Då Ketil Jensen høyrde sirener utanfor tenkte han «no er det meg dei skal hente»

MI TRU: Forlagssjefen opplevde livet utan Gud som eit svart tomrom. – Dit vil eg ikkje tilbake.

Det var langt frå sjølvsagt at det var her i Sinsenveien 25 i Oslo Ketil Jensen skulle ende opp. På eit kontor med bugnande bokhyller med kristen litteratur, inne i det store, ærverdige murhuset som mellom anna rommar hovudadministrasjonen til Misjonssambandet.

Hoppar du langt nok tilbake verka det usannsynleg fordi Jensen slett ikkje vaks opp i eit kristent miljø eller med ei barnetru.

Går ein seks år tilbake i tid verka det usannsynleg fordi Gud ikkje fanst i det endelause mørket han var midt i.

Og for fire år sidan fordi han trudde han hadde brent alle bruer til Misjonssambandet, med å gå mot kvinnesynet i organisasjonen i dagspressa.

Men her sit han altså. Sjefen for Lunde forlag. I blanke dressko og med ljoseblå skjorte.

Majoritetseigaren av forlaget er Misjonssambandet.

Ville ikkje vera konfirmant

I eit halvt år har han jobba i forlagsbransjen. Før det har heile livet vore via til skuleverket. Ein livslang kjærleik som starta i tenåra.

Ganske tilfeldig fann Grimstad-guten ut at det var handelslinje på Drottningborg vidaregåande skule. Dette vog opp for at det var ein kristen skule. Dessutan skulle fleire av kompisane heimanfrå også byrje der.

Ketil Jensen, Lunde forlag.

Og trass i populære fordommar mot tjukkaste bibelbeltet gjekk det heilt fint å vekse opp i Grimstad utan å ha kontakt med noko kristent miljø, fortel Jensen.

Han blei døypt som liten, men etter eit par konfirmasjonssamlingar takka han for seg. Han ville ikkje ha noko meir med kyrkja å gjera. Men ein bibel hadde han rukke å få med seg. Den fann han fram att då han byrja på Drottningborg.

Å sjå at personar på hans eigen alder, og ikkje minst vaksne mannfolk han såg opp til, ikkje var redde for å snakke om tru gjorde sterkt inntrykk.

---

Ketil Jensen

  • 54 år
  • Født og oppvaksen i Grimstad
  • Gift og har tre vaksne døtrer
  • Forlagssjef i Lunde Forlag AS, som består av forlaga Lunde, Luther, Veritas, Sambåndet og Norsk Bibel

---

Ei radikal omvending

Han skildrar seg sjølv som 15-åring:

– Det var armar og bein, høgt og lågt. Kanskje som ungdommar flest? Men litt etter litt blei eg mindre skråsikker i min ateisme.

Samtaler med romkameraten på internatet, undervisning på skulen og vitnesbyrd frå lærarar og kameratar gjorde noko med den unge guten. Ei tru var i ferd med å vekse fram.

Éin kveld på internatet fann han fram att konfirmasjonsbibelen og las i Filipparbrevet. Han las om korleis Jesus tok skikkelsen til ein tenar og døyde på krossen.

– Eg kjente at dette var noko eg trudde på og ville ha del i.

Jensen kallar det ei radikal omvending. Fleire ting måtte endrast i livsførselen, men det kjendest naturleg. Nesten over natta blei mellom anna det stygge språket luka vekk.

Foreldra hadde ikkje noko direkte i mot at han blei ein kristen.

– Men dei tenkte sikkert: «Dette er nok eit ungdomsopprør som går over».

Jensen sit tilbakelent i kontorstolen med ryggen til vindauget. Han snakkar roleg og i det som verkar som gjennomtenkte vendingar. Dialekta er framleis tydeleg sørlandsk.

– Forferdeleg lei av å høyre mi eiga stemme

For ikkje lenge sidan meldte Jensen seg opp til praktikum ved MF for å ta den siste biten han manglar for å kunne jobbe som prest. Noko han for så vidt ikkje har nokon umiddelbare planar om å gjera.

– Men det er artig å vera i utvikling og lære noko nytt, seier han med glød i stemma.

Ketil Jensen, Lunde forlag.

Det har vore viktig gjennom livet til Jensen. Etter eit kvart århundre i kristen-bobla, mellom anna som rektor på Misjonssambandsskulane Drottningborg («dream come true»), Tryggheim og Fjellhaug Internasjonale Høgskole, fann han ut at tida var inne for å stikke hol på den. Heile tida har han forkynt mykje rundt om.

– Eg var forferdeleg lei av å høyre mi eiga stemme. Eg var lei av dei same orda, dei same omgrepa. Det ville vore godt med litt «frisk luft».

Han søkte på rektorstillinga ved Vågsbygd vidaregåande, ein offentleg skule i Kristiansand.

– Eg tenkte at dei ikkje ville ha friskulemann og ein sambanditt som meg. Men det ville dei.

Eit naudsynt steg ut av «bobla»

For Jensen var spranget ut av bobla heilt naudsynt. Og lærerikt. Han meiner det er nyttig for alle som har arbeidet sitt knytt til trua si å ha slike periodar.

– Ein har godt av å kjenne på andre opplevingar og menneskemøte, meiner Jensen.

Han kjem plutseleg på at han ikkje har bydd på kaffi endå. Ber om orsaking og ser smått fortvila ut, medan han ramsar opp utvalet av varm og kald drikke som finst.

For sin eigen del landar han på å heller drikke siste slurk av ein boks med Pepsi Max som står på skrivebordet.

---

Fire raske

  • Gud er: Den miskunnsame faren
  • Eg klarar meg ikkje utan: Pepsi Max
  • På gravsteinen min skal det stå: Jeg vet min gjenløser lever
  • Boka alle må lesa: Utanom Bibelen: Gud hvorfor sover du? av Leif Andersen

---

Ei stigande uro

Jensen trur at folk som har høyrt han forkynne for ein del år tilbake og no vil merke ein forskjell. Han brukar litt andre ord. Men det er ein annan forskjell også, som stammar frå ei endå djupare, og meir dyrekjøpt erkjenning.

– Eg trur eg forkynner meir levande. Meir personleg. Litt meir ekte enn før.

Han stoppar opp ein augneblink.

– Før var det kanskje litt meir dogmatisk?

No er han meir oppteken av at det også skal vera nøye gjennomtenkt og førebudd.

Ketil Jensen, Lunde forlag.

Tankane om dei kjente, kjære kristne orda som etter kvart verka meir som klisjear og flosklar for Jensen hadde ligge der lenge. Men eitt år inn i jobben på Vågsbygd skole hopar ting seg opp. Fleire krevjande sakar, mellom anna sjukdom i familien, gjorde at Jensen ikkje fekk noko ferie å snakke om den sommaren.

Han kjenner ei stigande uro. Seinare fekk han ord for å skildre det som skjedde: auka nivå av stress og angst.

Eg var heilt hjelpelaus. Eg sat berre og grein.

—  Kjetil Jensen

Slutta å eta og sova

Han slutta å eta og låg vaken om nettene. Han vrei seg, medan tankane spann ut av kontroll, og blei stadig meir prega av katastrofar.

«Eg har øydelagt alt. Eg har gjort alt feil. Eg er mislukka på jobb.»

Jensen prøva å stikke hol på tankane som han inst inne visste var irrasjonelle, men makta det ikkje.

Det heile fletta seg saman med ei gryande truskrise.

Etter oppmoding frå kollegaar reiste han til legen. Han kom heim med konklusjonen «depresjon og angst» og to veker sjukmelding.

Jensen synest det høyrest lenge ut og sa til kollegaane at han sikkert er klar litt før. Men han blir ikkje betre. Veker blir til månadar og eit mørke dreg han lenger og lenger ned, til det omsluttar han.

Legen skriv ut piller. Men også dei fysiske smertene blir sterkare. Det klør og verker.

Jensen tek seg til brystet før han slår armane om seg sjølv og knugar skuldrene som for å vise.

– Eg var heilt hjelpelaus. Eg sat berre og grein.

Trudde politiet skulle hente han

Han blir folkesky, taklar ikkje dei enklaste kvardagsoppgåver. Han er redd for alt og alle.

– Eg høyrde sirener på utsida og tenkte: no er det meg dei skal hente.

Kva han hadde gjort som kvalifiserte til å bli henta av lovens lange arm, visste han ikkje. Men noko var det sikkert.

Ein dag ber kona han om å køyre dottera på handballtrening. Ho må forklare vegen. Jensen hugsar at han undervegs tenkte: «stoppe på raudt, køyre på grønt».

Medan han står på ein parkeringsplass ringjer sjefen hans, utdanningsdirektøren i Agder. Jensen let han ikkje sleppe til, men tek ordet sjølv: «Eg legg meg flat. Eg har dumma meg ut. De har funne ut at dette var ei feiltilsetjing og eg reknar med at de har snakka saman og er einige om at eg skal slutte. Eg har lova legen min å ikkje seie opp eller ta store avgjersler akkurat no, men eg skal ikkje gjera dette vanskeleg for deg».

– Og så seier han ...

Jensen kjempar med tårene, før han held fram:

– Ketil, det einaste me tenkjer på, det er at du skal koma tilbake i jobben når du er klar for det.

Det var det han ringde for å seie. Ikkje for å kjefte. Ikkje for å gje han sparken. Men for å vise støtte og omsorg.

Dette blir noko å halde seg fast i for Jensen. Noko han kan hente fram når katastrofetankane trengjer seg på.

Gud forsvann

Etter kvart får Jensen god hjelp av prest og rettleiar Arne Børresen. Saman nøstar dei i noko av det vonde. Også det åndelege.

– Det kjentest berre mørkt. Og Gud var heilt vekke.

Ketil Jensen, Lunde forlag.

Fleire bøker var også til stor hjelp. Forfattarar som Leif Andersen, Erling Rimehaug og Henri J. M. Nouwen blei viktige. Sistnemnde har skrive ei bok om den bortkomne sonen der Rembrandt sitt kjente måleri av likninga står sentralt.

Jensen rullar kontorstolen langs bokhyllene og dreg ut boka med måleriet på framsida. Det ser kjent ut.

I hjørnet av kontoret heng ei stor plakat av same måleri, over ein liten lenestol.

– Kompisar av meg har harselert med bedehuset, fordi dei veit kva dei får om dei går der: likninga om den bortkomne son. Eg bestemte meg då for at den skal eg aldri bruke når eg talar. Og det heldt eg i tredve år. Til eg fekk bruk for den sjølv.

Sjølv om han hadde høyrt historia eit utal gonger før, såg han den med nye auge.

– Det er ikkje den bortkomne sonen som er hovudpoenget. Det er ikkje sonen som blei heime. Men det er faren som alltid står klar for å ta imot.

Jensen slår ut med armane for å vise.

Gud fører av og til sine inn i eit mørke. Og eg trur at hensikta er å vise oss at me er avhengige av han.

—  Kjetil Jensen

Vil aldri bli den same

Sakte, men sikkert byrjar noko nytt å spire fram i han. Kanskje var trua aldri heilt vekke?

Sjølv meiner han tid, medisinar, rettleiingssamtaler og støtta frå kona var det som gjorde at det etter kvart lysna.

No, på andre sida, ser han tilbake på det som ei dyrekjøpt, men verdifull erfaring. Han vil aldri bli heilt den same som han var før.

– Gud fører av og til sine inn i eit mørke. Og eg trur at hensikta er å vise oss at me er avhengige av han.

Og det er det Jensen sit att med. At utan Gud er det berre eit svart tomrom.

– Dit vil eg ikkje tilbake. No er tanken om at Gud ikkje finst eit eksistensielt problem meir enn eit intellektuelt. Eg har fått ei djupare erkjenning av Guds nærvær.

Også måten han ber på er endra. Det er meir personleg enn før. Det handlar ikkje om å ramse opp bøneemne eller ord, men om å vera i hans nærleik.

– Det er ikkje så viktig kva ord eg brukar. For Gud veit alt kva som ligg meg på hjartet.

– Redde for å vise seg sårbare

I etterkant synest ikkje Jensen det er så rart at krisa kom når ho kom.

Ketil Jensen, Lunde forlag.

– Eg blei vaksen, nærma meg femti, foreldra blei gamle, barna flytta ut av huset. Det er ganske forutsigbart at ein kjem i ei midtlivskrise. Men for meg blei det ikkje i form av å kjøpe motorsykkel og å slå ut håret, men i form av ei truskrise.

Når han har snakka med andre om den tunge tida opplever han at mange er takksame for at han delar, og at folk kjenner seg att.

Men han kjenner at det kostar å vise seg sårbar. Han trur det kan vera særskilt vanskeleg for menn i kristne miljø.

– Ein er litt redd for å vise kjensler, men me må ikkje koma dit at det er farleg å vise vonde kjensler eller å vera ærleg.

Jensen trur det å møtast i fine klede på gudsteneste på sundag føremiddag kan gjera at folk ser ei fasade, meir enn det som rører seg bak.

Det er ganske forutsigbart at ein kjem i ei midtlivskrise. Men for meg blei det ikkje i form av å kjøpe motorsykkel og å slå ut håret, men i form av ei truskrise.

—  Kjetil Jensen

Skeiv kronikk om tenestedeling

Jensen jobbar fleire år i det offentlege etter at han kjem tilbake i jobb, og er dermed fri til å også lette hjartet for noko han ikkje var fri til som rektor på misjonssambandsskular.

I 2018 vekkjer det merksemd då Jensen skriv ein kronikk i avisa Dagen om menns og kvinners teneste hjå sin tidlegare arbeidsgjevar.

I Misjonssambandet praktiserer ein såkalla tenestedeling, som inneber ei teologisk forståing av at menn og kvinner får ulike oppgåver fordi dei har fått ulike evner av Gud. Det betyr at berre menn kan ha særskilt åndeleg ansvar, kalla hyrde- eller læreansvar.

I mange år hadde Jensen blitt meir og meir usikker på kor eintydig Bibelen eigentleg er i dette spørsmålet. Men i leiarstillingar var han sett til å forvalte og fremje Misjonssambandet sitt syn.

Jensen spør seg om ein kan lesa tekstane om kvinners teneste i Bibelen på same måte som ein les tekstane om slaveri. Altså at andre bibelske perspektiv som likskap, menneskeverd og nestekjærleik må reknast med i tolkinga av tekstane som har blitt bruka til å forsvare slaveri og tenestedeling.

Fordi han tidlegare har fronta tenestedeling så tydeleg kjente han på samvitet at han måtte melde at han hadde skifta ståstad.

Han delar sine tankar i Dagen.

Ketil Jensen, Lunde forlag.

Manglande rom for å snakke

I to ulike tekstar går generalsekretær Øyvind Åsland, rektor ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole, Frank-Ole Thoresen og informasjonsleiar Espen Ottosen ut mot Jensen og hans tolking.

– Frå utsida såg det ganske massivt ut, særskilt sidan det var så offentleg. Korleis var det å stå i det?

– Me har kjent kvarandre lenge og eg hadde kontakt med dei på førehand og snakka om dette, forklarar Jensen.

Alle dei tre gjekk på same kullet som Jensen på misjonsskulen på Fjellhaug.

– At dei hadde behov for å seie noko etterpå forstår eg veldig godt. Det var heilt greitt og forventa.

Likevel var det delar av argumenta som blei bruka mot han som han ikkje sette pris på.

– Det er ikkje noko kampsak for meg at kvinner skal inn i den eine eller andre stillinga, men det må i det minste vera lov å tenkje og snakke saman om dette på ein haldbar måte.

– Synest du det er det?

– Eg synest det manglar litt på det.

Trøyst i det mørke

Jensen har undervegs i samtala kikka gjennom ein heil bunke i bokhylla om kvinner i Bibelen. I handa held han boka Slaves, women and homosexuals av William J. Webb.

Elles er bokhylla nøye sortert i ulike kategoriar, men desse bøkane passa liksom ikkje inn nokon annan stad, og har fått sin eigen stad.

Sjølv går forlagssjefen med fleire bøker i magen, og kanskje vil han ein dag dela sin eigen trushistorie med både oppturar og nedturar mellom to permar.

Håpet er at det kan hjelpe andre på same måte som han sjølv søkte til bøker for trøyst og oppklaring då det var som mørkast.

Utanfor høyrest ei sirene i det fjerne. Men Jensen ser ikkje ut til å ense det.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion