Religion

Sende kort til prinsessa: – Hugs at sjamanisme ikkje er foreneleg med luthersk-evangelisk religion

KONGEHUSET: Unge Venstre sende gebursdagskort til prinsesse Ingrid Alexandra. Der kjem dei med sleivspark til vedkjenningsparagrafen, men legg til: – Null stress, me jobbar for å fjerne den.

På torsdag kveld la leiaren i Unge Venstre, Ane Breivik, ut bilete på Twitter av kortet som ho på vegner av ungdomspartiet har sendt til prinsesse Ingrid Alexandra i høve hennar 18-årsdagsfeiring. Prinsessa blei myndig 21. januar i år, men på grunn av pandemien blei feiringa utsett til 16. og 17. juni.

I kortet står det:

«Gratulerer med dagen, Ingrid Alexandra! Vi gleder oss til å se deg krabbe foran slottet i russebuksa neste år. Husk at sjamanisme ikke er forenelig med den luthersk-evangeliske religionen, som du blir forpliktet til å vedkjenne deg jf. Grl. § 4. Men null stress, vi jobber med å fjerne den grunnlovsparagrafen. Liberal hilsen, Ane Breivik, Leder i Unge Venstre.»

Ane Breivik fra Bærum er ny leder i Unge Venstre. Foto: Erika Melhus / Unge Venstre / NTB

Ho siktar til paragraf 4 i den norske grunnlova, ofte kalla vedkjenningsparagrafen, der det står at «Kongen skal alltid vedkjenne seg den evangelisk-lutherske religionen». I paragrafen før blir det gjort klart at dette også gjeld om ei dronning er monark.

Reaksjonane i kommentarane til Twitter-innlegget er blanda, og sjølv om nokon meiner det er «fantastisk», ser den hyppigaste kommentaren ut til å vera eit enkelt «flaut». Andre meiner kortet er «respektlaust» eller «ufint». Det tek Breivik med stor ro.

– Det handlar om korleis mottakaren tek det, og me håpar ho synest det er morosamt. Eg trur ikkje prinsessa er i tvil om kva Unge Venstre meiner i spørsmålet om monarki eller republikk. På denne måten kan me peike på vår ståstad, men gjera det med humor.

– Prøver å ta kampen for henne

I 2020 foreslo Venstre å fjerne vedkjenningsparagrafen og fjerne formuleringa om at Den norske kyrkja er folkekyrkja i Noreg. Dei har også programfesta at «i et liberalt demokrati skal ingen offentlige posisjoner gå i arv. Avvikling av monarkiet må forankres i folkeavstemning». Eit likelydande forslag blei nedstemt av Stortinget.

Sjølv om Breivik skriv at dei «jobbar med saka», veit ho ikkje om konkrete planar for eit nytt forslag til grunnlovsendring. Men prinsippet står fast.

– Etter mi meining er det djupt problematisk at vår framtidige monark ikkje har religionsfridom. Me prøver å ta den kampen for henne, og me håpar ho set pris på det.

– Er du sikker på at ho ynskjer seg den kampen?

– Sjølv om ho kanskje er glad for å vera medlem av Den norske kyrkja, er det framleis problematisk med ei slik formulering i Grunnlova, meiner Breivik.

– Det står i Grunnlova, og det forheld eg meg heilt fint til. Det har ikkje vore noko stort problem for meg, sa prinsessa om vedkjenningsparagrafen til NRK tidlegare i år.

Kongen ville behalde paragrafen

Mange tenkjer kanskje at monarken i Noreg må vera medlem i Den norske kyrkja, men det står berre at «Kongen skal alltid vedkjenne seg den evangelisk-lutherske religionen».

Historikar og tidlegare ekspertkommentator for kongelege hendingar i TV2 Trond Norén Isaksen seier at den tidlegare statskyrkja aldri har blitt nemnt spesifikt i Grunnlova.

– Betyr det at prinsesse Ingrid Alexandra kan vera med i eit anna, evangelisk-luthersk trussamfunn enn DNK?

– Det ville eg tru, seier Isaksen.

Det hadde vore heilt konge om prinsesse Ingrid Alexandra ville blitt medlem hos oss, men ho hadde ikkje fått snike i nattverdskøen

—  Erik Andreassen, pastor i Oslo misjonskirke Betlehem

Kong Harald greip for ei sjeldan gongs skuld inn ved revideringa av grunnlova i 2012, då kyrkje og stat skulle skiljast. For kongen var det viktig at vedkjenningsparagrafen framleis skulle stå i Grunnlova.

– Kvifor trur du dette var viktig for kongen?

– Han har, så vidt eg har forstått, ei ganske djup, personleg tru. Men eigentleg så må ein spørje han om det, sidan han aldri har grunngjeve det så godt, seier Isaksen.

Oslo 20220120. 
TV 2 sin kongehusekspert, forfatter og historiker Trond Norén Isaksen i forbindelse med myndighetsdagen til Prinsesse Ingrid Alexandra .

Prinsessa velkomen i Den lutherske kirke i Norge

Kva ville eigentleg skjedd om prinsesse Ingrid Alexandra heller ville melde seg inn i eit anna evangelisk-luthersk kyrkjesamfunn enn DNK?

Torkild Masvie, Biskopen i Den Lutherske Kirke og Messiaskirken i Oslo fotografert ifb. med fravær av hvete i oblater

Sjølv om det kanskje er ei meir teoretisk øving enn eit særleg sannsynleg scenario, slår me på tråden til eitt av dei evangelisk-lutherske kyrkjesamfunna i Noreg som ligg teologisk lengst unna Den norske kyrkja: Den lutherske kirke i Norge.

Torkild Masvie er biskop for ei kyrkje med eit konservativt bibelsyn. Han skreiv nyleg eit innlegg til forsvar for kvinneleg underordning i ekteskapet.

– Korleis ville prinsessa blitt motteken skulle ho ynskje å bli medlem av Den lutherske kirke i Norge?

Masvie ler godt.

– Ho ville blitt ynskt velkomen. Ho ville då blitt medlem i ei kyrkje meir identisk med den kongen var medlem i 1814 enn Den norske kyrkja som ho er medlem av no, seier Masvie.

Han meiner vedkjenningsparagrafen i praksis inneber at monarken er tilknytt DNK, ikkje klassisk lutherdom.

– Hadde det vore koplinga til den lutherske vedkjenninga som var det viktige, ville det vore naturleg for kongehuset å forholde seg til oss, heller enn DNK, meiner biskopen.

«Heilt konge» om ho ville gå i Misjonskirken

Men kva om ho heller kunne tenkje seg å tilhøyre eit kyrkjesamfunn som ikkje er luthersk?

– Det hadde vore heilt konge om prinsesse Ingrid Alexandra ville blitt medlem hos oss, men ho hadde ikkje fått snike i nattverdskøen. Vi ønskjer å vere alle slags folk i fellesskap rundt Jesus, og har også plass til prinsar og prinsesser.

Det skriv Erik Andreassen, pastor i Oslo misjonskirke Betlehem, i ei melding til Vårt Land. Misjonskirken er eit kyrkjesamfunn som ikkje høyrer til under nokon konfesjon. Andreassen legg også til at ein ikkje treng å vere medlem i Misjonskirken sjølv om ein går i kyrkjelyden, og at ein del av kyrkjegjengarane i Betlehem er innmeldt i Den norske kyrkja.

– Og i motsetning til monarkiet går ikkje tilhøyrsel hos oss i arv, men er eit val den enkelte gjer basert på fri vilje. Det hadde vore riktig at dette også var eit val prinsessa prinsipielt hadde, men eg trur vel paragraf 4 hadde vore endra om kongehuset ønskte det, konkluderer pastoren.

Også i ei pinsekyrkje hadde prinsessa blitt tatt imot med opne armar om det var der ho ville gå:

– Hos oss er det plass til alle, og pinsekyrkjene er ein god refleksjon av mangfaldet i det norske samfunnet. Så har vi lært oss at det ikkje er bra med kristen kjendiskultur, så vi ville latt ho vere Ingrid Alexandra, seier leiar i Pinsebevegelsen, Øystein Gjerme, og smiler.

– Glad for å ha ho som medlem

Preses i DNK, Olav Fykse Tveit, var gjest på regjeringa si feiring av prinsessa torsdag kveld. For han var tala til prinsessa eit høgdepunkt.

– Det gjorde ho glitrande. Ho stod fram med varme og klare ord.

Slottskapellet. Kronprinsesse Mette-Marit, med dåpsbarnet, prinsesse Ingrid Alexandra, under dåpsseremonien i Slottskapellet lørdag.  Prinsessen ble døpt i samme kjole som kong Olav ble døpt i på Sandringham slott 11. august 1903. Ved siden av henne sitter f.h. kronprins Haakon, Dronning Sonja og helt t.v. delvis ute av bilde kong Harald.

Preses seier til Vårt Land at han er glad for at prinsessa er både døypt og konfirmert i DNK.

– Som med alle andre medlemmar, er me glade for å ha ho med.

Fykse Tveit meiner at å behalde vedkjenningsparagrafen i 2012 bidrog til at folk ikkje følte at alt endra seg på ein gong.

– Det var det kong Harald ynskte, og prinsessa har også sagt at ho ikkje har noko problem med paragrafen. Det forheld me oss til, og frå vår side har me ingen grunn til å reise den debatten før det eventuelt ligg eit forslag til grunnlovsendring på bordet.

Preses seier det er ei vanleg tolking av vedkjenningsparagrafen at det betyr medlemskap i Den norske kyrkja.


Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia

Liv Mari Lia er tilknyttet Vårt Land som journalist i religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion