Religion

Russisk biskop manar til krig i Ukraina

KRIG: Biskopen i Murmansk koplar krigen i Ukraina med kampen mot Antikrist. Han seier Russland skal «de-nazifisera» Ukraina og «fjerna infeksjonen».

– Det er vår skjebne å ta til våpen og kjempa. Styrk oss, vår Far. Ikkje slapp av, kjære brør og søstrer. Ikkje gløym å be om suksess for dette svært viktige oppdraget.

Orda kjem frå den russiske biskopen Mitrofan. Han heldt ei preike 23. mars som er gjengjeven av The Barents Observer.

Biskopen manar til krig i Ukraina og seier at om Russland ikkje lukkast, så vil det vera «slutten på alt».

Han seier at invasjonen har som mål å «fjerna mørkeret som har omfamna vårt broderfolk», «fjerna infeksjonen» og «de-nazifisera Ukraina».

Mitrofan er biskop i Murmansk og har ein framståande posisjon i Den russisk-ortodokse kyrkja.

Omtala ukrainsk kyrkje som «ikkje ei ekte kyrkje»

Den russiske biskopen framstiller det som at heile framtida til den ortodokse kristendommen står på spel.

– Ortodoksi er den einaste Guds kraft igjen på jorda. Vår Herre har ingen igjen enn den russisk-ortodokse kyrkja, sa Mitrofan.

Han omtala det ukrainske patriarkatet som «ikkje ei ekte kyrkje» og som «dissidentar».

67 prosent av Ukrainas befolkning reknar seg som ortodokse kristne.

Forholdet mellom Den russisk-ortodokse kyrkja og Den ortodokse kyrkja i Ukraina er spent.

f

Den ortodokse kyrkja i Ukraina er todelt. Den delen som vender seg vekk frå Moskva og mot patriarkatet i Konstantinopel, er i vekst.

Patriarken i Konstantinopel har sete i Istanbul, og har i fleire tilfelle vore i konflikt med patriarken av Moskva om kva type fullmakter han skal ha.

Meiner demonstrasjonar var orkestrert av djevlar

I talen omtalar biskopen ukrainarar som eit folk som har «mista hjartet til mørkets prins.»

Han omtalar demokrati-demonstrasjonane i 2014 i Ukraina som starten på konflikten, der han meiner folk «hoppa rundt som apekattar.».

– Vanlege menneske oppfører seg rett og slett ikkje på denne måten, det er ikkje menneskeleg. Sjimpansar elskar å hoppa rundt, men ikkje menneske. Det var skuffande å sjå, og det vart orkestrert av djevlar.

Meiner Russland motarbeider Antikrist

I preika gjengjeven av The Barents Observer bruker Mitrofan ordet «krig». Russiske styresmakter har forbode å bruka dette ordet om situasjonen i Ukraina på sosiale medium og i nyheitene.

I talen omtalar han Russland som «den siste barrieren», og seg sjølv og tilhøyrarane som dei «siste som motarbeider Antikrist».

– Me er dei siste som kan oppfylla dette historiske oppdraget som har falt på våre skuldrer: å døy for sanning, for rettferd, for tru.

Kalla Sør-Varanger ein «del av vår ortodokse land»

Fylket Murmansk grenser til Troms og Finnmark.

Tettast på grensa på norsk side er Sør-Varanger kommune, som strekker seg som ein kile mellom Finland i sørvest og Russland i søraust.

The Barents Observer har tidlegare omtala Mitrofan sine utsegner om Sør-Varanger.

Han har kalla området «vårt ortodokse land, Novgorod» som blei gjeven Noreg i 1826 «av skruppelløse embetsmenn». Det skal han ha sagt til avisa Argumenty i Fakty, gjengjeven av The Barents Observer.

Samstundes seier biskopen i intervjuet at Russland «sjølvsagt» ikkje kjem til å krevja området tilbake.

Bakgrunn som krigar og teolog

Ifølgje Wikipedia er Mitrofan sitt sekulære namn Aleksej Vasiljevitsj Badanin.

Han er utdanna ved St. Petersburgs sjøkrigskollegium, og har 20 år bak seg i teneste for den russiske nordflåten.

Frå 1998 var han pressesekretær for biskopen av Murmansk, før han studerte ortodoks teologi og vart ordinert til munk i 2000.

Doktorgradsavhandlinga hans handla om det russiske klosteret i Petsjenga. Området ligg tett på den norske grensa.

Han har vore sokneprest på Kolahalvøya før han vart ordinert til biskop.

I 2019 vart han tildelt tittelen metropolitt, som ifølgje Wikipedia er nemning for «overbiskop» i den russisk-ortodokse kyrkja, ein rang mellom biskop og patriark.

Han tok då over frå biskop Simon.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion