Religion

Roser anbefalingane til kyrkelyd: – Steg i rett retning

LHBT: Leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem foreslår å anerkjenne homofilt samliv. Katrine Torvik er sjølv homofil og ynskjer forslaget velkomen. Andre er kritiske.

– Om dette forslaget skulle gå gjennom så tenkjer eg det er eit stort steg i rett retning, og det er absolutt på tide at det skjer noko på dette området i Misjonskirka.

Det seier Katrine Torvik om at leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem tek til orde for å «anerkjenne at eit trufast, homofilt forhold kan vera i samsvar med eit liv som Jesu disippel, og heller ikkje i seg sjølv til hinder for medlemskap eller teneste».

Torvik er sjølv homofil og har bakgrunn frå Misjonskirken Norge (MKN). Ho er også tidlegare leiar for Skeivt Kristent Nettverk i Kristiansand.

Det har vore urovekkjande taust frå Misjonskirka når det gjeld homofilispørsmålet, og er derfor veldig glad for at nokon endeleg tør å uttale seg så tydeleg.

—  Katrine Torvik

På tysdag kunne Vårt Land melde at leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem i ein e-post sendt til kyrkjelyden kjem med ei rekkje forslag til ein mogleg veg vidare i spørsmålet om homofili.

E-posten blei sendt ut som ein del av ein invitasjon til ein temakveld med namnet «Leve sammen».

Oslo misjonskirke Betlehem er den største kyrkjelyden i kyrkjesamfunnet Misjonskirken Norge.

Urovekkjande taust

Dokumentet var meint som eit utgangspunkt for vidare samtale, sa hovudpastor Erik Andreassen til Vårt Land.

Her kan du lese heile Oslo misjonskirke Betlehems tilråding om homofilt samliv.

Her kjem det fram at sjølv om ein vil anerkjenne trufast samliv så vil ein halde fast på at ekteskapet er «ei ordning mellom mann og kvinne, at mennesket er skapt til mann og kvinne, og at vår seksualitet har ei moralsk relevant binding til forplanting». Oslo-kyrkjelyden vil ikkje sjølv vie likekjønna par.

Torvik seier ho set stor pris på at leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem kjem med denne anbefalinga.

– Eg synest det har vore urovekkjande taust frå Misjonskirka når det gjeld homofilispørsmålet, og er derfor veldig glad for at nokon endeleg tør å uttale seg så tydeleg.

Ho håpar forslaget fører til at fleire vil fylgje etter.

– Mitt inntrykk er at fleire frå Misjonskirka, til og med her på Sørlandet, meiner det er på tide at kyrkjelydane byrjar å bevege seg i dette spørsmålet, men at få tør å seie det høgt.

– Frykteleg lei meg

Men ikkje alle set pris på forslaget til leiinga i Oslo misjonskirke Betlehem.

Tidlegare pastor i kyrkjelyden, Gjermund Igland er ikkje imponert.

– Viss dei har jobba med dette i eit og eit halvt år hadde eg forventa større teologisk tyngde. Det overraskar meg at dei ikkje grunngjev dette nye standpunktet betre teologisk, men at det heller verkar som dei har latt seg påverke av oppfattinga i samtida, seier Igland.

Det er ein stor sorg for meg som tidlegare pastor i kyrkjelyden at ein kjem med eit forslag som bryt så fundamentalt med guds ord.

—  Gjermund Igland

Han er i dag pastor i Arendal Misjonskirke. Han har tidlegare stilt opp i Dagen og Verdinytt, og seier han har fått mange tilbakemeldingar frå folk som set pris på at han er ei tydeleg stemme for eit konservativt samlivssyn.

– Når eg får høyre om dette blir eg frykteleg lei meg. Det er ein stor sorg for meg som tidlegare pastor i kyrkjelyden at ein kjem med eit forslag som bryt så fundamentalt med Guds ord.

---

Misjonskirken Norge

  • Frivillig organisasjon og kristent trussamfunn stifta i 1884.
  • Heitte fram til 2016 Det Norske Misjonsforbund.
  • Kallar seg ei kyrkjelydsrørsle med fokus på misjon.
  • Har om lag 11 500 medlemmar (utgangen av 2019).
  • Har 91 kyrkjelydar rundt i Noreg.
  • Medlemmar har samvitsfridom rundt lærespørsmål som dåp, nattverd, og dessutan om ein ynskjer medlemskap i Den Norske Kyrkja.

Kjelder: Kirkesamfunn i Norge, innføring i kirkekunnskap og mknu.no

---

– Ein utopi

Han trur løysinga leiinga har foreslått ikkje vil kunne stå seg over tid og at dette berre er fyrste steget mot også å vie likekjønna.

Gjermund Igland

– At ein skal leve med eit slikt mellomstandpunkt er ein utopi, meiner pastoren.

Igland meiner Bibelen er heilt tydeleg på at samliv er for mann og kvinne.

– Eg meiner at Misjonskyrkja sentralt vanskeleg kan leve med at ei kyrkje startar denne praksisen, fordi det bryt med trusgrunnlaget vårt.

Pastoren seier både heterofile og homofile må velgje korleis dei vil leve, men meiner at det er klokkeklart at ein ikkje både kan leve etter Guds ord og leve i eit likekjønna forhold.

– Eg forstår at det er smertefullt og krevjande, og det er ingen andre enn ein sjølv som kan ta eit slik val. Men som alle menneske må dei prøve sitt eige liv på Guds ord.

– Burde vera sjølvsagt

Torvik på si side er glad for at leiinga ynskjer at homofile no skal kunne ha alle verv i kyrkjelyden.

– Samstundes meiner eg det er litt trist at dette er noko me er forventa å juble over i 2022. Det burde vera sjølvsagt at kyrkja sluttar å bruke kjærleik som årsak til å halde nokon utanfor visse typer verv i kyrkjelyden.

Torvik håpar at MKN etter kvart vil anerkjenne likekjønna ekteskap, men at ho har forståing for at dette kan ta tid.

– Eg er takksam for alle steg ein tek i retning av eit meir inkluderande kyrkjelydsfellesskap.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion