Religion

Sjakkstjerna Kasparov: – Den russisk-ortodokse kyrkja er no ei avdeling av KGB

RUSSLAND: Garry Kasparov sparte ikkje på kruttet då han blei spurt om Den russisk-ortodokse kyrkja si rolle i Putins Russland: – Patriark Kirill fylgjer ganske enkelt ordre.

«Korleis kjempe mot Putin» var temaet då tidlegare verdsmeister i sjakk, russiske Garry Kimovitsj Kasparov, gjesta eit frukostmøte i regi av tankesmia Civita og konferansen Oslo Freedom Forum måndag.

Kasparov var rekna som verdas beste sjakkspelar i tjuge år, men er no politisk aktivist og styreleiar i Human Rights Foundation, som står bak menneskerettskonferansen som i desse dagar finn stad i hovudstaden.

På spørsmål om korleis sjakkstjerna ser på Den russisk-ortodokse kyrkja si rolle i planane Putin har for Russland. er han ikkje nådig.

– Den russisk ortodokse kyrkja er no ei avdeling av KGB.

Under full kontroll av staten

Den spissformulerte kommentaren vekkjer latter i salen. Han siktar til den berykta etterretningstenesta i Sovjetunionen.

– Det einaste eg spør meg om er kva rang patriark Kirill har. Kanskje me får greie på det etter kollapsen av Putins regime? spør Kasparov.

Den øvste leiaren i Den russisk-ortodokse kyrkja, patriark Kirill, har vore tydeleg i si støtte til president Vladimir Putin. Kasparov meiner Den russisk-ortodokse kyrkja har vore under full kontroll av styresmaktene heilt sidan Stalin regjerte, og seier ein ikkje skal uroe seg for mykje på grunn av leiaren deira.

– Eg synest ikkje me skal bekymre oss for Kirill. Han blir ikkje tatt seriøst av verkeleg truande.

På leit etter religiøse verdiar

Kasparov har lenge kritisert Putin, og for få dagar sidan hamna han på lista til det russiske justisdepartementet over såkalla «utanlandske agentar».

Dette er ei nemning russiske styresmakter i aukande grad har byrja å bruke om personar, ikkje-statlege organisasjonar og medium som er kritiske til styresmaktene.

Diktatorar spelar ikkje sjakk. For i sjakk må du spela med hundre prosent open informasjon. Diktatorar spelar alltid poker, for der kan du bløffe.

—  Garri Kimovitsj Kasparov

Medan Putin har knytt kyrkja nærmare til seg mellom anna for å sikre «tradisjonelle verdiar», meiner Kasparov at dei er å finne ein annan stad.

– Det er Ukraina som kan gje oss håp om å gjenopprette verdiar, mellom anna religiøse verdiar. Takk Gud for at den ukrainske kyrkja er sjølvstendig. Det er ei ekte kyrkje som er skilt frå staten og som prøvar å utføre sine religiøse plikter, medan Kirill ganske enkelt fylgjer ordre.

---

Oslo Freedom Forum

  • Ein internasjonal menneskerettskonferanse.
  • Arrangert av organisasjonen Human Rights Foundation, som er grunnlagt av norsk-venezuelanske Thor Halvorssen.
  • Samlar mellom anna aktivistar, journalistar og entreprenørar som ynskjer å fremme fridom og menneskerettar.

Kjelder: Oslo Freedom Forum og Wikipedia

---

– Diktatorar spelar ikkje sjakk

Under frukostmøtet sette også sjakkstjerna krigen i Ukraina inn i det han meiner er eit større bilete.

– Ukraina er no i fronten av krigen mellom fridom og tyranni, og resultatet av denne krigen vil definere verdshistoria. Ikkje i år, men i tiår. Tapar Ukraina, vil me sjå ei anna verd.

Kasparov trekkjer fram korleis utfallet av krigen kan påverke situasjonen i land som Syria, Venezuela, Taiwan og Kina.

– Me treng seier i Ukraina for å halde fram kampen for demokrati i verda.

Derfor meiner han at det er i resten av Europa si interesse å støtte opp om Ukraina mellom anna med å ha sanksjonar mot Russland. Og dei som klagar over dei høge prisane ein har sett på varer som gass og olje som resultat av sanksjonane, har han ikkje mykje sympati for:

– Ukrainarane har betalt med blod for vår manglande vilje til å anerkjenne trusselen Putin utgjer. Me snakkar om kor smertefullt det er for europearar med prisen på gass og olje på grunn av krigen. Lat oss ikkje samanlikne smerta ein kjenner i lommeboka med smerta krigen har påført ukrainarane.

Ukrainarane har betalt med blod for vår manglande vilje til å anerkjenne trusselen Putin utgjer.

—  Garri Kimovitsj Kasparov

På spørsmål kring atomtrugslane til Putin fortel Kasparov at han til tider blir spurt om Putin er ein god sjakkspelar.

– Nei. Diktatorar spelar ikkje sjakk. For i sjakk må du spela med hundre prosent open informasjon. Diktatorar spelar alltid poker, for der kan du bløffe. Du treng ikkje ha ei vinnande hand, og du kan heve innsatsen. Atomvåpen var ein del av bløffen til Putin.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion