Religion

Desse sitata plukker politikarane frå Bibelen

BØKENES BOK: På ein dag siterte stortingspolitikarane Bibelen heile 47 gongar. Men det var mest på tull, viser ny forsking.

Forskar Ole Jakob Løland har sett på korleis Bibelen har påverka norske stortingsdebattar frå 1800-talet og fram til i dag.

Han kjem med følgande dom: I dag er Bibelen fråverande i dei fleste politiske debattar.

– Når bibelsitat ein sjeldan gong blir brukt, har dei ingen betydning i utforminga av politiske vedtak. Dei brukast til å skåra politiske poeng mot andre politikarar, seier Løland til forskning.no.

Han er førsteamanuensis ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Debatt om kvinner fekk fram Bibelen

Grunnlova slår fast at verdigrunnlaget til den norske styreforma skal vera den kristne og humanistiske arven vår.

Det dannar bakteppet for forskingsartikkelen «Bibelen på Stortinget. Når det blir munterhet i salen».

I artikkelen peiker Ole Jakob Løland på at Bibelen sjeldan blir brukt som verdigrunnlag, argument eller referansar i stortingsdebattane.

Ole Jakob Løland

Han har søkt på bibelske omgrep som «Bibelen», «Mosebok», «Matteus», «Paulus» og «Jesus» i Nasjonalbibliotekets digitaliserte dokument.

Frå det første storting hausten 1814 og fram til vårsesjonen 2001, spelte Bibelen ei viktig rolle i berre to debattar:

  • På 1880-talet då Stortinget skulle vedta eigedomsrett for kvinner.
  • På 1930-talet under striden om kvinnelege prestar.

I desse debattane vart Bibelen brukt av politikarar på begge sider. Nokre brukte Bibelen til å argumentera for kvinnas underordning, medan andre brukte Bibelen som støtte for religiøs likestilling.

Bibelen gjorde comeback i 2012

Så, ein desemberdag i 2012 dukka Bibelen opp igjen på Stortingets talarstol. Bibelsitata hagla tett under diskusjonen om statsbudsjettet.

Ole Jakob Løland skildrar dagen slik i forskingsartikkelen:

Det ble en uvanlig dag på Stortinget med en tetthet av bibelreferanser som det neppe finnes maken til på 2000-talet, og som man etter undertegnedes søk å dømme må tilbake til 1930-tallets kvinneprest-debatt for å finne.

Denne dagen kom det heile 47 bibelreferansar frå Stortingets talarstol. Representantar frå alle dei sju stortingspartia siterte Bibelen.

Her er eit knippe:

Ironi og latter

Debatten denne desemberdagen bar preg av ironisk distanse og latter i salen, peiker Ole Jakob Løland på.

Han skriv i artikkelen at medan Bibelen for eit hundreår sidan kunne informera konkrete politiske diskusjonar, har Bibelen lite å seia for utforminga av dagens politikk:

Det er en bok som ikke kan tas helt på alvor i en stortingsdebatt, fordi selve ideen om at norsk politikk kan bygge på bibelske tekster, har blitt nærmest latterlig – såpass latterlig at bruken av dem i stortingsdebatten kan frembringe latter.

Tidlegare på året i 2012 glimta bibelreferansane med sitt fråvær. Måndag 21. mai 2012 vedtok Stortinget å oppheva statskyrkja.

Ole Jakob Løland kallar det den største endringa av relasjonar mellom kyrkje og stat på 500 år. Då kunne ein kanskje venta at politikarar vart inspirert til å bruka bibeltekstar i debatten. De skjedde ikkje:

Søkene som ligger til grunn for denne artikkelen, tyder på at Bibelen var helt fraværende i disse debattene, og at særlig en sekulær menneskerettighetsdiskurs hadde fortrengt Bibelen eller andre religiøse kilder som normative for politikken.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Religion