Religion

Snart kan skotske prestar vie homofile par

SAMLIV: Church of Scotland går i mai truleg inn for å la prestar forrette ekteskap mellom to av same kjønn. Ein fløy «tradisjonalistar» fryktar splitting.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Om kort tid ventar generalforsamlinga som skal godkjenne slutten på ein mangeårig debatt.

Eit fleirtal på 29 mot 12 har støtta eit utkast til eit forslag som lar prestar som er tilsett i Church of Scotland, Skottlands største protestantiske kyrkjesamfunn, vie par med to av same kjønn. Det skriv Christianity Today.

Alle prestar blir ikkje nøydde til å ta del i den nye praksisen. Likevel er kyrkjas «tradisjonelle» fløy redd for at saka kan splitte kollegiet ytterlegare, skriv avisa.

– Kan endeleg feire kjærleiken

Slik som i Norge, understrekar Church of Scotland i sitt offisielle syn at det er ulike måtar å forstå ekteskapet på, og at det finst forskjellige syn på likekjønna ekteskap i kyrkjesamfunnet:

«Vi er plikta til å sikre at debattar om dette emnet blir halde i ei ånd av audmjuke, at tonen i diskusjonane er siviliserte og at folk har respekt for dei som har motsette synspunkt», heiter det.

– Personleg er dette noko eg føler vi har venta på lenge, og vi har kanskje venta altfor lenge, for å vere ærleg, seier prest Shuna Dicks til Premier Christian News.

Ho stemte for forslaget, og er glad ho snart kan søke om å bli ein offisiell «feirar», som ho kallar det, av likekjønna ekteskap.

– Det kjem til å vere folk frå LHBT-miljøet som vil glede seg, fordi endeleg vil kyrkja dei tilhøyrer kunne feire kjærleiken de har funne i kvarandre i ein kristen seremoni, og det trur eg er gode nyheiter, seier Dicks.

– Vi skal ikkje bort

I den andre fløya sit prest Mike Gross, som stemte mot forslaget som ligg framfor Church of Scotland si generalforsamling. Han og meiningsfeller er uroa for at usemja i spørsmålet om ekteskapet er til for kan gå ut over kyrkjelivet generelt, ettersom det også er store strukturelle endringar på gang.

– Det er framleis ein kamp i Church of Scotland. Gruppa som blir kalla tradisjonalistar, folk som står ved Bibelen, vi skal ikkje bort. Vi er der framleis, seier han til Premier Christian News.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Religion