Det er det som lyfter oss framover, meiner Lund.

Lorentzen meiner heile samfunnsdebatten er meir polarisert enn før, og synest det er synd at dei mest ytterleggåande stemmene får mykje plass. Ho trur ikkje dei er representative for majoriteten av medlemmane i DNK.

– Viss ein berre ser ytterkantane mistar ein spekteret i midten, seier Lortentzen.

Dammyr seier seg einig, men ho synest det er positivt å sjå dei unge sitt engasjement for ei meir inkluderande kyrkje med betre debattklima.

Lund konkluderer:

– For å svara på ditt tidlegare spørsmål om korleis eg håpar kyrkja ser ut om tjue år? Eg håpar det er eit veldig stort rom for å vera sakleg ueinig og med stor gjensidig respekt.

– Håplaus argumentasjon

Open folkekyrkje landsmøte 2023. (Åpen folkekirke.

Vårt Land tek ein prat med leiar for OF sitt lokallag i Borg, Geir Magnus Walderhaug, i pausen. Han meiner ikkje samtaleklimaet er for tøft.

– Det er naudsynt. Det må ikkje bli slik at me ikkje kan vera reelt ueinige, meiner Borg-leiaren.

Han presiserer at ein bør halde seg for god for å skjelle ut folk og koma med personkarakteristikkar.

– Til slutt blir det eit spørsmål om å telje stemmer.

Det Walderhaug meiner ein ikkje skal akseptere, er «tanken om at viss ein kjem i eit mindretal så betyr det at ein blir diskriminert».

– Ein slik argumentasjon er det mest håplause eg ser i desse diskusjonane.

– Det går ei grense for kva ein skal akseptere

Olav Myklebust sit i Møre bispedømeråd for OF. Til Vårt Land seier han at han har forståing for at det av og til kan koke over for homofile som ser seg leie av retorikken dei blir utsette for, og referar til Seland i Stavanger bispedømmeråd sitt utspel mot Egebakken.

Open folkekyrkje landsmøte 2023. (Åpen folkekirke.

– Det går ei grense for kva ein skal akseptere, meiner Myklebust.

Likevel seier han seg einig i at det «vaksne» kyrkjedemokratiet nok kan lære litt av ungdomsdemokratiet når det gjeld å halde eit sakleg og respektfullt debattklima.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion