Nyheter

Her er Stortingets største «plageåndar»

EIT SPØRSMÅL OM MAKT: Sigbjørn Gjelsvik i Sp har stilt nesten dobbelt så mange spørsmål i Stortinget som heile KrF til saman. Les kven som er på masetoppen i nasjonalforsamlinga.

Sjølv om det er seint på dag, bryt ansiktet til Sigbjørn Gjelsvik opp i eit stort smil.

I handa har han eit ark som avslører Stortingets største masekoppar. Vårt Land har telt opp kven som har stilt flest spørsmål til regjeringa dei siste fire åra.

Øvst på lista tronar ein stortingsdebutant frå Akershus.

– Eg har fått eit lite vink frå ein i administrasjonen om at eg er ganske høgt oppe. Men, altså: 368 spørsmål. Det er eit temmeleg stort tal.

I 2017 vart Gjelsvik for første gong vald inn på Stortinget. Åra etter har Sp-representanten brukt godt.

Dei siste fire åra har han stilt 368 spørsmål til regjeringa. Det er om lag eit spørsmål kvar fjerde dag.

Og: Det er nesten dobbelt så mange spørsmål som KrF si dåverande stortingsgruppe. I løpet av perioden rakk KrF-representantane, inkludert vara, å stilla 221 spørsmål.

Makt til dei makteslause

Stortingets vandrehall badar i bruset av stemmer og energi. Det er endeleg klart for litt parlamentarisk politikk no som statsrådpostane er fordelt og regjeringa på plass.

No er det tidlegare makthavarar sin tur til å grilla den nye regjeringa. Sp-folk som Gjelsvik er venta å sitta stille i salen og heller ta spørsmåla på bakrommet.

For no er det Sp sin tur, i regjering.

Eg slappa litt av det siste året på grunn av pandemien. Då slutta eg å stilla spørsmål.

—  Kjersti Toppe (Sp), andreplass på lista

Spørsmåla blir kalla opposisjonens verkemiddel. Partia som står utan makt, søkjer merksemd og kunnskap gjennom å stilla statsrådar til veggs i skriftleg eller munnleg form.

Folk spør om så mangt. Statsministeren kan bli spurt om ho vil oppmoda folk om å kjøpa lokal mat.

Statsrådar blir spurt om alt frå persontrafikken på strekninga Dal-Eidsvoll til om dei vil hjelpa ein forskar som er tvangsutsend til Rwanda.

Nokon gong flytter dei komma. Andre gongar fjell

Sigbjørn Gjelsvik hugsar godt sitt første spørsmål. Han spurte næringsministeren om lagring av radioaktivt avfall i heimtraktene i Aurskog-Høland.

Her hadde same aktør ansvar for produksjon og handtering av radioaktivt avfall.

Tredjeplass er for dårleg. Eg skal slå dei neste gong.

—  Lars Haltbrekken (SV)

– Det bidrog til ein diskusjon om kven som har ansvar for lagring av atomavfall.

Gjelsvik har likt å kunna ta opp saker folk er engasjert i. Vera ein ombodsmann og å halda regjeringa i øyra.

– Det er sånn i politikken: Nokon dagar følast det som du berre flyttar komma, medan andre gonger flyttar du fjell.

---

Slik fann me tala

  • Vårt Land har brukt Stortingets databygger over spørsmål. Her finn me kor mange spørsmål kvar representant har stilt.
  • Talet er summen av spørretimespørsmål, interpellasjonar, skriftlege og munnlege spørsmål.
  • Summen er for førre stortingsperiode, 2017 til 2021.

---

Masekopp-Toppe skuldar på pandemien

I Vandrehallen dukkar topp-masekopp Kjersti Toppe opp. Den ferske Sp-ministeren får sølvplass på Vårt Lands kåring, med 354 spørsmål stilt dei siste fire åra.

Når Toppe ser tala, bryt ho ut:

– Eg skulle ha slått Sigbjørn Gjelsvik, då.

Stortinget. Debatt om regjeringens erklæring.

Forklaringa har ho klar:

– Eg slappa litt av det siste året på grunn av pandemien. Då slutta eg å stilla spørsmål, for eg tenkte dei skulle få arbeidsro i Helsedepartementet. Sidan eg sat i helse- og sosialkomiteen, er det dei eg sendte flest spørsmål.

– Så utan pandemi hadde du slått Sigbjørn Gjelsvik?

– Ja, det trur eg. Eg har vore på topp i mange år.

Rollebyte for Senterpartiet

Som nyslegen barne- og familieminister har Kjersti Toppe teke steget frå Stortinget til regjering.

No har rollene snudd. Som fersk minister er det ho som svarer på spørsmåla frå ein svolten opposisjon.

– Vil du gjera noko annleis som statsråd, no som det er du som svarar?

– For å seia det sånn: Om ein ikkje kan gje eit svar, er det betre å svara kort og konsist, framfor å brodera ut i masse bomull og sjølvsagte ting. Eg hugsar kor irriterande det var med sånne lange svar du måtte lesa tre gonger før du fann ut at det ikkje stod noko der.

Det er gøy å stilla spørsmål. Men også å ha svara

Fire av representantane på Vårt Lands topp 10-lista, er frå Senterpartiet. Kjersti Toppe trur ikkje ho kjem til å sjå partifellar på den lista om fire år.

– Eg skal ikkje nekta dei nokon ting, men det er meir vanleg praksis at regjeringspartia stiller spørsmåla internt.

– Er det ikkje bra med kritiske spørsmål også frå dine eigne?

– Ja, men no får Sp-representantane andre kanalar. Eg forventar at dei tek ting opp på interne møte, så det ikkje kjem ut offentleg. Dei vil framleis kunne ta opp ting med statsråden på vegner av folk.

Stortinget

I fire år har Sigbjørn Gjelsvik drive grilling av makta. No har han blitt maktas forsvarar, som partileiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedums næraste allierte i Stortingets finanskomite.

Dermed kjem han sannsynlegvis ikkje til å toppa lista neste gong. Det tek han ikkje så tungt, han seier heller med eit smil:

– Det er gøy å stilla spørsmål, men det er også gøy å ha svara.

SV-ar fekk diplom frå Høgre-minister

Ikkje alle på topp-lista er ferdige med å stilla spørsmål. Tredjeplass Lars Haltbrekken frå SV kjem med følgande løfte til Vårt Land:

– Tredjeplass er for dårleg. Eg skal slå dei neste gong.

Han finn inspirasjon i partikollega Karin Andersen, som har takka av etter 24 år på Tinget.

– Ho sa at ho ikkje var vald inn for å halda kjeft. Sånn tenker eg også. Eg er vald inn for å ta opp viktige saker.

Stortinget

På veggen heime heng eit diplom som vitnar om nysgjerrigheita hans. Det er frå tidlegare olje- og energiminister Tina Bru frå erkerivalen Høgre.

På formelt brevpapir gratulerer ho Haltbrekken med 50-årsdagen («eller 50. runde som vi sier her i departementet») og opplyser at han er den som har sendt henne klart flest skriftlege spørsmål.

Dersom departementet skulle fortsette å dele ut denne prisen i fremtiden, vil den heretter bli kalt Haltbrekken-prisen, i din ære.

—  Tidlegare olje- og energiminister Tina Bru på diplomet

Derfor, «som et konkret uttrykk for anerkjennelse», utnemner ministeren han til «årets spørrer» på Stortinget. Ho legg til:

«Dersom departementet skulle fortsette å dele ut denne prisen i fremtiden, vil den heretter bli kalt Haltbrekken-prisen, i din ære.»

– Det kom ei tåre då eg fekk diplomet. Akkurat dette seier så mykje om demokratiet vårt. At norske politikarar, trass i drivande usemje, kan ha eit godt forhold, seier Haltbrekken.

Ingenting tyder på at nye ministrar slepp unna spørsmåla hans. Haltbrekken har alt levert inn seks skriftlege spørsmål til den nye regjeringa. Det på dryge to veker.


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter