Religion

Dette skal tilsette i Den norske kyrkja lære om LHBT+

KJØNN OG SAMLIV: LHBT-kurset til Den norske kyrkja har fått fleire til å reagere. Her er det som blir lært vekk.

I 2018 vedtok Kyrkjerådet at det skulle bli utvikla eit kurs- og samtaleopplegg for å auke kompetansen til tilsette i Den norske kyrkja (DNK) kring LHBT+, kjønn og seksualitet. LHBT+ er ei forkorting for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar med fleire.

Kurset er no ferdig og skal bli presentert for Kyrkjerådet i november. Men kurset har alt rokke å vekkje debatt.

Tidlegare i haust oppmoda den kyrkjepolitiske lista Frimodig kirke tilsette i DNK til å «seie nei» til kurset, og hevda blant anna å ha fått tilbakemeldingar frå deltakarar som opplevd innhaldet som «einsidig propaganda».

Vårt Land fått tilsendt kursmateriellet, i form av ein PowerPoint-presentasjon med 46 plansjar, med tilhøyrande presentasjonsnotat. I tillegg ligg det ved eit dokument med praktiske tips til kursorganisator og kursleiarar, og eit dokument med lenker til ressursar og kjelder frå kurset.

PowerPoint-plansjer i Den norske kyrkja sitt LHBT+-kurs for alle tilsette.

Kurset byrjar med ei videohelsing frå kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum, der ho refererer til rapporten som kom i 2020, som mellom anna viste at éin av fem tilsette med LHBT-identitet i DNK har opplevd diskriminering.

To teologiske syn

– Me er i gang med oppfylginga av funna i rapporten. Det er ein del av vår aktivitetsplikt som arbeidsgjevar, seier Raaum.

Kristin Gunleiksrud Raaum.

Vidare presiserer ho at det er to teologiske syn på vigsel av likekjønna i DNK.

– Men uansett vårt syn i denne saka, må me arbeide med vår kunnskap og praksis på dette feltet, held ho fram, og seier dette er viktig for å kunne møte alle menneske på ein god måte.

– Slik at ungdom med LHBT-identitet opplever Den norske kyrkja som ein trygg og god stad. Slik at dei som ringjer for å melde dåp eller vigsel kjenner seg varetekne på ein god måte, også i eit LHBT-perspektiv.

Kristine Sandmæl kjem også med ei videohelsing i fyrste del av kurset. I tillegg til å vera prost i Lofoten prosti og leiar av Mellomkyrkjeleg råd er Sandmæl leiar for LHBT-utvalet i DNK. Det er ei arbeidsgruppe sett ned av dette utvalet som har stått bak utviklinga av LHBT-kurset. Ho fortel litt om arbeidet til LHBT-utvalet og kva håp dei har for kurset:

– Vår visjon er at kurset kan gjera kyrkjelydane i Den norske kyrkja endå betre på å vera trygge rom for alle menneske, særleg minoritetar og at Den norske kyrkja kan bli ein endå betre arbeidsgjevar for alle.

Forelder nummer to

Etter litt meir av bakgrunnen for kurset kjem ein «opplæringsdel».

I denne delen går ein gjennom:

  • Historisk utvikling
  • Enkeltpersonars betydning
  • Omgrep og ord
  • Levekår og livskvalitet
  • Litt frå forskinga
  • Rettsleg vern
  • LHBT+ og folkekyrkja
  • Kyrkja som trygge rom
  • Korleis er det hjå oss?
  • Inkluderande språk
  • Kyrkja som inkluderande arbeidsplass

Fleire stadar i kurset er det lagt opp til diskusjon i grupper.

Det er trist å oppmode folk til å boikotte eit kurs. Det er betre å koma med eit ope sinn, også kan ein heller slakte kurset etterpå.

—  Kristine Sandmæl

Biskop i Tunsberg, Jan Otto Myrseth, introduserer gruppeoppgåvene i ein videosnutt, og ynskjer deltakarane lukke til.

– Det handlar om heile kyrkjas truverd, og om å bidra til sunnheita og helsetilstanden i vårt kyrkjelege fellesskap, seier biskopen.

I gruppeoppgåvene skal deltakarane mellom anna diskutere om ein heller bør spørje etter «forelder nummer to», enn «mor» når far ringjer i forbindelse med innmelding til dåp.

Ein skal også snakke om påmeldingsskjema, og om ein bør ha felt som «anna» eller «ynskjer ikkje å oppgje» under avkryssing før kjønn.

– Respekterer ikkje ulike syn

– Kursa byggjer på ei einsidig tilnærming, som ikkje respekterer ulike syn. Dei blir oppfatta som eit ovanfrå-og-ned-tiltak som blir pressa på dei tilsette, meiner Therese Egebakken, styremedlem i den kyrkjepolitiske lista Frimodig kirke.

PowerPoint-plansjer i Den norske kyrkja sitt LHBT+-kurs for alle tilsette.

Ho har sett kursmateriellet. Egebakken er også medlem av Stavanger bispedømeråd og sit i Kyrkjerådet.

– Det som her blir kalla å «heve kompetansen», meiner eg er å tre nedover hovuda på tilsette ein særskilt type tankegang og kjønn, seksualitet og samliv som er i tråd med tidsånda, og som ikkje tek omsyn til dei mange tilsette med ei tradisjonell forståing, seier Egebakken.

På spørsmål om konkret kva delar ved kurset ho reagerer på, seier Egebakken at ho opplever at kurset eksempelvis oppfordrar til bruk av kjønnsnøytrale pronomen og implementering av kjønnsnøytrale toalett i kyrkja.

Kjønnsnøytrale toalett

Ho viser til ein plansje i kurset, der det står at ein skal diskutere mellom anna korleis toaletta er merka i kyrkjelydshus og kyrkjer, og om skiltinga av desse er inkluderande. Vidare står det:

«Ikke binære personer har en utfordring med dette da det finnes fordommer i forhold til om f.eks. trans-kvinner skal bruke dametoalettet eller ikke. Mange velger derfor å gå på HC-toalettet for å unngå trakassering. Til vurdering: Kan vi merke toalettene på en slik måte at det i seg selv er et uttrykk for inkludering?»

Gardermoen  20170329.
Toalett skilt på nye Oslo lufthavn som åpner offisielt torsdag 27. april i år.
Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Kan ein hevde at dette er ei oppfordring til å implementere kjønnsnøytrale toalett i kyrkja? Er det ikkje ei oppfordring til refleksjon eller diskusjon?

– Her er eg overtydd om at dei som har utarbeida kursinnhaldet har formulert seg spørjande for å førebyggje denne typen kritikk mot innhaldet, seier Egebakken.

Dette seier Kristine Sandmæl, leiar for LHBT-utvalet i DNK, at ikkje stemmer.

– Me har formulert oss spørjande fordi målsetjinga er refleksjon hjå kursdeltakarene, seier Sandmæl.

Egebakken meiner at sjølv om avsnittet er formulert som eit spørsmål til refleksjon, så er heile tonen i manuset oppmuntrande til å inkludere eit kjønnsmangfald, mellom anna gjennom å ha kjønnsnøytrale toalett.

– Dette reagerer eg på. Ved å leggje fram dette på desse kursa så meiner eg at kyrkja, som er ansvarleg for kursa, stiller seg bak innhaldet som blir presentert, seier Egebakken.

– Ingen blir tvinga til å endre meining

Sandmæl seier til Vårt Land at kurset ikkje handlar om å få folk til å endre meining i spørsmål kring LHBT+.

– I kurset seier ein ikkje: Dette er sanninga som du skal vera einig i. Det er ingen på kurset som skal tvinge deg til å endre meining. Det er eit kurs som skal heve kompetansen til folk kring LHBT+, og som skal gjera oss som kyrkje betre i stand til å møte medmenneske.

PowerPoint-plansjer i Den norske kyrkja sitt LHBT+-kurs for alle tilsette.

– I DNK har ein to syn på vigsling av likekjønna. Korleis trur du dei som er konservative i dette spørsmålet vil oppleve kurset?

– I starten av kurset seier me at fokus for kurset ikkje er synet på vigsel. Det handlar om at me skal ha kunnskap om korleis LHBT+-personar opplever livet sitt, og at ein skal kunne forstå kva ein snakkar om når ein brukar ulike omgrep, svarar Sandmæl.

Ho trekkjer fram døme om at ein skal lære kva ulike omgrep betyr, få kunnskap om symbolbruk og at ein oppmodar til refleksjon rundt ulike situasjonar eller spørsmål.

– Ganske drøyt

Therese Egebakken saknar også referansar til bibeltekstar i kurset.

– Men der er referansar til vitskapelege kjelder, og det blir sagt eksplisitt at dette skal vera eit kompetansehevande tiltak, ikkje eit innlegg i ein teologisk debatt. Ville ikkje det å trekkje inn Bibelen gjort det til nettopp dette?

– Jau, kjeldetilvisingar er bra. Men det som blir lagt fram som premiss og sanning er eigentleg omdiskuterte påstandar, som heller ikkje har rot i Bibelen. Derfor stiller me spørsmål ved kva som er utgangspunktet for diskusjonen. Tidsanda me lever i, eller det me trur på?, spør Egebakken.

På spørsmål om kva premiss ho siktar til, gjev ho eitt døme frå kurset der ein skriv om kjønnsidentitet: «En del mennesker opplever at det kjønnet de er tildelt ved fødsel, ikke stemmer overens med det kjønnet de kjenner seg som og identifiserer seg med. Det er vanlig å gi disse menneskene betegnelsen transperson».

– Eg meiner at ved å i det heile tatt ha dette med i kurset, så går kyrkja god for dette og støttar ideen om at Gud har skapt mennesker i feil kropp frå fødselen av. Det er ganske drøyt, seier Egebakken.

Kirkemøtet 2022. Den norske kirke. Trondheim.

Ho saknar at det kjem fram i kurset at det er lov i kyrkja å meine at det berre finst to kjønn, og at Gud har skapt samlivet og ekteskapet for éin mann og éi kvinne.

– Ein ting er å understreke at det er to syn i Den norske kyrkja på vigsel og samliv, men det hjelper ikkje når det i realiteten berre blir fremma eitt syn i desse kursa, seier Egebakken.

– Mykje ville vore gjort om ein hadde tatt inn fleire stemmer som speglar meiningsmangfaldet som ein finn i kyrkja, seier ho.

– Trist å oppmode til boikott

Sandmæl har liten sans for Frimodig kirke si oppmoding om å seie nei til å delta på kurset:

– Det er trist å oppmode folk til å boikotte eit kurs. Det er betre å koma med eit ope sinn, også kan ein heller slakte kurset etterpå. Synest du det er elendig og einsidig, så sei ifrå i etterkant, oppmodar ho.

Sandmæl kallar kurset eit HMS-tiltak og eit «ganske rett-fram opplæringskurs». Likevel har ho forståing for at nokre kan bli skeptiske når dei høyrer at dei skal på LHBT+-kurs.

– Men dette handlar om å bli betre til å møte menneske. Det kan vel aldri bli farleg å prøve seg på?

---

«Kyrkja skaper trygge rom»

  • Kurs- og samtaleopplegg for å auke tilsette i Den norske kyrkja sin kompetanse kring LHBT, kjønn og seksualitet.
  • Alle tilsette, både tilsette i den såkalla «embedslinja» og i fellesrådslinja, skal gjennom kurset.
  • Kyrkjerådet rår til å ha kursa prostivis.
  • Kurset tek om lag 3 timar.
  • Kyrkjeverje(r) og prost arrangerer, men det er kursa kurshaldarar som skal leie kurset.

Kjelde: Den norske kyrkja

---


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion