Religion

Desse kyrkjene må stenga i 2023 – fryktar fleire må følga etter

KALD VINTER: Nyttårsaftan er det stopp for den statlege straumstøtta til kyrkjebygg. KA fryktar for konsekvensane ved stengde kyrkjer på nyåret.

Laurdag ringte kyrkjer over heile landet inn til julegudsteneste.

For å bøta på rekordhøge straumprisar har regjeringa trødd til med straumstøtte til kyrkjer. Målet er å hjelpa kyrkjene til å halda ope i høgtida.

Frå 1. januar er det stopp. Det uroar arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder – KA.

– Det er kommunane sitt ansvar å stilla opp, men kommuneøkonomien gjer at det ofte blir forskjell på kva støtte kyrkjene får, seier Martin Stærk, seniorrådgjevar i KA.

Han fortel at KA opplever eit trykk frå uroa fellesråd.

– Me veit at fleire fellesråd planlegg å stenga kyrkjer frå nyåret, men har inga samla oversikt. Det nye er at me blir kontakta av fellesråd også i nord. Dei begynner også å merka straumprisen.

Fekk over 600.000 kroner i straumrekning

Oppslag i lokalaviser vitnar om at fleire kyrkjer rundt om i landet blir stengt etter nyttår.

  • I Vestre Toten vil to av tre kyrkjer bli halde stengt på grunn av høge straumprisar. Saka vart meldt av avisa Toten i dag.
  • Etter jul blir åtte av ni kyrkjer i Gran i Innlandet stengt. Gran kyrkjelege fellesråd har vedteke å samla all aktivitet i Nikolaikyrkja i januar til mars 2023. Avisa Hadeland meldte saka.
  • Avisa Telen melder at Notodden kyrkjelege fellesråd ikkje har råd til å bruka Notodden kyrkje frå 1. januar til påske.
  • Åmot kyrkje på Rena blir halde stengt i to månader etter nyttår. – Me har betalt minst 600.000 kroner i straumutgifter i 2022. No har me ikkje meir pengar, seier Kirsti Marit Mykleby, leiar i Åmot kyrkjeleg fellesråd, til avisa Østlendingen. Avisa skriv at 355.000 kroner var budsjettert for heile 2022.

Kan skada kyrkjekunst

– Stengde kyrkjer er alvorleg, for det handlar om folk sin tilgang til trusutøving, seier Martin Stærk i KA.

Han peiker også på at å senka temperaturen kan føra til skade på kyrkjekunst og inventar.

e

– Dette er verdiar som er vanskeleg å måla i pengar. Før har det vore vanleg å halda temperaturen rundt ti grader når bygga ikkje er i bruk. Om du senkar temperaturen til nærare null, aukar det faren for frostskadar.

Han fortel at KA har fått meldingar om fleire vasskadar i kapell i det siste.

– Det er nærliggande å tru at det skjer på grunn av at temperaturen blir senka.

I dialog med regjeringa om straumstøtte

Siste dagen i september kom barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til Vårt Land med ei lita førjulsgåve til norske kyrkjer: Ei mellombels straumstøtteordning på 30 millionar kroner.

Pengane skulle gå til kyrkjer sør for Dovre og Sognefjorden, då dette er område med høge straumprisar. Kvart sokn kunne søka om inntil 45.000 kroner.

Barne- og familiedepartementet opplyser til Vårt Land at heile potten på 30 millionar kroner til straumstøtte no er utbetalt.

Martin Stærk i KA rosar ordninga.

– Ordninga har absolutt fungert, den har vore enkel og ubyråkratisk. Straumstøtta gjer at dei fleste kyrkjene held ope i juletida.

Han seier at KA er i dialog med barne- og familiedepartementet om statleg straumstøtte vidare.

– Me har ingen konkrete ting på plass enno.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion