Religion

Bispemøtet med ny uttaling: – Skal feire med marsipankake

DEN NORSKE KYRKJA: Bispemøtet går inn for å «vigsle» prestar til teneste, ikkje ordinere. – Dette betyr mykje for mi glede av å vera diakon. Det signaliserar eit likskapsprinsipp, seier Eilev Erikstein.

– Dette er ein gledeleg dag, seier ein tydeleg oppglødd Eilev Erikstein då Vårt Land ringjer.

Bispemøtet, som er samansett av alle biskopane i Den norske kyrkja (DNK), går no inn for å ikkje lenger kalle det ordinasjon av prestar, medan kateketar, diakonar og kantorar blir vigsla til teneste. Biskopane ynskjer no å bruke ordet vigsling om alle yrkesgruppene.

Desse orda har eg vore oppteken av dei siste tjue åra fordi det har gitt oss ei kjensle av at nokon er betre enn andre når me er rundt i kyrkjelydar

—  Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark

Erikstein er prostidiakon i Vest-Telemark, og i november i fjor skreiv han i eit debattinnlegg i Vårt Land, at ein ut frå den ulike språkbruken kan få inntrykk av at «det eine er finare enn det andre. Eg tenkjer diverre at det ligg eit maktspråk i botn her, og det er ikkje bra når folk skal arbeide saman».

Vårt Land spør preses i DNK, Olav Fykse Tveit, om han er einig i at bruken av ordinasjon for prestar og vigsling av andre yrkesgrupper er eit maktspråk som signaliserer at nokon er viktigare enn andre.

– Bispemøtet har lenge slått fast at det ikkje er nokon prinsipiell skilnad på ordinasjon og vigsling – men anerkjenner at det kan bli oppfatta slik. Difor går vi no inn for å nytte omgrepet «vigsling» til dei kyrkjelege tenestene, kateket, kantor, diakon og prest, skriv Fykse Tveit i ein e-post.

Legg ikkje vekt på tradisjon

Sist gong Bispemøtet uttala seg om bruken av omgrepa vigsling og ordinasjon til teneste i kyrkja var i 2010.

Då slo dei fast at det ikkje er ein teologisk forskjell mellom vigsling og ordinasjon, men at «omgrepet ordinasjon tradisjonelt har vore bruka om prestetenesta, og Bispemøtet ser ikkje behov for å endre dette».

Bispemøtet har lenge slått fast at det ikkje er nokon prinsipiell skilnad på ordinasjon og vigsling – men anerkjenner at det kan bli oppfatta slik

—  Preses Olav Fykse Tveit
Olavstipend 2023. Olav Fykse Tveit.

Men det gjer dei tilsynelatande no. Under Bispemøtet 13.-16. februar slo dei på nytt fast at det ikkje er noko prinsipiell forskjell mellom omgrepa: «Bispemøtet vil difor bruke omgrepet vigsling til prest, diakon, kateket og kantor», held vedtaket fram.

Dei uttalar seg om saka i forbindelse med at Nemnd for gudstenesteliv skal jobbe med vigslingsliturgiane. Saka skal gjennom ein lang prosess, før ny liturgi til slutt skal handsamast av det øvste, demokratisk valde organet i kyrkja: Kyrkjemøtet. Men det blir ikkje på årets møte.

Fykse Tveit skriv til Vårt Land at grunnen til at Bispemøtet i 2010 og i 2023 kjem til ulike konklusjonar i saka er fordi Bispemøtet i år ikkje legg like stor vekt på tradisjonsaspektet og at Bispemøtet «heller ser heller verdien av at det vert nytta same omgrep for dei fire kyrkjelege tenestene som det vert vigsla til».

– Betyr mykje

For Erikstein betyr utsegna frå Bispemøtet mykje:

– Desse orda har eg vore oppteken av dei siste tjue åra fordi det har gitt oss ei kjensle av at nokon er betre enn andre når me er rundt i kyrkjelydar, skildrar Erikstein og held fram:

– Dette betyr mykje for mi glede av å vera diakon av yrke. Det signaliserer eit likskapsprinsipp. Me jobbar saman i Guds rike. Me står i den same tenesta, men med ulike fag.

Seinare i dag skal han vera med ukrainske flyktningar for å markere eittårsdagen for Russlands invasjon av Ukraina.

– Men etter det skal eg feire med eit godt stykke marsipankake, fortel prostidiakonen.

Presteforeningen: – Positivt at ein endrar språkbruk

Leiar i Presteforeningen, Martin Enstad, påpeikar at overskrifta på vigselsliturgien per i dag er «Vigsling til presteteneste». Han meiner ikkje ei eventuell endring i liturgien vil bli særleg stor eller dramatisk.

– Endring vil i tilfelle berre vera å bringe ordbruken i tråd med det som alt er overskrifta, seier Enstad.

Kirkemøtet 2022. Denne uken diskuterer Kirkemøtet hvem som skal sitte med arbeidsgiveransvaret i Den norske kirke.

– Har du inntrykk av at det ligg ein tanke om at visse oppgåver er viktigare enn andre i den ulike ordbruken for dei ulike yrkesgruppene?

– Nei, ikkje som i at det ligg ei rangering i det, men ein blir vigsla til ulike tenester, der det høyrer med ulike rettar og oppgåver.

Likevel er ikkje Enstad negativ til endringa.

– I den grad ordbruk kan gjera at nokon kjenner seg sett ned på eller som mindreverdige så er det positivt at ein endrar språkbruk, meiner fagforeiningsleiaren.

Generalsekretær i Bispemøtet, Elise Sandnes, fortel at bakgrunnen for at Bispemøtet no har handsama spørsmålet på nytt er at Bispemøtet i oktober i fjor hadde samtaler med Diakonforbundet, Kirkelig Undervisningsforbund KUFO og kunstnarorganisasjonen Creo, der bruken av omgrepa vigsling og ordinering blei peika på.

For ordens skuld: Kommentator i Vårt Land, Åste Dokka, sit i Nemnd for gudstenesteliv.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion