Gjev gratis rettshjelp til ekskludert Jehovas vitne
RETTSSAK: Advokatkontoret Schjødt bistår Gry Helen Nygård med klage til Den europeiske menneskerettsdomstolen. – Denne saka er prinsipielt viktig, seier advokat.
EKSLUDERT: Gry Helen Nygård er takksam for advokathjelpa ho no får frå advokatfirmaet Schjødt.
Erlend Berge
I 2018 mista Gry Helen Nygård heile sitt sosiale nettverk, inkludert kontakten med sine to søner. Ho vart ekskludert frå Jehovas vitner, etter å ha fortalt om det ho oppfatta som eit overgrep.
Ho gjekk rettens veg for å få eksklusjonen oppheva. I mai tapte ho i Høgsterett, i juli klaga ho saka inn til Den europeiske menneskerettsdomstolen.
No kan Vårt Land fortelja at advokatkontoret Schjødt er engasjert i saka. I september sende dei inn ein ny versjon av klagen, og tek saka gratis på vegner av Nygård. Saka vart først omtala av fagbladet Juristen.
Bestill abonnement her
KJØP