Religion

Fullt hus på KRIK-leir i Lillehammer

LEIR: I romjula har KRIK samla 1.200 barn og unge til leir på Lillehammer. 150 på venteliste fekk ikkje plass.

Dei siste to åra har korona sett ein stoppar for nyttårsleiren KRIK Explore.

Men denne romjula kunne 1.200 barn og unge igjen fylla Håkons Hall i Lillehammer.

– Leiren på Lillehammer handlar om det me synest er viktig i KRIK: Idrett, fellesskap og trua på Jesus, seier generalsekretær Vegard Husby.

t

KRIK-sjefen ser nyttårsleiren som eit endeleg farvel med pandemien.

– I sommar opplevde me det som krevande å mobilisera frivillige etter pandemien. Men no er folk verkeleg tilbake. Me har fleire deltakarar enn før pandemien og 150 leiarar står på venteliste.

Hyttekos, alpint og gaming

Nyttårsleiren Explore 2023 på Lillehammer samlar 850 ungdommar mellom 14 til 19 år og 350 leiarar.

Deltakarane kan velja mellom ei stor rad av aktivitetar. Tradisjonelle sportar som alpint, langrenn og basketball får følge med aktivitetar som gaming, hyttekos og sjakk.

j

– Me er opptekne av å utvikla nye aktivitetar for å nå ut breitt ut til nye ungdommar, seier Vegard Husby.

KRIK står for Kristen Idrettskontakt, og vart starta i 1981 med mål om å vinne, bevare og inspirere idrettsfolk til kristent liv i idrettslag og menighet.

– KRIK er tverrkyrkjeleg organisasjon, og me når unge frå eit breitt spekter av kyrkjelydar. På denne leiren ser me unge knyter nettverk og få vener på tvers av geografiske skiljeliner og ulike kyrkjesamfunn, seier KRIK-sjefen.

Opnar for fleire store leiar

Leiren er for barn og unge mellom 14 og 19 år, medan dei som er 20 år og eldre, kan vera med som leiar.

150 leiarar er på venteliste, i tillegg var fleire leiarar interessert i å vera med, som ikkje står på venteliste.

r

– At så mange står på venteliste skaper ein diskusjon om me bør arrangera fleire større leirar. At så mange har lyst å vera leiar, viser at unge folk ønsker å gjera ein forskjell, seier Vegard Husby.

– Med dei lange ventelistene for leiarar: Kan det vera aktuelt å heva aldersgrensa for leiarar, så fleire heller kan vera med som deltakarar?

– Nei. For KRIK er det viktig å få inn unge som leiarar, me opplever at dette er verv som gjer at dei veks og lærer mykje.

---

Fakta: KRIK

  • KRIK står for Kristen Idrettskontakt, organisasjonen har i dag rundt 11.000 medlemmer og over 300 aktive lokallag.
  • Vart starta i 1981 av Kjell Markset, med mål om å vinne, bevare og inspirere idrettsfolk til kristent liv i idrettslag og menighet.
  • Hovudmålgruppa er mellom 13 til 26 år, men KRIK har også familiearbeid.
  • I romjula, frå 28. desember til 1. januar, arrangerer KRIK leiren Explore 2023 på Lillehammer, med 850 ungdommar mellom 14 og 19 år og 350 leiarar.

---


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion