Religion

Tilset ikkje ny internasjonal direktør etter Berit Hagen Agøy

DEN NORSKE KYRKJA: Berit Hagen Agøy går av som internasjonal direktør i Kyrkjerådet. Ho skal over i ei ny direktørstilling, og blir ikkje erstatta.

Onsdag kunngjorde Berit Hagen Agøy på si Facebook-side at ho sluttar «som generalsekretær/internasjonal direktør i Mellomkirkelig råd/Kirkerådet» etter 13 år.

Mellomkyrkjeleg råd er «utanriksdepartementet» til Den norske kyrkja, og held også i kontakten med andre kyrkjer og trussamfunn her heime. Men i tillegg har ho altså vore internasjonal direktør.

Agøy skal framover jobbe som fagdirektør i Kyrkjerådet, og skal jobbe noko internasjonalt der.

Kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen seier stillinga Hagen Agøy skal inn i ikkje er nyoppretta, men at det «handlar om endringar i arbeidsinnhald». Dette seier ho er grunnen til at stillinga ikkje blei lyst ut.

Heller ikkje stillinga Hagen Agøy kjem frå som internasjonal direktør i Kyrkjerådet blir lyst ut med det fyrste.

– Me kjem ikkje til å lyse ut ein ny internasjonal direktør no, seier Vad Nilsen.

Åpning av Kirkemøtet 2022.

Hagen Agøy er éin av to fagdirektørar i sekretariatet til Kyrkjerådet.

– Ein fagdirektør har høg kompetanse med lang fartstid og spissa kunnskap på sine fagområde. Desse titlane er personlege og stillingane vil neppe bli lyst ut med same innhald når fagdirektøren sluttar, fortel kyrkjerådsdirektør Vad Nilsen.

Mitt val om å slutte i vår skuldast berre at eg har vore lenge i stillinga og var klar for nye utfordringar, har Hagen Agøy tidlegare uttalt til Vårt Land.

Sidan 2017 har talet på direktørar/avdelingsdirektørar gått frå ni til tolv personar.

---

Talet på direktørar og avdelingsdirektørar i sekretariatet til Kyrkjerådet


2017: 9 personar tilsett i stillingskodane direktør eller avdelingsdirektør.


2020: 10 personar tilsett i stillingskodane direktør eller avdelingsdirektør.


2022: 12 personar tilsett i stillingskodane direktør eller avdelingsdirektør.


Kjelde: Kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen

---



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion