Religion

Undersøking: Sjeldan at unge tenkjer dårleg om Jesus

NYSGJERRIG GENERASJON: Nesten halvparten av ungdommane i ei ny, internasjonal undersøking meiner at Jesus er kjærleg og gjev håp. – Gjev inntrykk av ein open, inkluderande og nysgjerrig generasjon, meiner direktør.

«Data viser at tenåringar sjeldan tenkjer dårleg om Jesus. Dei fleste tenåringar rundt om i verda har eit positivt inntrykk av han».

Slik samanfattar amerikanske Barna Group nokon av resultata frå ei undersøking dei har gjort i samarbeide med fleire kristne organisasjonar.

I den nettbaserte undersøkinga har nesten 25.000 ungdommar i alderen 13-17 frå 26 forskjellige lang svart på kva dei tenkjer om Jesus, Bibelen og rettferd. Dagen skreiv fyrst om saka.

Sjølv om denne generasjonen kanskje ikkje er djupt engasjert i Jesus, er de opne for han

—  David Kinnaman, administrerende direktør i Barna Group

Nesten halvparten av ungdommane meiner at Jesus er kjærleg og meiner at han gjev håp. 43 prosent meiner Jesus bryr seg om menneske og 38 prosent meiner han er truverdig.

– Denne studien er meint å hjelpe oss til å lytte til dei som er tenåringar i dag. Desse stemmene gjev inntrykk av at denne generasjonen er open, inkluderande og nysgjerrig på ulike trusretningar og perspektiv.

Det seier David Kinnaman, administrerande direktør i Barna Group ifylgje Premiere Christian News.

Mindre positive til kristne

I undersøkinga har ein spurt ungdom både i Amerika, Asia, Afrika, Oseania og Europa, men Noreg er ikkje ein av desse. Det er derimot andre europeiske land som Storbritannia, Irland, Tyskland, Spania, Frankrike, Polen og Russland.

Undersøkinga blei sendt til eit tverrsnitt av folk i det aktuelle landet, uavhengig av trua deira.

Ifylgje Premier Christian News oppgav om lag halvparten av ungdommane at dei trur Jesus blei krossfesta, og ein tredjedel seier dei trur han stod opp frå dei døde.

Likevel meiner under ein fjerdedel at Jesus utgjer ein verkeleg forskjell i verda i dag, og at dei meiner at dei kan ha ein personleg relasjon til han.

Svara til ungdommane viser også at dei er mindre positive til kristne. Berre 18 prosent meiner kristne er kloke, og andre svarte at kristne var meir dømmande eller hyklerske enn Jesus.

– Våre data tyder på at sjølv om denne generasjonen kanskje ikkje er djupt engasjert i Jesus, er de opne for han, og når dei engasjerer seg, opplever dei positive effektar, seier Kinnaman.

---

Undersøkinga «The open generation»

  • Internasjonal studie gjennomført av amerikanske Barna Group, i partnarskap med organisasjonar som Alpha, Biblica og World Vision.
  • Nesten 25.000 respondentar mellom 13 og 17 år.
  • Gjennomført i 26 land. Feilmarginen for resultata frå kvart land er 2,1 prosentpoeng.
  • Svara har komme inn mellom juli 2022 og februar 2022.

«Korleis tenåringar verda rundt forheld seg til Jesus» er den fyrste av tre delar i serien «The open generation». De to neste delane handlar om Bibelen og rettferd.

Kjelde: Barna Group

---



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion