Religion

Arbeider med ny innstilling til kyrkjeleg organisering: – Folk er i rørsle

KYRKJEMØTET: Leiar for komiteen som jobbar med kyrkjeleg organisering under Kyrkjemøtet, Harald Hegstad, har tru på at ein får fleirtal for ny modell. Han håpar ein slepp nye omkampar.

– Folk seier dei er trøytte og leie av kyrkjeleg organisering no. Kan det bidra til at ein endeleg får landa eit fleirtal for ein modell?

Harald Hegstad humrar.

– Eg trur det er ei kjensle av at me er nøydde til å koma oss vidare. At me ikkje kan halde på slik å diskutere dette i det uendelege.

Hegstad er leiar for komiteen som under Kyrkjemøtet skal behandle saka om korleis Den norske kyrkja skal organisere seg. Han er valt inn frå Oslo bispedøme, og er til vanleg professor i systematisk teologi.

– Kvifor er kyrkjeleg organisering så viktig? Det er kanskje noko som i utgangspunktet høyrest ganske tørt og kjedeleg ut for mange?

– Det er for å kunne ha ein best mogleg basis for å gjera det me eigentleg skal gjera at me no må bli ferdige med organiseringa. Viss me har ein ineffektiv organisasjon så får me ikkje gjera det me eigentleg skal gjera som kyrkje. Då må me bruke masse unødvendige ressursar på dobbeltarbeid og så vidare.

Den gongen var det veldig spissa og konfliktfylt. No trur eg folk har større forståing for andre sine argument og ståstadar.

—  Harald Hegstad

Spissa og konfliktfylt

Me tek ein prat med Hegstad etter endå eit komitémøte der saka har stått på tapetet. Møta er ikkje opne for pressa, og Hegstad vil ikkje dela kva som har blitt sagt og diskutert der. Men han melder om overraskande god stemning.

I 2016 leia han ein ganske lik komité. Også den gongen låg det éin modell på bordet kor arbeidsgjevaransvaret for alle som arbeidde lokalt skulle liggje i fellesrådet, og éin modell der arbeidsgjevaransvaret skulle liggje i bispedømerådet. Ingen av desse fekk fleirtal.

– Den gongen var det veldig spissa og konfliktfylt. No trur eg folk har større forståing for andre sine argument og ståstadar. Det gjer det lettare å snakke saman.

Saka om korleis Den norske kyrkja skal vera organisert i framtida har vekt mykje debatt og engasjement både i forkant av årets Kyrkjemøte, og under storsamlinga for folkevalde.

Dette er så gjennomarbeida no at eg er rimeleg trygg på at me kjem i land.

—  Harald Hegstad om kyrkjeleg organisering

Vil ikkje flagge eige syn

Før saka på nytt skal diskuterast i plenum laurdag føremiddag, skal komiteen Hegstad leiar levere inn ei innstilling nummer 2. Her fortel han at dei skal slå fast kva modell dei ynskjer, og korleis dei vil «nyansere» modellen. Dessutan skal dei ta for seg ein del element kring organisering av kyrkja som er uavhengig av kva modell ein landar på.

I den fyrste innstillinga deira blei det klart at eit fleirtal i komiteen ynskjer seg modell nummer 3 (sjå faktaboks). Det er same modell som også fleirtalet i Kyrkjerådet vil ha.

– Er det over og ut for modell 1 og 2? Eller er det framleis sjanse for at ein går for ein av dei?

– Nei, det vil eg ikkje kommentere. Men det er klart at folk er i rørsle og ting skjer, seier Hegstad.

– Kan du seie noko om kva modell du i utgangspunktet ynskte deg?

Det trur eg ikkje vil vera rett for meg som komiteleiar å flagge akkurat no.

Han er heller ikkje villig til å dela kva frå plenumsdebatten frå torsdag som har fått påverke komiteen, men seier at dei har lytta nøye, og tatt med seg innspela vidare.

Hegstad har ikkje frykta å ikkje få fleirtal for nokon av modellane.

– Dette er så gjennomarbeida no at eg er rimeleg trygg på at me kjem i land.

---

Modellane Kyrkjemøtet har fått på bordet:

  • Modell 1: Soknet er arbeidsgjevar for alle som jobbar lokalt.
  • Modell 2: Rettssubjektet Den norske kyrkja er arbeidsgjevar for alle.
  • Modell 3: Både rettssubjektet Den norske kyrkja og sokna er arbeidsgjevarar.

I alle tre modellane tek ein utgangspunkt i at utøvinga av arbeidsgjevarfunksjonar i hovudsak ligg i Fellesråd. Det vil seie at ein i modell 2 og 3 delegerer dette ansvaret frå rettssubjektet Den norske kyrkja.

Kyrkjerådet har bedt Kyrkjemøtet om å gå for modell 3. Det same gjer også komiteen som jobbar med saka under Kyrkjemøtet i si fyrste innstilling.

Kjelde: Den norske kyrkja og Vårt Land Arkiv

---

Ein foreløpig modell?

Han trur det avgjerande blir å koma med eit vedtak der ein ser at ein har balansert ulike omsyn, særleg med tanke på at det skal vera samanheng og heilskap i organiseringa av kyrkja, og at ein varetek lokal forankring.

– Tenkjer du at ein av dei omsyna er vektlagt meir enn det andre i modell 3?

– Modell 3 prøvar å balansere omsyna. Derfor den blir sett på som ein hybridmodell.

No håpar Hegstad at ein slepp nye rundar med omkampar etter eit prinsippvedtak.

– Nokon omtalar modell 3 som «eitt skritt på vegen», før ein til slutt landar på ei løysing med éi arbeidsgjevarlinje. Er modell 3 ein foreløpig modell?

– Det trur eg det er ulike oppfatningar om. Det treng ikkje me i komiteen å ta stilling til, det er opp til seinare kyrkjemøte om ein ynskjer å vidareutvikle eller gjera nye vedtak.

– Dette har vore ein sak i 15-20 år. Ville det ikkje vore dumt å vedta noko som kan føre til ein ny, tilsvarande prosess om få år?

– Det er alltid den risikoen ein har i eit demokrati, at ein kan ikkje bestemme kva dei som kjem etter oss skal bestemme.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset | TRONDHEIM

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion