Styreleiar i stiftinga P22 om det siste året: – Ein stor snuoperasjon

RUSOMSORG: Uro og konflikt har prega den kristne russtiftinga P22 dei siste åra. Omlag eitt år har gått sidan ny leiing kom på plass. Dagleg leiar og styreleiar seier stiftinga var overbemanna, hadde store økonomiske problem og ein bedriftskultur som måtte endrast.

Den kristne stiftinga P22 skal endeleg markere at dei er på plass i nye, flotte lokale på Tåsen i Oslo.

Representantar for Helse- og omsorgsdepartementet, Utlendingsdirektoratet og bydel Nordre Aker er på plass for eit omfattande program med musikk, taler, andakt, omvising, og trerettars lunsj.

Stemninga er god, og finstasen på. Men den kristne stiftinga som driv med rusomsorg har tøffe år bak seg med intern uro og fleire leiarskifte.

For om lag to og eit halvt år sidan uttrykte ei gruppe tilsette mistillit til mangeårig styreleiar, Jørgen Aass.

Opning av P22 sine nye lokale.

I januar 2020 trådde han midlertidig til side, men returnerte eit halvt år seinare. Staben var ikkje orientert om at Aass skulle tilbake i rolla, og fire tilsette sa opp stillingane sine då det blei kjent. Samstundes gjekk to styremedlemmar ut av styret. I desember 2020 skreiv Vårt Land at totalt elleve personar hadde levert oppseiingar etter at Aass kom tilbake.

I fjor sommar trakk Jørgen Aass seg som styreleiar P22, og tidlegare KrF-politikar Lars Rise overtok som styreleiar. 1. september, nesten tre månadar seinare kom ny dagleg leiar, Jens Christian Petersen, på plass.

15 permitterte i vår

No, eitt år seinare, fortel dei om det Rise omtalar som «ein stor snuoperasjon».

Dagleg leiar Petersen fortel at mellom anna 15 tilsette blei permitterte i vår, som ein av fleire tiltak for å få stiftinga ut av eit økonomisk uføre. Vel og merke var mange av desse deltidstilsette. Meir om det snart.

For fyrst får heile den store, festkledde gjengen ei omvising i dei nye lokala til P22.

Opning av P22 sine nye lokale.

Det litt kryptiske namnet til stiftinga som driv eit lågterskeltilbod for rusavhengige kjem av dei fyrste lokala dei heldt til i, nemleg Pilestredet 22 i Oslo. Deira siste opphaldsstad var i eitt av bygga på området til Lovisenberg diakonale sykehus.

Dei nye lokala lenger nord i byen har same eigar, men har blitt bygd om for å passe behova til russtiftinga betre.

– Her har me flottare fasilitetar og bad på romma, utan at det er dyrare, forklarar Rise nøgd.

Me blir trygt geleida gjennom korridorar og får sjå på velutstyrte treningsrom, trivelege stover, hobbyrom, legekontor og soverom.

Her kan 15 personar bu i opp til åtte veker om gongen for å få hjelp til avrusing og rehabilitering.

Opning av P22 sine nye lokale.

– Kanskje eg er verdt noko?

På terrassen utanfor personalrommet delar Amir Tehrani frå korleis opphaldet hjå P22 snudde opp ned på livet hans. Familien hans kom som flyktningar frå Iran då han var liten. Amir og systera var dei einaste på skulen med ein annan hudfarge enn kvit.

Fysisk og psykisk mobbing blei ein del av kvardagen. Kva feila han? Hatet smitta over på hans eige sjølvbilete og trøysta fann han i rus.

Opning av P22 sine nye lokale.

Etter fleire forsøk på avrusing og 18 år som heroinbrukar fekk han plass hjå P22. Eitt enkelt spørsmål frå ein av dei tilsette skulle endre alt: «Korleis går det med deg, Amir?»

– Kvifor spør dei om det, tenkte Amir forvirra.

Sakte men sikkert blei han trygg på at menneska her brydde seg om han.

Omtanken smitta over på sjølvbiletet, og no spurte Amir seg eit anna spørsmål: «Kanskje eg er verdt noko?»

– Eg har vore fem og eit halvt år utan rus, fortel Amir stolt.

No jobbar han deltid ved P22.

Avdekking

Tilbake i spisesalen, som eigentleg minner meir om ei stove, er det meir program. Tida har kome for å heidre Frelsesarmé-offiseren Aase Marti, som starta P22. Fleire familiemedlemmar har koma hit i dag. Eine sonen har tatt turen heilt frå Sveits for å sjå måleriet av mora bli avdekkja.

I naborommet heng det eit måleri av same kunstnar av tidlegare styreleiar Jørgen Aass. Også han får sin dose godord av dagleg leiar, Petersen, som rosar all innsatsen han har lagt ned over fleire tiår.

Opning av P22 sine nye lokale.

– Me er deg evig takksam.

Under kaffien seier både Petersen og Rise seg villige til eit lite intervju om den siste tida. Me snik oss unna på terrassen utanfor og slår oss ned i ei hagemøbelgruppe.

– Det har vore ein del uro dei siste åra. Korleis er stemninga her no?

– Stemninga her er svært god. Me har fått til ei god drift og me har ei god leiing. Og det er god stemning blant dei tilsette, seier han.

Ein må vera open om prosessar, om økonomi og tilstanden på ting. Slik kan ein møte dei narrativa folk har laga om at «det må henge saman slik eller slik».

—  Jens Christian Petersen, dagleg leiar P22

– For mange tilsette

Om stemninga var like god nokre månadar tilbake kan ein kanskje stille spørsmål ved. Våren 2022 blei til saman 15 personar permitterte frå P22, fortel dagleg leiar Petersen.

– Lars fekk ein krevjande situasjon i fanget då han kom i juni i fjor, med ei verksemd som er overbemanna, gjeldstyngd og har store, økonomiske utfordringar. Alt dette pluss ein bedriftskultur som ein må snu, seier Petersen.

Opning av P22 sine nye lokale.

– Det hadde blitt tilsett for mange i 2021. Den tidlegare leiinga ynskte å starte opp ei ny avdeling, men byrja i litt feil ende, nemleg med å tilsetje personar før midlar til dette var på plass, seier Rise.

I midten av august hadde alle som ikkje hadde sagt opp eller pensjonert seg sidan dei blei permitterte kome tilbake på arbeid, opplyser Petersen.

– Det var fagforeininga Delta som foreslå permitteringar som eit alternativ til nedbemanning. Både tillitsvalt her på huset og fagforeininga var involverte i heile prosessen, og eg synest det blei gjort på ein ryddig og ordentleg måte, seier han.

No er det 35 tilsette ved P22, opplyser han.

---

P22

  • Namnet P22 har opphavet sitt i adressa der verksemda byrja: Pilestredet 22 i Oslo. Frelsesarmeen og Kristenfolkets Edruskapsråd var involvert.
  • P22 blei oppretta i 1979 av Frelsesarmé-offiseren Aase Marti, men blei lagt ned i 1990 da verksemda gjekk konkurs.
  • Etter eit kort opphald oppretta Jørgen Aass same år «Stiftelsen P22» slik at arbeidet kunne halde fram.
  • Verksemda heldt i nokre år til i Osterhausgata 11 før den i 2015 flytta til Lovisenberggata 11, like ved Lovisenberg sjukehus. I 2022 flytta dei inn i Pastor Fangens vei 18 på Tåsen i Oslo. Her er dei samlokaliserte med eitt akuttmottak for ukrainske flyktningar.
  • I juni 2021 gjekk Jørgen Aass av som styreleiar, og Lars Rise tok over leiinga av styret som er sjølvsupplerande.
  • I fjor slutta Trond Thommesen som dagleg leiar for P22 etter å ha hatt jobben i eitt år. 1. september 2021 blei Jens Christian Petersen tilsett som fungerande dagleg leiar, før han formelt fekk stillinga fast 1. januar 2022.

Kjelde: P22

---

– Kvar stein har blitt snudd

– De valde å heidre Jørgen Aas i dag. Det vil kanskje nokon reagere på etter all misnøya og uroa rundt han?

Utan Jørgen Aas hadde ikkje P22 eksistert i dag. Også må du hugse på ein ting: det har svirra veldig mange påstandar om alvorlege forhold her. Det har gjort at fleire offentlege instansar har gjennomlyst denne stiftinga gjennom to år. Kvar stein har blitt snudd og vendt, og me var svært tilfredse med konklusjonane, seier Rise.

Han fortel at Både Helsedirektoratet og Stiftingstilsynet har gjennomgått påstandane som har krinsa rundt P22.

– At det har vore nokon ivrige aktørar som har ynskt å spreie påstandar om oss er det inga tvil om. Men me kjenner oss veldig trygge etter å ha blitt så nøye undersøkte.

Opning av P22 sine nye lokale.

Petersen seier det har vore eit krevjande arbeid det siste året, men er godt nøgd med resultatet.

– Me har jobba knallhardt og me har fått resultat. No er verksemda økonomisk i balanse, me er ein glad gjeng som jobbar her, og me får toppscore på bebuarane sine vekevise vurdering av tilbodet hjå oss.

Det har svirra veldig mange påstandar om alvorlege forhold her. Det har gjort at fleire offentlege instansar har gjennomlyst denne stiftinga gjennom to år.

—  Lars Rise, styreleiar for P22

Har jobba med bedriftskulturen

På spørsmål om kva han legg i at bedriftskulturen måtte endrast legg han særleg vekt på openheit, involvering og medbestemming.

– Ein må vera open om prosessar, om økonomi og tilstanden på ting. Slik kan ein møte dei narrativa folk har laga om at «det må henge saman slik eller slik», seier Petersen.

Opning av P22 sine nye lokale.

– Var ein for lite open om ting i P22 før?

Kanskje, kanskje ikkje, men det er i alle fall min stil å vera open om ting.

Rise rosar Petersen for dette arbeidet, og utdjupar kva han meiner var ein del av bedriftskulturen i P22 før:

– Det er ikkje slik at dei tilsette er generalforsamlinga som skal godkjenne styret og deira avgjersler.

No trur og håpar han på gode tider framover:

– Me fått ei god og trygg leiing, og svært mykje har skjedd dei siste månadane. Ikkje minst at den økonomiske situasjonen er snudd. Det har skapt eit trygt grunnlag for drifta i dette flotte bygget der me no har ei langsiktig leigeavtale. Me har me kome for å bli, seier Rise.


Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion