Religion

For tjue år sidan hadde fire tenåringar ein idé. I år er 2000 unge samla

UNGE: Dei fire 17 år gamle kompisane kjente seg aleine som kristne. – Ingen av oss hadde sett for oss dette, tjue år seinare, seier ein av kompisane, Kristoffer Stokke, om Get Focused-festivalen.

– Dette er haustens høgdepunkt. Get Focused gjer november betre, seier Mathias Edvardsen (21).

Den låge sola lyser så skarpt gjennom dei store vindauga som berre novembersola kan. Det vrimlar av ungdom og vaksne inne på standområdet til den kristne festivalen Get Focused.

Bibelskular, folkehøgskular og misjonsorganisasjonar kappar om å lokke dei til seg med saccosekkar, lykkehjul og dorullstablekonkurranse.

Ved standen til Hedmarktoppen folkehøgskule har ein gjeng tidlegare elevar samla seg.

Edvardsen er den blant dei med absolutt lengst fartstid. Han er frå Tønsberg og har vore med på kvar festival sidan han var gammal nok, nemleg då han byrja på ungdomsskulen. Dette var noko kristen ungdom i området såg fram til i fleire år, fortel han.

Get Focused, kristen tverrkyrkjeleg festival for ungdom og unge vaksne.


No er han her som frivillig medarbeidar.

Veninna Celine Rensel (21) set pris på å både møte gamle kjente og å bli kjent med nye på festivalen. Og dette er noko av sjølve grunntanken bak Get Focused.

LES OGSÅ: To unge brødre fra Kvitsøy fronter ein sangstil som mildt sagt ikke er på moten

Kjente seg aleine

I 2002 snakka fire 17 år gamle kameratar om korleis dei kunne kjenne seg aleine som kristne. Dei visste at det var fleire kristne ungdomsmiljø i Tønsberg og omegn.

Get Focused, kristen tverrkyrkjeleg festival for ungdom og unge vaksne.

Kva med å gå saman om ei felles ungdomssamling, på tvers av kyrkjesamfunn? Som sagt så gjort. Det fyrste året blei fire lokale kyrkjelydar med.

I år er 2000 ungdom og unge vaksne samla til den tverrkyrkjelege Get Focused-festivalen på Oslofjord Convention Center i Stokke, i Sandefjord kommune.

– Det var ingen av oss hadde sett for oss at det var dette me skulle ende opp med tjuge år seinare, seier ein av kompisane, Kristoffer Stokke.

Han synest historia til festivalen som har jubileum i år viser kva ungdom kan få til har dei den rette støtta. Dette er noko dei har tatt med seg i arbeidet vidare med Get Focused.

– Me må gje unge store sko, men ikkje så store at dei blir klovnar.

350 av dei 2000 personane på festivalen er medarbeidarar med eit nøkkelkort rundt halsen. Dei treng ikkje vera eldre enn deltakarane, og mange frå nærområdet blir med som frivillige som heilt unge.

---

Get Focused

  • Kristen tverrkyrkjeleg festival for ungdom og unge vaksne.
  • Er organisert som ei sjølvstendig foreining.
  • Skjer ei helg i november kvart år.
  • Fyller tjue år i år.

---

– Mindre populært å vera kristen

Festivalsjef Remi Kleppan var deltakar for fyrste gong som 14-åring og året etter blei han med som medarbeidar.

Get Focused, kristen tverrkyrkjeleg festival for ungdom og unge vaksne.

Han fortel at 14-19 år er hovudmålgruppa, men dei har også eige opplegg for dei mellom 20 og 30 år.

Kleppan seier mange kjem til festivalen med ei kjensle av å vera aleine som ung kristen.

– Sjølv om ein veit at det finst andre der ute, er det viktig å sjå og oppleve det sjølv. Det er noko eige å stå saman med to tusen andre ungdom i ein sal.

Bak oss bryt nabobordet plutseleg ut i ein gebursdagssong, og snart er både festivalsjefen og resten av borda med.

For er me ærlege, blir det mindre og mindre populært å vera kristen

—  Remi Kleppan

Kleppan håpar Get Focused kan hjelpe unge å lyfte blikket og knyte band på tvers av kyrkjer og geografi, noko han ikkje trur er mindre viktig enn før.

– For er me ærlege, blir det mindre og mindre populært å vera kristen.

– Tørr ikkje seie dei er kristne

I tillegg til seminar, møte og underhaldning frå scena er det også plass til aktivitetar på programmet. Det er få grenser for kva det enorme konferansesenter-området kan by på av mogleikar. Eigen ishall, klatreveggar, kunstgrasbaner og idrettsarena er blant fasilitetane.

Frå venstre: Mikal H. Boka (22), Linn Christoffersen (21). Get Focused, kristen tverrkyrkjeleg festival for ungdom og unge vaksne.

Storhallen på nesten ni tusen kvadratmeter sydar av ulike aktivitetar og idrettsgreiner, alt arrangert av KRIK i samarbeid med Get Focused.

Veninnene Linn Christoffersen (21) og Mikal H. Boka (22) er med på volleyballturnering.

Begge studerer i Kongsberg og er aktive i ungdomsarbeidet der som Normisjon og pinsekyrkjelyden Betania har saman.

– Det er så fint å bli inkludert og kjenne seg som ein del av det store fellesskapet, seier Linn.

Ho synest det er gøy å kunne samlast så mange. Mikal er einig. Det verkar nesten som ho synest spørsmålet om kvifor dei har tatt turen er litt dumt:

– Det er ein fest, og då må me jau bli med på festen?, seier ho engasjert.

Veninnene trur det er fleire kristne på skular og studiestadar rundt om som ikkje tørr å seie høgt at dei er kristne, men som eigentleg lengtar etter å ha eit kristent fellesskap. Då er det fint å sjå at ein er fleire, som på arrangement som Get Focused.

Begge to trekker fram lovsongen som det desiderte høgdepunktet til no på festivalen.

Get Focused, kristen tverrkyrkjeleg festival for ungdom og unge vaksne.

– Det er noko heilt anna å høyre det live enn å ha det i hovudtelefonar. Det er så bra lyd og dei som syng er flinke.

I år står mellom anna Lisa Børud, Oslo Soul Teens og Jesus Loves Electro på scenen.

Blir rørt

Tilbake i stand-området fortel initiativtakar Kristoffer Stokke at ein opp gjennom åra har måtte lært om ulike kulturar hjå ulike kyrkjer og at ting ein har tatt for gitt at er «normalt» i eigne krinsar kanskje ikkje er det hjå andre.

– Men sjølv om det tverrkyrkjelege kan vera krevjande trur eg at Gud ser på oss meir som sysken, enn som organisasjonar med rett eller galen teologi.

Dei fleste av oss overvurderar kva me får til på tre til fem år, men me undervurderar kva me kan få til på tjue år.

—  Kristoffer Stokke

Det ligg ein eim av popkorn i lufta, og i bakgrunnen øver bandet på ein rocka versjon av «Jesus spør om du er tøff nok» til kveldsmøtet.

– I staden for å sjå på ting som motsetnadar har me tenkt at me utfyller kvarandre med dei ulike fokusa me har, seier Stokke.

På festivalen er alle velkomne, men Stokke fortel at ei overvekt av deltakarar er frå lutherske frikyrkjer og pinsekarismatiske miljø.

Get Focused 2022

Når han tenkjer tilbake på alt som har skjedd sidan han og kompisane ville at ulike kyrkjer i Tønsberg skulle samarbeide om å nå ungdom dreg han ut ein lærdom:

– Dei fleste av oss overvurderer kva me får til på tre til fem år, men me undervurderer kva me kan få til på tjue år. Dei tinga som er viktige tek lang tid. Frukta av å vera trufast erfarer ein i hovudsak over tid.

Tenkjer han over alle dei som har lagt ned timar av tida si for å få alle dei tjue Get Focused festivalane av stabelen blir han litt rørt.

Fullt til forbøn

I Hedmarktopp-gjengen tek me ein runde på kvifor folk bestemte seg å delta. Nokon har fått det anbefalt av venner, medan Erik Andersson (21) seier det var litt tilfeldig.

Han blei spurt om å vera modell for kleda til Get Focused, og måtte koma hit for å sjå resultatet, fortel han med glimt i auget.

Get Focused, kristen tverrkyrkjeleg festival for ungdom og unge vaksne.

På spørsmål om kva som har vore høgdepunktet til no er ikkje Mathias Edvardsen i tvil:

– Det var å sjå kor mange som gjekk til forbøn under møtet i går. Det var «tjåka» fullt, skildrar han.

– Det viser kor viktig denne helga er for folk, meiner Edvardsen.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion