Religion

Derfor feirar vi fastelavn

HØGTID: I helga er det fastelavn. Kva er grunnen til at det blir feira? Olaug Bollestad fortel om tradisjonar og deler oppskrifta ho nyttar.

Denne artikkelen ble først publisert i forbindelse med fastelavn i 2023.

«Fastelavn», «bollesøndag» og «fleskesøndag» er namn på den årlege søndagen kjent for kveitebolle med fløytekrem i. Nå i helga er dagen tilbake igjen, og mange vil nyte den smakfulle kombinasjonen. Men kvifor feirar vi fastelavn?

«Kvelden før faste»

– Fastelavn betyr «kvelden før faste» og er feiringa som skal markere inngangen til den kristne fastetida, seier forskar og prest Merete Thomassen.

Ho forklarer at folk tradisjonelt har nytta anledninga til å ete og drikke så mykje som mogleg, før den 40 dagar lange fasta begynte på oskeonsdag. Derav bollane.

Ifølgje Store norske leksikon var fastelavn opphavleg namnet på kvelden før oskeonsdag, men vart seinare namn på ein tredagarsperiode som innleia fasta.

Fastelavnssøndag blir etterfølgt av blåmåndag og feitetysdag. Blåmåndag har namnet sitt frå den blå eller fiolette duken som vart lagd på alteret mot slutten av dagen, og feitetysdag var absolutt siste anledning til å ete før fasta begynte dagen etter, ifølgje Thomassen. Feit og tung mat prega denne dagen, slik at folk skulle ha noko å tære på.

Fastelavn betyr «kvelden før faste» og er feiringa som skal markere inngangen til den kristne fastetida

—  Merete Thomassen

– På oskeonsdag begynte, og begynner, fasta. Denne dagen teikna ein ein oskekross i panna for å hugse. «Hugs menneske at du er støv, og skal vende tilbake til støv,» refererer til syndefallsforteljinga, seier Thomassen.

Tradisjonen har gamle røter. Den norske kyrkja skriv på nettsida si at det fram til 1800-talet var mange i Noreg som følgde fastetradisjonen, men at det i dag er ei tid for stille og meditasjon som førebuing til påskehøgtida. DNK skriv også at fastetida skal minne om dei 40 dagane Jesus var i ørkenen, kor han blei freista av djevelen tre gonger.

Bjørkeris og bolle med krem

Bolletradisjonen på fastelavnssøndag kjem frå oppfeitinga før fasta, ifølgje Thomassen. Karneval har røter i festlegheitene som gjekk føre seg før fasta begynte.

Bjørkeris, ein bunt med bjørkekvister, blir også sett på som ein fastelavnstradisjon, truleg med heidenske røter. Mellom anna skriv SNL at ein gammal tradisjon gjekk ut på at fruktbarheit kunne bli vekt til live gjennom rising. Thomassen meiner at bjørkerisen også kan knytast til rolleleik i karnevalet.

– I karneval vart ofte rollene snudd på hovudet, slik at barn kunne rise foreldra og hærskapet tene tenarane, seier ho.

Bjørkeris vert ofte pynta med fargerike fjører i dag.

Fastlavnsbolle på en eingongstallerken.

Bollefest hos Bollestad

Heime på Ålgård, har Krfs partileiar Olaug Bollestad planane klare for fastelavnshelga. Allereie på fredag set ho i gang med baksten.

– Eg lagar alltid bollar i ulike versjonar. Nokre med vaniljekrem, nokre med syltetøy, nokre med berre krem og alltid litt godt med melis oppå. Eg plar også lage nokre med gul krem inni - i staden for å lage dei som vanlege skulebollar, legg eg kremen inni bollen, i tillegg til å ha melis på. Det er suksess, seier ho.

Olaug Bollestads bolleoppskrift

  • 200g smør
  • Ca 1,2 kg kveitemjøl
  • 200 gram sukker
  • 1,5 ts malt kardemomme
  • 2 ts bakepulver
  • 1 stort egg i deigen
  • 0,5 ts. salt
  • 3,5 dl mjølk
  • 1 pk gjær
  • 1 egg til pensling

Fastelavnsfeiringa i familien Bollestad går av stabelen fastelavnssøndag.

– Det er «løye» det der. Med ferske bollar og litt anna, kjem ungane heim. Det veit eg at dei gjer på søndag, seier ho.

I fjor dokumenterte partileiaren fastelavnstradisjonen sin på Instagram, her saman med ektemannen Jan Frode Bollestad.

Fastelavnsrisen plar Bollestad kjøpe hos Sanitetskvinnene.

– Dei driv eit veldig godt arbeid, både frivillig arbeid, men også med forsking på kvinnehelse. Så det er eg bevisst på, seier ho.

Då barna var små, laga dei i tillegg fastelavnsris sjølv. Tradisjonen har ho planar om å ta opp att.

– Når barnebarnet mitt blir større, skal me ut og hente bjørkeris for å lage fastelavnsris.

Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion