Religion

– Han var ein helt

DEN KATOLSKE KYRKJA: På eine sida av alteret i St. Olav domkyrkje står ei julekrybbe, på den andre eit bilete av pave Benedikt. På torsdag skal han gravleggjast.

Det er snart tid for messe i St. Olav katolske domkyrkje i Oslo.

I ny og ne går døra opp for å sleppe inn nye, og ein får eit glimt av snøføykja utanfor. Alle korsar seg i det dei kjem inn, nokre kneler i tillegg, før dei finn plass i benkeradene.

Framme i kyrkja, på motsett side av den store julekrybba står eit stort foto av den nyleg avdøde tidlegare paven, Benedikt 16., eller Joseph Alois Ratzinger, som han heitte då han kom til verda i Tyskland i 1927.

Ved sidan av står ei rekkje ljos ein kan tenne, og eit lite blomsterhav.

På torsdag skal Benedikt gravleggjast.

– Eg var ganske liten då han var pave, unnskylder Ingvild Cecilia Aavitsland seg etter messa då ho får spørsmål om hennar forhold til Benedikt 16.

Reportasje i St. Olav domkirke forbindelse med dødsfallet og gravferda til pave Benedikt 16.

– Ville ta vare på lære og tradisjonar

Ho er 21 år gammal. Men ho forklarar at ho har hatt eit forhold til han etter han gjekk av som pave. Han gav nemleg i 2007 ein ordre som gjorde det lov for katolikkar å feire den tradisjonelle latinske messa, også kalla tridentinermessa. Dette er viktig for Aavitsland.

Denne messeforma, som var romersk liturgi før 1970, måtte vike etter reformane til Det andre Vatikankonsil, kyrkjemøtet på 1960-talet som moderniserte kyrkja. Ein av dei nye reformane var innføringa av den nye messa med bruk av nasjonalspråk i staden for latin.

Det høyrer med til historia at Pave Frans reverserte ordren i 2021.

– Han er ein stor teolog og han har skrive viktige og kloke ting om trua, legg ho til om mannen på fotoet framfor oss.

Reportasje i St. Olav domkirke forbindelse med dødsfallet og gravferda til pave Benedikt 16.

Pave Benedikt er kjent som ein meir konservativ pave enn sin etterfylgjar, Pave Frans.

– Benedikt prøva å ta vare på tradisjonane og læra til kyrkja i ei vanskeleg tid, der det kom angrep frå mange hald, meiner Aavitsland.

Ho kjem til å kikke innom dekninga av gravferda på den norske, katolske tv-kanalen st. Rita på torsdag.

Vener trass i krig

For ein stakkars protestant luktar heile det flotte kyrkjerommet i St. Olav jul, men truleg er den ganske svake røykelseslukten der heile året. Kanskje bidreg det store talet raude julestjerne-planter som er plassert rundt omkring til julelukta?

Agnieszka Nalepa er ein av dei som har tatt turen på messa. Ho er frå Polen.

På spørsmål om hennar forhold til Benedikt 16. trekkjer ho fram hans vennskap til «hennar pave», nemleg forgjengaren hans, polakken Johannes Paul 2.

Reportasje i St. Olav domkirke forbindelse med dødsfallet og gravferda til pave Benedikt 16.

Ho synest det sender gode signal at dei to, som var frå Tyskland og Polen, land som hadde vore i krig med kvarandre i løpet av deira levetid, var gode venner. Ho trekkjer parallellar til i dag, og meiner ein ikkje må gløyme at ikkje vanlege menneske er skuld i krig.

– Også i krigen som no skjer mellom Ukraina og Russland så må me tenkje på at det handlar om makt og politikarar. Me må vera menneske i ei umenneskeleg verd, meiner Nalepa.

Og som mange andre trekkjer ho fram at Benedikt 16. var ein stor teolog.

– Han var ein helt

– Verda endrar seg, men me må ikkje gløyme teologien. Den gjev oss håp og retning for vegen vidare.

Nalepa meiner det var ei klok avgjersle av den tidlegare paven å velje å abdisere. Han var den fyrste paven på om lag seks hundre år som ikkje sat som pave til sin død.

– Han var ein helt for det. Han såg at han ikkje hadde helsa til det. Det var ei modig avgjersle, meiner Nalepa.

Ho er godt kledd for den norske vinteren, og takkar for seg med eit smil før ho trekker ut.

Eg har veldig respekt for at han tok tak i overgrepssakene. Kyrkja har eit ansvar for å koma med løysingar i slike saker.

—  Elisabeth Haynal

– Tok tak i overgrepssakene

Noko av det Elisabeth Haynal sit att med etter den tidlegare paven er korleis han meinte at tru og vitskap måtte gå hand i hand.

– Me må stadig utvikle oss og gå framover, seier ho.

Ho trur han var ein snill, mild og kunnskapsrik pave.

– Også har eg veldig respekt for at han tok tak i overgrepssakene. Kyrkja har eit ansvar for å koma med løysingar i slike saker, meiner Haynal.

Dette er også noko Aavitsland trekkjer fram.

Haynal forklarar at den som er pave til ei kvar tid er ein ho som katolikk lyttar til og har respekt for. Også ber ho for han, og at han skal gjera ein god jobb.

– Men eg forstår ikkje alltid kvifor han gjer som han gjer, seier ho med ein liten latter, før ho og veninna forlèt det lune kyrkjerommet.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion