Religion

Kyrkja fekk bryllupsrekord etter dette grepet

DEN NORSKE KYRKJA: Ingvild og Thomas ynskte seg eit kort, enkelt og hyggjeleg bryllup: – Når ein tenkjer på kyrkjebryllup så tenker ein lang sermoni med stort program, trur paret.

Ingvild Annysdatter Fremmerlid (35) og Thomas Pettersson (37) skal gifte seg på sjølvaste valentinsdagen den 14. februar. Og dei ser ut til å få oppfylt ynsket sitt om eit «kort, enkelt og hyggjeleg bryllaup». Dei skal nemleg gifte seg på ein tysdag under kyrkja i Nes sitt drop-in-tilbod.

Men paret trur ikkje nødvendigvis folk sin fyrste tanke er å gifte seg i kyrkja dersom dei har same ynskje som dei.

– Når ein tenkjer på kyrkjebryllaup så tenkjer ein lang seremoni med stort program, og ein blir aldri ferdig følast det som, meiner Fremmerlid og Pettersson.

Det trur Sigrid Fremmerlid Wold mange kan kjenne seg att i. Ho er kommunikasjonsrådgjevar i Nes kyrkjelege fellesråd, og dessutan syster til den kommande brura.

Då Wold såg at det nesten var dobbelt så mange borgarlege viingar som i kyrkja i Nes, byrja staben å diskutere kva grunnen kunne vera.

– Me tenkte at mange kanskje ikkje var klare over at ein kan ha enkle bryllaup på ein kvardag i kyrkja, fortel Wold.

Det er viktig for oss å vise at kyrkja er fleksibel og tilgjengeleg for alle. Du skal få lov til å ha eit stort bryllaup viss du vil, men du kan også gifte deg hjå oss viss du vil ha bryllaupet i lunsjpausen.

—  Sigrid F. Wold

Bryllup i lunsjpausa

Teorien var at folk som dermed kanskje kunne tenkje seg å bli via i kyrkja, men som ynskte ein enklare og meir «kvardagsleg» seremoni, heller valde borgarleg viing.

Med utgangspunkt i denne tanken, sette fellesrådet i gang eit målretta kommunikasjonsarbeid for å spreie ordet om enklare, kyrkjelege bryllaup.

I Nes har dei hatt både drive-through- og drop-in-viing, i tillegg til at ein kan gifte seg tysdag-fredag i valfri kyrkje stort sett kvar veke.

Sigrid Fremmerlid Wold s er kommunikasjonsrådgjevar i Nes kyrkjelege fellesråd

– Det er viktig for oss å vise at kyrkja er fleksibel og tilgjengeleg for alle. Du skal få lov til å ha eit stort bryllaup viss du vil, men du kan også gifte deg hjå oss viss du vil ha bryllaupet i lunsjpausen, seier Wold.

Rekordtal

Wold fortel at fokuset på kvardagsviingar ser ut til å ha verka. I fjor sette dei rekord med dobbelt så mange viingar som i eit normalår.

– Me trudde fyrst det var eit etterslep etter pandemien, men då me snakka med nabofellesråda kunne ikkje dei vise til ein liknande oppgang.

Av dei seksti viingane i 2022 skjedde seks på kvardagar. Utanom nokre få pandemi-relaterte unntak, var det då fleire år sidan sist det var kyrkjebryllaup på ein annan dag enn laurdag, fortel Wold.

I tillegg hadde dei tre drive-in-viingar og fem drop-in-viingar som også var korte og med enkel liturgi, sjølv om dei skjedde på laurdagar.

– Det har vore så hyggjeleg å få telefonar frå godt vaksne par som har vore saman i førti år og som no ynskjer å gifte seg i ein enkel seremoni.

Fridde over tacomiddag

Det kommande ekteparet meiner kyrkje i Nes har vore gode til å få fram dei ulike formene for bryllaup ein kan ha i kyrkja, og meiner fleire kunne lært av dette.

Sjølv har dei vore saman i ni år, og har alt stifta familie. Dei har aldri vurdert borgarleg viing, men synest det passa fint å gifte seg no.

– Thomas fridde over ein betre tacomiddagen ein helt vanleg dag, kor me då sa ja til kvarandre, fortel Fremmerlid.

Paret kjem til å ha nærmaste familie til stade, og skal feire med eit felles måltid etter seremonien.

At det er akkurat på «alle hjartas dag» dei skal gje kvarandre sitt ja spela ikkje så stor rolle for dei.

– Men det gjer det kanskje endå betre å faktisk feire valentinsdagen, noko me aldri har gjort? Også blir det kanskje enklare å hugse datoen for bryllaupsdagen?

Folk svara at dei ynskte seg noko anna enn eit tradisjonelt bryllaup, og at det var godt å sleppe å planleggje så mykje.

—  Sigrid F. Wold

Billig og enkelt

I etterkant av halvåret der fellesrådet har hatt fokus på denne typen viingar har dei sendt ut ei spørjeundersøking i Nes, der dei spør kvifor folk valde denne typen seremoni.

– Folk svara at dei ynskte seg noko anna enn eit tradisjonelt bryllaup, og at det var godt å sleppe å planleggje så mykje. Dei slepp det fleire kan kjenne på som eit press på at dei må stelle i stand noko stort, seier Wold.

Dei enklaste seremoniane deira varer i 10-15 minutt og har all obligatorisk liturgi, men manglar dei valfrie ledda.

– Enkelt, men høgtideleg, likar Wold å kalle det.

Ho meiner fleire kyrkjer gjerne kunne satsa meir på enklare bryllaup.

– Spesielt med tanke på den økonomiske situasjonen for tida er det fint å leggje til rette for enklare, og rimelegare løysingar for folk.

– Me som kyrkje kan vise at det er tilgjengeleg og heilt gratis å gifte seg viss ein ikkje ynskjer å gjera noko stort ut av det.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion