Jehovas vitner taper registrering som trussamfunn. Det kom fram i ei pressemelding frå Statsforvaltaren i Oslo og Viken torsdag.
Same dag kom det fram at Jehovas vitner saksøker staten etter å bli nekta statstilskot for 2021.
– Å mista registrering som trussamfunn er vidtrekkande. Det betyr at Jehovas vitner ikkje lenger kan via folk. Å mista registreringa er meir inngripande enn å mista statsstøtta, seier Dag Øistein Endsjø, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Oslo.
[ Jehovas vitner mister registrering som trossamfunn ]
– Eg meiner Jehovas vitner har ei god sak
Endsjø har forska på og gjeve ut bok om forholdet mellom religion og menneskerettar. Han trur Jehovas vitner vil vinna i striden mot norske styresmakter.
– Eg meiner Jehovas vitner har ei god sak. Eg trur Noreg kjem til å tapa i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Om saka ikkje alt blir stoppa i Høgsterett.
Han viser til ei tidlegare sak frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD).
– I 2008 vart Austerrike dømt i Den europeiske menneskerettsdomstolen for å ikkje ville registrera Jehovas vitner som trussamfunn.
Professoren er klar i sin tale:
– Det synest å vera heilt i strid med trusfridommen at Jehovas vitner mister registrering som trussamfunn.
Viser til rett til fri utmelding og barns rettar
Statsforvaltaren i Oslo og Viken trekker fram to grunnar til at Jehovas vitner får registreringa som trussamfunn trekt tilbake:
- Statsforvaltaren meiner Jehovas vitner krenker medlemmenes rett til fri utmelding. Det igjen krenker medlemmenes rett til religionsfridom.
- Statsforvaltaren meiner at Jehovas vitner krenker barns rettar ved at dei opnar for å ekskludera døypte mindreårige, og ved å oppfordra medlemmer til å sosialt isolera barn som ikkje følger trussamfunnets reglar.
Trussamfunnslova paragraf 6 første ledd lyder slik:
«Dersom et tros- eller livssynssamfunn, eller enkeltpersonar som opptrer på vegne av samfunnet, utøver vold eller tvang, fremsetter trusler, krenker barns rettigheter, bryter lovbestemte diskrimineringsforbud eller på andre måter alvorlig krenker andres rettigheter og friheter, kan samfunnet nektes tilskudd eller tilskudd kan avkortes. Tilskudd kan også nektes eller avkortes dersom samfunnet oppfordrer eller gir støtte til krenkelser som er nevnt i dette leddet.»
Statsforvaltaren understrekar at trussamfunnslova i all hovudsak er ein tilskotslov, og at Jehovas vitner står fritt til å utøva sin religion og sine aktivitetar uavhengig av ein offentleg registering.
Tilskotet for Jehovas vitners 12.686 medlemmer i fjor utgjer om lag 16 millionar kroner.
Vann i Høgsterett i sommar
Dag Øistein Endsjø understrekar at han ikkje tek stilling til om denne saka handlar om sosial kontroll av barn.
– Men, om sosial kontroll skal vera eit premiss for å nekte ein organisasjon status som trussamfunn, så vil det antageligvis gjelda ei heil rekke kristne og muslimske trussamfunn.
Han viser vidare til Høgsterett-dommen i mai, der Jehovas vitner vann fram med sitt syn. Saka gjaldt ekskludering av eit medlem. Høgsterett kom fram til at vedtaket om eksklusjon ikkje kunne settast til side, og viste til religionsfridommen.
– Dommen i Høgsterett fastslo igjen at menneskerettane seier at trussamfunn sjølve kan bestemma kven som skal vera medlem. Me som står utanfor kan kritisera det, men me kan ikkje gripa inn, seier Endsjø.