Religion

Rekordomsetjing for bruktbutikkar

FORBRUK: Gjenbruksaktørar melder om rekordomsetjing i 2022. Fleire trur éin årsak er at folk har dårlegare råd.

– Me har hatt eit heilt fantastisk år med omsetjingsrekord.

Det seier dagleg leiar for NMS Gjenbruk, Siri Bloch Lindtveit.

Trass i koronarestriksjonar i dei fyrste månadane i 2022 gjekk omsetjinga deira opp frå 64,8 millionar kroner i 2021, til 83,0 millionar i 2022. Det svarar til ein auke på 28,1 prosent.

– Det er kjempeinspirerande å kunne presentere slike tal, sjølv om det ikkje er eg som skal ha æra for det.

Lindtveit byrja i stillinga i mai i fjor. Ho har med seg seks andre tilsette på laget, i tillegg til 2.200 frivillige i dei 52 butikkane rundt om i landet. Overskotet går til Det Norske Misjonsselskap (NMS) sitt arbeid.

Siri Bloch Lindtveit
Daglig leder NMS Gjenbruk Norge

Lindtveit trur det er fleire grunnar til dei gode resultata. Nokon er meir lystige enn andre.

– Det har vore auka kostnadar i samfunnet, så mange er nok interesserte i å finne varer til gode prisar, meiner Lindtveit.

I tillegg er utviklinga del av ein lengre trend, med meir fokus på gjenbruk.

– Det er enormt i vinden no, og det er vanskeleg å seie kven som er den gjengse kunden. Det er alle moglege folk, og ingen som merkar seg ut.

Avhengige av gjenbruk

Det kjenner Bjarte Rydland seg att i. Han er dagleg leiar i Gjenbruken og Bærekraftig. Før gjekk dei 35 butikkane han har ansvar for under namnet NLM Gjenbruk.

NLM GJenbruk/Gjenbruken

– Å handle brukt har blitt normalisert. Det er berre å ta ein kikk på parkeringsplassane våre. Folk kjem i svære Mercedesar og Teslaar, andre på sykkel eller til fots.

Og skal Rydland spå trur han det blir fleire Mercedesar på parkeringsplassane deira framover. Med andre ord: at det ikkje berre er økonomiaspektet som får folk til å handle brukt.

– Det er eg heilt sikker på. Folk skjønar at dette ikkje berre er ein trend, men at me er avhengige av gjenbruk for å ta vare på den jordkloden me har.

Også Gjenbruken kan melde om fine tal for 2022.

– Fjoråret er det beste året for oss nokosinne.

Økonom: – Folk har dårlegare råd

Karine Nyborg er økonomiprofessor ved Universitetet i Oslo og har mellom anna miljøøkonomi og økonomisk analyse av sosiale og moralske normer som faglege interesser.

Ho påpeiker at ho ikkje har forska på gjenbruk, men når ho får høyre om rekordomsetjinga, er det fyrste ho tenkjer på utviklinga i privatøkonomien til nordmenn det siste året, mellom anna med høge straumprisar.

– Folk har fått dårlegare råd og leitar nok etter ting ein kan spara pengar på.

Karine Nyborg, Professor - Økonomisk institutt Universitetet i Oslo

Ho trur også miljøaspektet kan spela inn.

– Men det ville overraska meg om dette har endra seg så kjapt at det får så store utslag akkurat no.

Ho seier etikk og normer absolutt spelar inn i vala forbrukarar tek, men at det skal mykje til for at det fører til veldig bråe endringar. Men at det kan vera med å bidra til omsetjingsakuen trur ho er sannsynleg.

Folk har fått dårlegare råd og leitar nok etter ting ein kan spara pengar på

—  Karine Nyborg, økonomiprofessor ved Universitetet i Oslo

Også den digitale bruktmarknaden Finn torget melder om auka interesse. I 2022 hadde dei ni prosent fleire besøk enn året før.

– Det er naturleg å tru at interessa for både å handle brukt, men også leite etter ting som blir gitt vekk, har med auka levekostnadar å gjera. På landsoversikta er søkjeordet «gis bort» på andreplass, noko som er langt høgare enn tidlegare, seier brukamarknadskspert i Finn, Kathrine Opshaug Bakke i ei pressemelding.

Ikkje overraska over rekord

Rydland i Gjenbruken og Bærekraft seier dei ikkje har tala for desember klare, men at om ein samanliknar omsetjinga frå januar til november 2022 med same perioden året før, så ser dei ein auke på 12,7 prosent.

Bjarte Rydland: Daglig leder NLM Gjenbruk

Det overraskar ikkje gjenbruksleiaren.

– Det er det me og andre har spådd for denne bransjen i mange år.

Dei har lenge sett ein aukande trend, og Rydland meiner fleire og fleire får opp auga for gjenbruk.

– Folk innser at me må fokusere på ein meir sirkulær økonomi og tenkje berekraft.

Titals millionar til diakonale prosjekt

Alt overskotet frå butikkane går til Misjonssambandet sitt arbeid rundt om i verda. Det går mellom anna med til å gje folk skulegang, tilgang til reint vatn og fleire andre diakonale prosjekt, opplyser Rydland.

– Overskotet vårt i fjor til og med november var på 39 millionar kroner. Summen er formidabel. Utan dei pengane måtte Misjonssambandet justert aktiviteten sin betrakteleg for å ikkje gå med underskot.

Å handle brukt har blitt normalisert. Det er berre å ta ein kikk på parkeringsplassane våre. Folk kjem i svære Mercedesar og Teslaar, andre på sykkel eller til fots.

—  Dagleg leiar for Gjenbruken

Både Rydland og Lindtveit rosar alle dei frivillige medarbeidarane sine opp i skyene.

– Me har høyrt veldig mange historier om både kundar og nye frivillige som blir møtt på fine måtar i våre butikkar, seier Lindtveit.

Det trur NMS Gjenbruk-sjefen også kan bidra til mange sal og nøgde kundar. Men ho kan ikkje kvile på fjorårets suksess, for landsstyret til moderorganisasjonen siktar endå høgare for neste år. Då er målet ei omsetjing på 86 millionar kroner.

– Det må me klara, meiner Lindtveit, som har god tru på vidare vekst i bruktmarknaden.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion