Ny undersøking: To av tre muslimar i Noreg markerer jul
HØGTID: Når muslimske Rania høyrer «Deilig er jorden» i kyrkja får ho julestemning. Ei ny undersøking viser at eit stort fleirtal av norske muslimar markerer jul.
KVIFOR IKKJE FEIRE?: Rania Jalal Al-Nahi er ein av mange norske muslimar som markerer jul. – Eg kunne late vore å ha juleverkstad og bake peparkakehus, og heller sagt: «eg er muslim, kvifor skal eg det?». Men kvifor skal eg ikkje det? Eg ser gleda hjå barna, seier firebarnsmora.(Foto: Guro Asdøl Midtmageli)
– Det er noko spesielt med julemusikk og salmar i kyrkja. Då kjem eg i julestemning. Eg kjem ikkje i julestemning av å gå på plantasjen å sjå på dei uendelege radene av nissar.
Det seier Rania Jalal Al-Nahi. Ho sit ved kjøkenbordet i leilegheita på vestkanten i Oslo.
Heimen har vore pryda av nissar, fletta korger og adventskalendrar sidan november. Og ho er ikkje aleine om å markere den kristne julehøgtida, sjølv om ho er muslim.
Bestill abonnement her
KJØP