Religion

Jakta på etterfølgaren hennar er i gang

BISPESKIFTE: Hamar-biskop Solveig Fiske blir 70 år i 2022, og må gå av med pensjon. No kan ‘kven som helst’ foreslå kven dei vil ha som arvtakar.

Når ho går av, har ho vore biskop i 16 år.

Solveig Fiske, den lengstsittande blant dei noverande biskopane i Den norske kyrkja (DNK), blir 70 år 26. oktober. Med det når ho den øvre aldersgrensa for kor lenge ein kan vere biskop.

Prosessen fram til ein ny biskop er omfattande, høgtideleg og lang – og er derfor allereie i gang. Fram til 20. april kan heile allmenta foreslå kven dei ønsker som Hamars neste kyrkjeleiar.

– Vi har ein veldig folkekjær biskop i Solveig Fiske, som har halde tradisjonen i Hamar bispedømme høgt, og vore sitt regionale og nasjonale ansvar bevisst. Eg meiner det blir viktig i ein ny biskop også; å vere ein sentral leiar – både i samfunnet og for Hamar bispedømme, fortel bispedømmerådsleiar Gunhild Tomter Alstad.

– I Hamar har det vore tradisjon for å ha modige biskopar. Vi har hatt leiarar som har våga å gå framfor, held ho fram.

---

Slik går prosessen vidare

  • 20. april: Frist for å sende inn namneforslag til kandidatar. Dette kan alle vere med på.
  • 25. august: Frist for Hamar bispedømmeråd til å nominere fem kandidatar til stillinga som biskop.
  • 9. september: Frist for «supplerande nominasjon».
  • Veke 37: Presentasjon av kandidatar, og intervju med dei.
  • 7. oktober: Frist for å gi «rådgivande stemme». Stemmeretten har sokneråd, Ungdomsrådet, prestar, personar i vigsla stillingar i bispedømmet, prostar i øvrige bispedømme, enkelte representantar frå dei teologiske utdanningsinstitusjonane, representantar frå Ungdommens kyrkjemøte og Samisk kyrkjeråd.
  • 23. oktober: Avskjedsgudsteneste for Solveig Fiske.
  • 10.-11. november: Ny Hamar-biskop blir tilsett av Kyrkjerådet.

---

«Heilage rom for alminnelige liv»

Den neste biskopen skal både vere biskop i Hamar bispedømme og ein nasjonal kyrkjeleiar, fortel Tomter Alstad. Ikkje minst må vedkommande vidareføre visjonen «Heilage rom for alminnelege liv».

Dette sterke engasjementet for folkekyrkja har Solveig Fiske hatt med seg i tenesta si. I eit intervju med Vårt Land i sommar fortalde ho om kva ho trur blir utfordringane for den som følger etter ho i bisperolla i Hamar:

Gudstenestebesøket er synkande, og det må vi gjere noko med

—  Solveig Fiske, biskop i Hamar

– Det blir sentralt å vareta relasjonen mellom kyrkja og enkeltmennesket. Det er viktig å arbeide i breitt, og samtidig djupt, med eksistensielle spørsmål, sa ho.

– Gudstenestebesøket er fallande, og det må vi gjere noko med. Men medlemsmassen i Den norske kyrkja er relativt stabil. Tilhøyret til kyrkja er sterk, og ut av den veks tru, aktivitet og ansvar. Banda mellom folk flest og kyrkja blir skapt gjennom lokale relasjonar og det rituelle fellesskapet, sa biskopen.

Bilder KM 2021- fredag - Gunhild Tomter Alstad

Gunhild Tomter Alstad i Hamar bispedømmeråd fortel at rådet ser på den kommande prosessen som ei viktig kyrkjehistorisk hending, som dei kjenner på både spenning og ansvar rundt å leie.

– Her regionalt veit vi at det er knytt ein del forventningar til prosessen og resultatet, og vi ser allereie eit engasjement. Eg har fått høyre frå fleire som alt er i gang med å føreslå kandidatar, seier Tomter Alstad.

– Dette engasjementet er flott også for Den norske kyrkja. Det betyr at biskopane og kyrkja betyr noko for folk.

---

Solveig Fiske

  • Har vore biskop i Hamar bispedømme sidan 2006.
  • Uteksaminert frå MF vitenskapelig høgskole i 1981.
  • Har vore kapellan i Elverum og sokneprest i Løten.
  • Leia Norsk kvinneleg teologforening frå 1998 til 2002. Frå 2004 var ho styreleiar i Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep.
  • I statsråd blei Solveig Fiske utnemnt til biskop oktober 2006 og vigsla i desember.
  • Kjelde: Store norske leksikon.

---

Rokade i bispekollegiet

På seinhausten gjekk også Borg-biskop Atle Sommerfeldt av, og blei i februar erstatta av Kari Mangrud Alvsvåg. Det var det første av tre utskiftingar som skjer i Bispemøtet – bispekollegiet – i Den norske kyrkja på under tre år.

Hamar og Solveig Fiskes arvtakar blir nummer to. Så følger Bjørgvin bispedømme, kor Halvor Nordhaug skal få sin erstattar. Sjølv om Nordhaug fyller 70 år februar 2023, har han søkt om, og fått innvilga, siste arbeidsdag 30. november i år.

Då diskusjonen om å heve aldersgrensa for biskopane pågjekk, sa Nordhaug til Vårt Land at:

– Dei fleste som blir biskopar, blir det før dei er 60 år. Det betyr at dei fleste får minst ti år, og nokre til og med over 20. Då tenker eg ein har fått ta dei grep ein ønskte å ta, og det er naturleg å sleppe andre krefter til, sa biskopen som har sete sidan 2009.

Han trudde heller ikkje at avgangen til tre biskopar på tre år vil påvirke Den norske kyrkja negativt. Snarare tvert imot.

– Det blir jo sagt at kyrkjegarden er full av uerstattelege folk, så dette vil nok gå aldeles utmerka, sa Nordhaug.

Solveig Fiske, og hennar 16 år lange teneste i Hamar, blir takka med ei avskjedsgudsteneste 23. oktober. Ny biskop skal vere på plass 11. november.

– Eg skal vere på, og jobbe målbevisst, heilt til siste dag, sa ho i intervjuet i juli.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion