Religion

Kjersti Toppe sender brev til alle kommunar om straumstøtte til kyrkjer: – Forventar gode løysingar

I eit brev til alle kommunane i landet tek statsråd Kjersti Toppe opp dei høge straumprisane og minnar kommunane på det økonomiske ansvaret deira for kyrkjebygg. – Svært uheldig viss kyrkjer må stenge for å spara pengar.

– Mange kyrkjelege fellesråd er bekymra for dei høge straumprisane. Fleire seier dei enten må stengje eller redusere aktiviteten for å spare pengar. Det er svært uheldig. Med dette brevet vil eg difor minne kommunane om at det er dei som har det økonomiske ansvaret for kyrkjebygga og den kyrkjelege administrasjonen. Eg oppmodar til god dialog mellom kyrkje og kommune.

Det skriv trus- og livssynsminister Kjersti Toppe i ein e-post til Vårt Land.

Ho har no sendt ut eit brev til alle kommunane i landet der ho tek opp utfordringane kring dei høge straumprisane.

15. januar skreiv Vårt Land om ei undersøking gjort av Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter (KA) der det kom fram at nesten halvparten av dei kyrkjelege fellesråda, 44 prosent, melder om «betydelege økonomiske utfordringar» knytt til straumprisane.

18. januar kom gladmeldinga til det frivillige Noreg om at lag og foreiningar fekk ei eiga straumstøtteordning.

Få kommunar løyver ekstra straumstøtte

Denne ordninga omfatta trussamfunn registrert i Frivillighetsregisteret, men ikkje kyrkjebygg eigd av sokn i Den norske kyrkja (DNK). Statsråd Kjersti Toppe understreka at kommunane fekk ei auke i frie midlar, og hadde eit ansvar for å fylgje opp kyrkjene.

Men nesten ingen av fellesråda har fått auka løyvingar, meldte KA i slutten av april. Dette tok KA opp med statsråden, noko ho refererer til i brevet til kommunane.

Her presiserer ho også fylgjande:

  • At straumstøtteordninga ikkje gjeld for sokn og fellesråd i DNK.
  • At det ikkje er eigne straumstøtteordningar for einingar i DNK.
  • At det er kommunen som må vurdere om det er grunnlag for ekstra tilskot for å vareta føremåla i trussamfunnslova og andre føremål i budsjettet for kommunen.

Forventar gode løysingar

I brevet oppmodar statsråden til god dialog mellom kommunar og kyrkjelege fellesråd.

– Regjeringa si straumpakke omhandlar ikkje kyrkja spesielt. Kommunane har fått ein stor auke i frie midlar av vår regjering. Eg forventar ein finn fram til gode løysingar over heile landet, slik at kyrkjeleg aktivitet ikkje blir skadelidande av høge straumprisar. Dette er spesielt viktig i ei tid etter to år med pandemi og mottak av flyktningar frå Ukraina, skriv Toppe i ein e-post til Vårt Land.

I brevet skriv ho at ho er klar over at straumprisane har vore ei utfordring for kommunane, men påpeikar at det har det også vore for DNK.

KA set pris på oppmodinga frå Toppe.

– Me er takksame for at statsråden på denne måten er tydeleg overfor kommunane på finansieringsansvaret deira. Vi veit at kommunane er glade i kyrkjene sine og har tru på at ein finn gode løysningar lokalt, seier Marit Brandt Lågøyr, avdelingsdirektør i KA Arbeidsgiverorganisasjonen for kirkelige virksomheter (KA) på nettsidene til organisasjonen.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion