Heilag slagmark

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Denne saken stod først på trykk i STREK, nr 03-2022.

Fuglane kvitrar i utkanten av Vår Frelsers gravlund. Det gamle gravkapellet har det seinaste tiåret husa den russisk-ortodokse kyrkjelyden Heilage Olga, oppattkalla etter den nordisk-ætta fyrstinna i Kyiv på midten av 900-talet. No er kyrkjelyden på veg hit for å feire den guddommelege liturgien på same vis som dei alltid har gjort det – feire at Kristus er oppstaden frå dei døde.

Sidan februar i fjor har dei russisk-ortodokse likevel samlast med eit nytt og dystrare bakteppe: krig i den himmelske vernaren Olgas heimland, Ukraina. Situasjonen står i skarp kontrast til soldagen utanfor, meir i pakt med skuggane frå det tidlegare gravkapellet. Då Russland invaderte nabolandet med støtte frå overhovudet for den største ortodokse kyrkja i verda, patriark Kirill, blei det litt annleis enn før å vere russisk-ortodoks kristen i Noreg.

Eit tjuetal kyrkjegjengarar smett inn døropninga, fleire kvinner enn menn. Ei eldre kvinne får med seg rullatoren opp kyrkjetrappa. Ei anna set krykkene frå seg i eit hjørne. Men det kjem også fleire yngre menneske. Dei fleste kjem til gudsteneste i joggesko.

På kyrkjetrappa møter vi Ieva Berzina-Rosova, som begynte å gå i Heilage Olga i 2006. Ho er utdanna musikar, jobbar som kantor i Den norske kyrkja og har i tillegg jobba som frivillig og som kantor for den norske korgruppa i Heilage Olga. Nyleg reiste ho også som frivillig til ein polsk grenseby for å hjelpe ukrainske flyktningar som er ramma av krigen.

– Eg følte at eg måtte få gjort noko av det gode i ein situasjonen der det vonde viser seg fram, seier ho.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

– Det viktigaste i trua mi er kjærleiksbodskapen. Eg kjente på ei trong til å reparere iallfall litt av det som er øydelagd av det vonde.

Inne i kyrkjerommet er folk i gang med å tenne lys og be. Bak ikonostasen, den karakteristiske biletveggen som skil koret frå skipet i ortodokse kyrkjer, heng eit stort bilete av den oppstadne Kristus.

Etter kvart høyrer vi stemma til presten. Så opnar ein av dei tre portane i ikonostasen seg: Presten kjem inn i kyrkjeskipet med det svingande røykelseskaret og spreier røykelse – eit symbol for Guds nåde – over oss.

---

Den russisk-ortodokse kyrkja

  • Den største av dei ortodokse kyrkjene. Det er vanskeleg å seie eksakt medlemstal, men ein reknar at det er over nitti millionar.
  • Den russisk-ortodokse kyrkja blir leia av Moskva-patriarken. Sidan 2009 har Kirill, født Vladimir Mikhajlovitsj Gundjajev, hatt denne tittelen.
  • Kirill reknast som ein nær alliert av president Vladimir Putin.
  • Fram til 1917 var den ortodokse kyrkja statskyrkje i Russland.
  • Dei ortodokse i Ukraina er fordela på fleire kyrkjer. Fram til 1990 var alle underlagt Moskva-patriarkatet.
  • Då Sovjetunionen blei oppløyst, fekk den ukrainske ortodokse kyrkja stor grad av sjølvstyre, men hadde framleis band til Moskva.
  • I 2018 braut to kyrkjer band med Moskva-patriarken, og stifta ei ukranisk-ortodoks kyrkje som raskt blei annerkjend som autokefal (uavhengig) av Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel.
  • Dette førte til brot mellom den russisk-ortodokse kyrkja og dei ortodokse kyrkjene som tok nykommaren inn i varmen.
  • Det finst også ei ukrainsk-ortodoks kyrkje som høyrer inn under Moskva-patriarken.

Kjelde: Britannica og Vårt Land

---

Kristna i år 988

Nokre dagar tidlegare: STREK tek kontakt med ein av Noregs fremste ekspertar på den ortodokse kyrkja, forfattar og kulturhistorikar Caroline Serck-Hanssen. I fjor haust kom ho ut med boka Den ortodokse kirke. Historie – lære – trosliv på St. Olav forlag. Ho er ein aktuell person å snakke med for å forstå situasjonen i den russisk-ortodokse kyrkja betre. Når blei til dømes banda mellom den ortodokse kyrkja og den russiske nasjonsbygginga etablerte?

– Det byrja allereie med kristninga av det gamle Kyiv-riket (Rus), seier Serck-Hanssen.

– Mange identifiserer koplinga mellom stat og kyrkje til år 988, då kristendommen offisielt blei innført i Rus. Vladimir blei døypt og omvendt til ein from storfyrste frå å ha vore ein blodtørstig heidning.

Årstalet er interessant, for om vi spolar tusen år fram i tid, til 1988, under president Mikhail Gorbatsjov, kom det til eit nytt vendepunkt i dei russiske styresmaktene sin politikk overfor kyrkja. Då hadde russarane vore gjennom meir enn 70 år med statsstøtta ateisme. Ved tusenårsjubileet for kristninga av Rus fekk kyrkja tilbake noko av si gamle verdig- og viktigheit.

Eg følte at eg måtte få gjort noko av det gode i ein situasjonen der det vonde viser seg fram.

—  Ieva Berzina-Rosova

Vi kan kjenne att noko av interessa for nasjonens kristne røter i våre eigne forteljingar om Olav den heilage si kristning av Noreg. Denne skjedde på nokolunde same tida som i Kyiv-riket (slaget på Stiklestad stod som kjent frå skuleundervisinga i 1030).

– Forskjellen var at folket i Kyiv-riket ikkje blei omvende med sverd, seier Serck-Hanssen.

– Vi var meir barbariske i Noreg?

– Du kan seie det slik.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

Kyrkjelim mot ytre trugslar

Gjennom historia har kyrkja i Russland vore «limet» i samfunnet når landet er blitt invadert av andre folk, noko som gjennom historia har skjedd fleire gonger. Koplinga mellom kyrkje og stat blei også tydelegare etter at fyrstedømmet Moskva la under seg dei andre russiske fyrstedømma på 1300–1500-talet og det russiske imperiet voks fram.

– Faktisk var det så tette band at ein av tsarane på 1600-talet, Mikhail Romanov, var son til den russisk-ortodokse patriarken. Då kan du verkeleg snakke om familiebedrift, seier Serck-Hanssen.

Peter den store, ein kjent figur frå russisk historie og ofte omtalt som «det moderne Russlands far», sørgja på si side for å halde kontroll over kyrkja. Han la ned patriarkembetet og oppretta eit statleg kyrkjedepartement på starten av 1700-talet.

– Han la kyrkja under staten på ein svært tydeleg måte. Prestane fekk endåtil beskjed om å tyste og bryte skriftemålsløftet dersom dei høyrte om urostifting. Kyrkja blei ein lydig reiskap i statleg hand, ein situasjon som varte heilt fram til revolusjonen i 1917. Dei tette koplingane til det gamle regimet var noko av grunnen til at dei revolusjonære var så rasande på den russisk-ortodokse kyrkja.

Dei ateistiske revolusjonære sendte prestar, munkar og nonner i konsentrasjonsleirar og reiv kyrkjebygningar. Rundt 100.000 aktive kyrkjefolk blei drepne. Mot slutten av 1930-talet var kyrkja nesten knust som organisasjon, utsett for intens forfølging under Josef Stalins utreinskingsperiode.

– Under andre verdskrigen blei kyrkja derimot nyttig for staten i kampen mot tyskarane. Kyrkja fekk på nytt velje seg ein patriark, i 1943, og mange stengde kyrkjer blei opna, fortel Serck-Hanssen.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

Historie med mange toppar og botnar

At historia har gått i bølgjer, er det ingen tvil om. På byrjinga av 1960-talet blei mange av kyrkjene stengde igjen, under statsminister Nikita Khrusjtsjov, før den nye oppblomstringa som nemnt kom i 1988, ved tusenårsjubileet for kristninga. Ei oppblomstring som gjekk etter kvart vel langt, slik at parolar som «Gud er på Russlands side» blei heilt gjengse. «Gud med oss.»

Ikkje minst har Russlands mektige mann sidan tusenårsskiftet, Vladimir Putin, gripe fatt i det nasjonsbyggande aspektet ved kyrkja og utvikla det vidare. Eit grelt uttrykk for dette er militærkatedralen i Patriotparken litt utanfor Moskva, «Katedralen for dei væpna styrkar». Her inne heng Kristus-ikona side om side med heltar frå den russiske militærhistoria og mosaikkar med krigstematikk.

Situasjonen stiller folk som er kritisk tenkande og sjølvstendige på store utfordringar

—  Caroline Serck-Hanssen

«Det er harmoni mellom de væpna styrkene si makt og kyrkja si åndelege makt», sa patriark Kirill, ifølgje NRK, under innviinga av katedralen for to år sidan. At patriarken skulle ende med å støtte russisk våpenbruk i Ukraina, kom med andre ord ikkje heilt ut av det blå. Under krigen i Ukraina har Kirill bede for dei sivile – at uskuldige ikkje må bli drepne – men han har både før og no velsigna våpena som drep.

– Situasjonen stiller folk som er kritisk tenkande og sjølvstendige på store utfordringar. Mange har fått seg ein kalddusj, særleg dei som ikkje trudde at det skulle bli så ille, seier Serck-Hanssen.

Har rusta Russland til krig

Sjølv frykta ho allereie i 2014, etter Russlands annektering av Krim, at Putin kom til å invadere resten av Ukraina. Og to år seinare heldt patriark Kirill ein tale ved marinebasen Severomorsk nord for Murmansk, der han sa at Sovjetunionens oppløysing var ein stor katastrofe.

– Han sa: «Vi skal aldri tillate at det skjer igjen.» Det blei klart for meg at også patriarken var med på å ruste landet til ein krig.

– Kan det på andre sida tenkast at patriarken har kjent og kjenner seg pressa av Putin?

– Det er vanskeleg å vite, for det verkar som om dei har gjensidig nytte og glede av kvarandre. Eg trur faktisk at Kirill står for dette. Han er ein kyrkjefyrste, Putin ein statsleiar. Dei stør opp om kvarandre. Eg trur ikkje Kirill er skremt av Putin, seier Serck-Hanssen.

Det same meiner Vebjørn Horsfjord, professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet. Samtidig risikerer Kirill også mykje ved å støtte Putin som han gjer.

– Patriark Kirill har lagt heile si framtid, og heile den russisk-ortodokse kyrkja si framtid, i Putins hender, seier Horsfjord.

Vebjørn Leonard Laamanen Horsfjord

Han er blant dei som har følgt med på den russiske patriarken sine talar dei seinaste åra, eit emne han no forskar på. Mange peikar på 2012 som året då forholdet mellom Putin og Kirill blei tettare. Medvedev hadde då vore president i fire år, mens Putin var statsminister. Patriarken oppmoda folk til å stemme på Putin i presidentvalet.

– Kirills opne støtte til Putin var noko av det Pussy Riot kritiserte i den berømte stuntaksjonen i Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva, fortel religionsprofessoren.

Allereie året etter fekk kyrkja «gjennomslag» i form av homopropagandaforbodet som blei tatt inn i det russiske lovverket, samt ei rekke andre innstrammingar som den russisk-ortodokse kyrkja såg svært positivt på. Ikkje minst kom det i 2020 inn eit forbod i grunnlova mot likekjønna ekteskap, samtidig med at ordet Gud kom inn i grunnlova, som ei understreking av kor viktig den kristne trua er for den russiske identiteten.

– Alle desse lovendringane var kyrkjelege sigrar som kvitterte relasjonen til Putin, seier Horsfjord.

Patriarken talar om splittande krefter

Pride-paradar var noko av det patriark Kirill valde å trekke fram i søndagstalen sin 1,5 veke etter Russlands invasjon i Ukraina, som grunngiving for det nødvendige i at Russland gjekk inn i Donbas-regionen. Ved å trekke fram kampen mot homofili, stilte patriarken seg på linje med den store majoriteten av russarar – over 80 prosent – som er sosialkonservative. I store delar av den vestlege verda var reaksjonen ein heilt annan: Korleis kunne patriark Kirill hevde at krigen – eit ord han sjølvsagt ikkje brukar – handla om dette?

Det som likevel har vore hovudpoenget til patriark Kirill, er ikkje prideparadane, men kyrkjesplittinga i Ukraina og den økumeniske patriarken i Konstantinopel si involvering i landet.

– Det er dette som går att i patriark Kirills preiker, at krefter utanfrå kjem inn og splittar det som høyrer saman. Han meiner at Gud har ønskt seg éi kyrkje på det heilage Rus, området som inkluderer Russland, Ukraina og Belarus, seier Horsfjord.

No var det ikkje éi ortodoks kyrkje i Ukraina før krigen heller, men tre. Men då den økumeniske patriark Bartolomeus i Konstantinopel godkjente den uavhengige ukrainske ortodokse kyrkja som ei sjølvstendig (autokefal) kyrkje, gjorde han henne til ein fullverdig konkurrent til – litt forvirrande – den ukrainske ortodokse kyrkja som låg under Kirill. Patriark Kirill svarte med å bryte med patriark Bartolomeus. Eit nytt skisma i den ortodokse kyrkja var skapt.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

I etterkant av den russiske invasjonen har posisjonane endra seg fleire stader. I den Moskva-orienterte kyrkja i Ukraina omtalte kyrkjeleiaren allereie på den første krigsdagen invasjonen som Kains drap på Abel. Kyrkja har no distansert seg frå Moskva-patriarkatet. Også den russisk-ortodokse kyrkjelyden i Nederland som markerte brot med Kirill og søkte vern hos Bartolomeus i staden, har fått mykje merksemd.

– Det er ein maktkamp her, Caroline Serck-Hanssen, mellom patriarkane Kirill og Bartolomeus?

– Sjølvsagt er det ein maktkamp. Og det er kjøtvekta som avgjer. Den russisk-ortodokse kyrkja er desidert den største av dei ortodokse kyrkjene – Kirill har 100 millionar mot Bartolomeus sine fem millionar medlemmar. Då Kirill braut med patriarken av Konstantinopel, som er rekna for vere den fremste blant likemenn, var det eit kraftig signal.

– Kirill ønsker sjølv å vere den fremste; primus inter pares?

– Eg vil anta at han drøymer om leiartrøya. Men rangordninga i den ortodokse verda blei vedtatt på dei første økumeniske konsila. Å endre denne krev at ein kallar saman til eit nytt økumenisk konsil der alle kyrkjene er med. Og det er vanskeleg å få til, seier Serck-Hanssen.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

Den ortodokse verda er delt i to

Patriark Bartolomeus tok initiativ til det som ville blitt det åttande økumeniske konsil på Kreta i 2016, men Kirill og ein del andre kyrkjeleiarar dukka ikkje opp. Kanskje var Bartolomeus framleis skuffa over Kirills manglande oppmøte på konsilet som likevel ikkje blei eit konsil, då han godkjente den ukrainske kyrkja som ei sjølvstendig kyrkje i 2019.

Den gresk-ortodokse kyrkja, den ortodokse kyrkja på Kypros og den ortodokse kyrkja i Alexandria slutta seg til vedtaket. Det blei eit tydelegare skilje – ei blokkdanning – mellom kyrkjene som støtta Moskva og kyrkjene som støtta Konstantinopel i Ukraina-konflikten. Moskva-patriarkatet, på si side, oppretta nye diaspora-bispedømme – såkalla «eksarkat» – i Afrika, noko som kan tolkast som eit mottiltak mot kyrkjene som støtta Konstantinopel.

– Det går no ei splitting gjennom heile den ortodokse verda, der ortodokse kyrkjeleiarar blir tvungne til å velje side: Moskva eller Konstantinopel, seier Horsfjord.

Polariseringa var allereie sterk før krigen og kjem truleg til å bli endå sterkare i tida som kjem. Det same meiner Serck-Hanssen.

– Eg trur at den russisk-ortodokse kyrkja kjem til å bli meir og meir isolert. Og dei kjem til å gi blaffen i å vere ein integrert del av det store kristne fellesskapet, seier ho.

– Risikerer patriark Kirill å miste åndeleg legitimitet blant dei russisk-ortodokst truande?

– Ja, det tenker eg. Men ikkje i Russland. Alle har ikkje same syn, men dei kritiske stemmene er få fordi det er så stor risiko forbunde med det. Sjølv oppropet som ein del prestar kom med mot krigen, var nokså vagt formulert. Eg vil tru at dei fleste kyrkjemedlemmar i Russland støttar opp om synet til patriarken. Men i det økumeniske landskapet internasjonalt, derimot, og delar av den ortodokse verda, er Kirills legitimitet på botnnivå. Patriarken har måla seg inn i eit hjørne.

Det går no ei splitting gjennom heile den ortodokse verda

—  Vebjørn Horsfjord

Brot på kristne verdiar

Mange kristne utanfor Russland ser invasjonen som eit grunnleggande brot på kristen etikk. Ei rekke ukrainske prestar, med tidlegare band til Moskva-patriarkatet, har endåtil tatt til orde for at patriark Kirill må stemnast for ein kyrkjeleg domstol.

– Men det blir berre hypotetisk; Kirill ville aldri anerkjent ein slik domstol, poengterer Caroline Serck-Hanssen.

Kor skuldig er Kirill i Ukraina-konflikten? Vebjørn Horsfjord presiserer at den russiske patriarken rett nok ikkje stiller seg opp og seier at det er ein god ting å drepe og bombe i Ukraina. Det heng også saman med at krigen «ikkje finst».

– Kirill snakkar ikkje om bomber og soldatar, men om dei som forsvarer fedrelandet. Det er veldig lite konkret krig, så han legitimerer såleis ikkje krigen eksplisitt. Likevel er det ingen tvil om at han støttar han og serverer ideologi som legitimerer han, seier Horsfjord.

Religionsvitaren har sjølv møtt Kirill fleire gonger, i tida før den russiske kyrkjeleiaren blei patriark. Den gongen var han kyrkja sin «utanriksminister». Horsfjord meiner at Kirill har hatt eit sterkt ønske om å re-evangelisere Russland, og at han har vore ein strateg som har bygd kyrkja. Veksten i den russiske-ortodokse kyrkja frå 1990 og fram til nyleg kan ifølgje Horsfjord vurderast som «ei av dei fremste kyrkjelege suksesshistoriene det seinaste hundreåret».

Det er viktig at vi i stormen tar vare på vårt menneskelege ansikt

—  Valentina, frivillig

Har den russisk-ortodokse patriarken no derimot stilt seg i ein posisjon der han skaper vanskar for kyrkja og undergrev si eiga rolle som åndeleg overhovud? For litt sidan avlyste til dømes pave Frans eit møte med Kirill, noko som kan tolkast som ein tydeleg kritikk av den russisk-ortodokse patriarken. Kritikken føyer seg inn i biletet av ein kyrkjeleiar som har mista kredibilitet og vørdnad som følgje av støtta til krigen. Men igjen; ikkje internt i den russisk-ortodokse kyrkja.

– Kyrkje og folk er så tett bunde saman i Russland at haldningane til kyrkja vil vere lik haldningane i det russiske folket. Vender folket seg mot Putin, vil det bli ei retningsendring i kyrkja. Eg veit ikkje meir om dette enn andre, men folket ser ut til å stå bak Putin, seier Horsfjord.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

– Dårleg vitnesbyrd om Kristus

Så fort vi går andre stader enn til Russland, er biletet det stikk motsette: Kirill taper både vørdnad og truleg kjøtvekt internasjonalt, meiner Horsfjord. Når vi tar kontakt med filosofen og ikon-eksperten Torstein Tollefsen, er også han tydeleg på at patriark Kirill har tapt åndeleg autoritet.

– Han har diskreditert seg så til dei grader blant andre kristne og ortodokse. Ei forsoning kan ta veldig lang tid, seier Tollefsen.

Filosofen trur likevel at mykje av den russisk-ortodokse kyrkja kan reddast om det kjem til eit oppgjer i kyrkjeleiinga.

– Eit av kjernepunkta er eit oppgjer med «Russki mir»-ideologien (sjå også intervjuet med Cyril Hovorun lenger bak i STREK, red.anm.). Denne har søkelyset på folk og fedreland framfor kristne verdiar, og på det russiske som noko privilegert i det religiøse landskapet.

Torstein Tollefsen

– Du har sjølv karakterisert kyrkjekunsten i militærkatedralen utanfor Moskva som vranglære?

– Ja, eg meiner det. Han er eit brot med det ortodoks ikonografi skal vere. Ikonkunsten skal uttrykke og gjere nærverande dei evangeliske sanningane. Her heilaggjer ein i staden dei russiske offera som er gjort under krigar opp igjennom historia, seier Tollefsen.

– Korleis blir du som ortodoks kristen påverka av Russlands angrepskrig i Ukraina?

– Ein av dei viktigaste tinga er at situasjonen er eit dårleg vitnesbyrd om Kristus. Folk flest vil ikkje vere så nyanserte i sine vurderingar av ting, så det skaper eit dårleg inntrykk av ortodoks kristendom. Barnet blir kasta ut med badevatnet, som det heiter.

– Den ortodokse kyrkja får eit dårlegare image?

– Ja. Vi risikerer at det gode i ortodoksien ikkje blir høyrt fordi det er andre ting som tek merksemda, seier Tollefsen, som høyrer til Heilage Nikolai kyrkjelyd, den eldste ortodokse kyrkjelyden i Noreg.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

– Det kjem ei tid

Tilbake i Heilage Olga er det tre prestar i sving bak og framfor Kristus-ikona i ikonostasen. Her er den militære symbolikken fråverande, som i ortodokse kyrkjer flest. Hovudpresten, fader Kliment, er opphavleg frå Finland og har vore prest i Heilage Olga i mange år.

– Det kjem ei tid, les Kliment frå dagens bibeltekst, – då kvar den som slår dykk i hel, trur han gjer Gud ei teneste.

Bibelsitatet gir assosiasjonar til situasjonen i Ukraina dei seinaste månadene. Forsvarte Kirill krigen i Ukraina for å samle og styrke si eiga kyrkje? Trudde han at han gjorde Gud ei teneste? «Bror, eg forstår ikkje noko av dette. Vi må bruke Jesu språk, ikkje politikkens språk», som pave Frans skal ha sagt i direkte samtale med den russiske patriarken.

Den heilage liturgien i kyrkja på Vår Frelsers gravlund går sin gang. Frå galleriet syng Ieva Berzina-Rosova og dei andre kyrkjesongarane med sterke og berande røyster. Prestane utfører dei føreskrivne kyrkjelege handlingane nede i kyrkjerommet. Rundt to timar varer det i dag, på minnedagen for Sankt Georg – helgenen som ifølgje legenda skal ha nedkjempa ein drake.

Det politiske bakteppet er vanskeleg, men vi må uansett møte kvarandre

—  Fader Kliment

Unngår å snakke om politikk

Fleire ukrainske flyktningar har komme på gudstenester i kyrkja, fortel Kliment. Då krigen i Ukraina braut ut, var det røyster som meinte at ukrainarar ikkje kom til å oppsøke russiske kyrkjer i det heile. Kliment meiner likevel at mange skil krigen og politikken frå kyrkjelydslivet lokalt, og søker saman på tvers av nasjonalitet.

– Det viktigaste for oss er å sjå enkeltmennesket. Det politiske bakteppet er vanskeleg, men vi må uansett møte kvarandre, seier presten.

– Er krigen noko de unngår å snakke om i kyrkjelyden?

– Ja, vi vel nok å ikkje snakke så mykje politikk. Men det er ikkje vanskeleg å seie at krig er fælsleg og noko vi må ta avstand frå. Krig er ei synd i seg sjølv.

– Er du skuffa over at patriark Kirill har støtta krigen?

– Ja, det er vanskeleg å forstå frå vår ståstad. Det er vanskeleg å forstå kvifor patriarken har vald den linja han har gjort. Heldigvis har vi stor fridom til å organisere vårt eige liv. Det er ingen som tvingar oss til å tenke og meine det same som Kirill. Vi har heller ikkje fått nokre føringar frå patriarkatet, seier fader Kliment.

Heilage Olga kyrkjelyd ligg direkte innunder Moskva-patriarkatet. Patriark Kirill er såleis fader Kliments øvste leiar.

– Står du fritt til å tale imot patriarkens syn?

– Eg synest eg står fritt til ikkje å dele synet hans. Det er usannsynleg at eg skulle miste presteretten og bli suspendert fordi eg har andre meiningar enn han.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

Hadde Kirill som førebilete

Soknepresten meiner at Kirills tankar kring krigen i Ukraina er «lite tiltalande», ja, beint fram «skremmande». Patriarken si støtte til Russlands krigføring står for fader Kliment i sterk motsetnad til den Kirill han møtte som ung teologistudent i Helsinki på slutten av 1980-talet.

– Eg fungerte den gongen som altartenar i ein liten russisk emigrantkyrkjelyd og traff Kirill ein del gonger – både under bispevisitas, høgtidlege pontifikale gudstenester og meir privat, utanfor det offisielle programmet. Det var nesten umogleg ikkje å bli fascinert av denne biskopen som kom frå det framleis litt mystiske Sovjet, var leiar for utlandsavdelinga til patriarkatet, hadde reist verda rundt, og var kjent som ein open og progressiv prest.

– Han hadde også ein utruleg personleg karisma, var smart, heldt spennande preiker og utfordra lyttarane sine intellektuelt, fortel fader Kliment.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

Kirill var med andre ord eit førebilete for Kliment og ei rekke andre prestestudentar – ein postsovjetisk, framtidsretta og dynamisk prest, ein slags superbiskop som kunne leie den russisk-ortodokse kyrkja inn i framtida med ei hittil usett kraft.

­– Mange trudde at Kirill som patriark ville modernisere den russiske ortodoksien og gi han ein ny pust. Kyrkja har både vokse og utvikla seg enormt under leiinga hans, men det blei inga utvikling i liberal og open retning.

Skuffelsen som mange av støttespelarane hans har kjent på i takt med den manglande utviklinga i progressiv retning, er likevel noko anna enn skuffelsen mange kjenner på over utviklinga den seinaste tida. Kliment sjølv forstår ikkje kva som har skjedd, kva som har «endra» Kirill. Mannen han kjente, var ikkje slik.

­– Eg har hatt mange samtaler med Kirill, reist med han rundt i Norge, feira gudstenester på Svalbard, tatt Hurtigruten opp og ned, bada i Vesterålen og i Finnmark. Det var alltid lett å beundre nysgjerrigheita hans, lysta til å lære noko nytt, og evnen til å se ting i perspektiv, fortel Kliment.

Det er ikkje berre hyggeleg å oppleve at folk ønsker å stenge russisk-ortodokse kristne ute

—  Fader Kliment

Trur framleis på kyrkja

No er situasjonen ein annan. Kliment kan ikkje forsvare patriarken sine meiningar om krigen, sjølv om han også nemner at Kirill av somme har fått kritikk for ikkje å støtte Putin endå tydelegare. Soknepresten har framleis ein lokal kyrkjelyd å ta seg av. Han må framleis forkynne evangeliet. Han kjem ikkje til å forlate den russisk-ortodokse kyrkja på grunn av krisa ho er hamna i. Alternativa kjennest ikkje gode. Han ser ikkje poenget med å bryte opp.

– Eg har framleis tru på kyrkja og tenker at ein kan hente mykje godt i den ortodokse tradisjonen, slik biene hentar den beste nektaren frå blomstrane – næring som gagnar vår vekst og vår frelse. Sidan Skaparen sjølv har utrusta oss med hovud, kan vi med fordel bruke det, og avstå frå det som ikkje er oppbyggeleg, seier Kliment.

– Kva vil skje med den russisk-ortodokse kyrkja framover, trur du?

– Vi har sett turbulens i den russisk-ortodokse kyrkja sine historiske vegar før, og ein kan vel ikkje sjå bort frå at det blir fleire av desse. Kanskje blir kyrkja tvinga ned på knea. Det kan vere nyttig å lære seg å bli audmjuke. Det vi veit, er at åra går og at historiske omstende endrar seg. Patriarkane kjem og går. Ingen av dei er der for alltid. Nye kyrkjestrukturar kan oppstå. Men sjølve kyrkja blir ståande – det er i alle fall mi eiga overtyding. – Er det ei sorg for deg at situasjonen er slik han er no?

– Ja, det er sørgefullt. Det er ei smerte i det, som i ei forelsking der det i etterkant kjem fram at personen er ein forbrytar.

Fader Kliment får tårer i auga. Han er tydeleg prega.

– Er det smerta du kjenner på?

– Ja.

– Er det blitt vanskelegare å vere russisk-ortodoks kristen i Noreg?

– Ja, det er blitt vanskelegare. Vi er ikkje dei mest populære, akkurat. Det er ikkje berre hyggeleg å oppleve at folk ønsker å stenge russisk-ortodokse kristne ute.

– De risikerer å bli meir «utanfor»?

– Ja.

Heilag slagmark, Ukraina, russisk-ortodoks

Ber om at dei ansvarlege må ta til fornuft

Vi rundar av samtalen mens kyrkjekaffien i Heilage Olga er på hell. Folk har begynt å gå, somme av dei helsar hjarteleg før dei forlét bordet. Ei av dei som framleis er att, og som stadig ordnar og fiksar ting, heiter Valentina og er frivillig i kyrkjelyden.

– For oss ortodokse er fellesskapet veldig viktig. Det er det vi prøver å få til også her i kyrkja, sjølv om kan vere ulike meiningar om ting. Det er Kristus som sameinar oss. Då tar vi del i Kristus, og også i kvarandre, og blir til eitt. Vi ønsker å halde på einskapen og fellesskapet vi har, seier ho.

– Korleis har du hatt det sidan krigsutbrotet?

– Det har vore forferdeleg og ufatteleg trist. Vi berre håper og ber til Gud om at dei ansvarlege må komme til fornuft. No står vi i stormen, og må vente til han er over, seier Valentina.

– Men det er viktig at vi i stormen tar vare på vårt menneskelege ansikt.