Religion

Sokneprest på veg for å hente ukrainske flyktningar: – Vil Støre at me skal stå og sortere menneske?

UKRAINA: Fire bussar i regi av Notodden menighet er på veg til den ukrainske grensa for å hente flyktningar. Men reisefylgjet fortvilar over å risikere å bli straffa for menneskehandel.

– Vil norske styresmakter og statsministeren stå ved denne praksisen? Vil Støre at me skal stå å sortere menneske, seier ein tydeleg opprørt Rune Lia.

Han er sokneprest i Notodden menighet, som tidlegare denne veka tok initiativ for å hjelpe ukrainske flyktningar. På sundag er fire bussar med 29 frivillige på god veg til den polske grensa mot Ukraina. Om bord har dei soveposar, mat og utstyr. Med seg heim til Noreg håpar dei å ha 170 flyktningar.

Men dei har støtt på problem.

Frida Røvik frå Oslo er éin av dei frivillige som er med på turen. Ho er snart ferdig utdanna psykolog, og bidreg som omsorgspersonell i helseteamet på bussane.

– No akkurat snakka me med ein familie der foreldra har biometriske pass, men ikkje barna deira. Då kan me i prinsippet hjelpe foreldra, men risikerer å bli straffa for menneskesmugling viss me hjelper barna deira, meiner Røvik.

Reisefylgjet som skal til polen for å hente flyktningar frå Ukraina til Noreg

Fryktar straff

På eigne nettsider skriv nemleg UDI at for å reise lovleg og visumfritt inn i Noreg, så må ein ha eit biometrisk pass, også kalla digitalt pass. Desse passa er maskinlesbare og har ei elektronisk brikke der det er lagra biometriske opplysningar som fingeravtrykk og andletsbilete.

Frida Røvik frå Oslo er ein av dei frivillige som er med på turen. Ho er snart ferdig utdanna psykolog, og bidreg som omsorgspersonell i helseteamet på bussane. Hente ukrainske flyktningar

Vidare skriv UDI at «sjølv om intensjonen er god, så kan transport av menneske utan riktige dokument for lovleg innreise reknast som menneskesmugling, som er straffbart.»

Ifylgje utlendingsloven kan du bli straffa med bot eller opp til tre år med fengsel for menneskesmugling. Fleire medium har skrive om forvirringa knytt til dette spørsmålet.

Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas) har mellom anna skrive på si facebookside at dei tolkar UDI slik at «Gode hjelparar som har hjelpt ukrainarar utan pass» ikkje blir vurdert som menneskesmuglarar.

Grufulle døme

Slik tolkar ikkje reisefylgjet frå Notodden det.

– Det er eit utruleg vanskeleg dilemma me står overfor, seier Røvik.

Ho fortel at dei har bestemt seg for at dei vil fylgje lovverket, men ho har ei oppmoding til styresmaktene:

– Me ynskjer veldig sterkt at styresmaktene skal gje ei tydeleg føring om at dei som hjelper Ukrainske flyktningar inn i Noreg ikkje blir straffa for menneskesmugling.

Sokneprest Lia er ikkje nådig i si omtale av dei norske reglane. Han meiner det er særskilt dei med mindre pengar å rutte med som ofte ikkje har det påkravde passet.

– Dei norske styresmaktene legg opp til ein praksis der dei som til vanleg står sist i køen, no i praksis blir tatt ut av køen. Me har nyleg fått eit grufullt døme: Ein familie der dottera med Downs syndrom ikkje har pass, og dermed ikkje kjem med.

– Det blir for dumt

Lia kan ikkje få skrytt nok av alle dei frivillige som har meldt seg til teneste på bussane. Dei er mellom anna buss- og trailersjåførar, diakonar, tolkar og helsepersonell.

– Det er 29 dedikerte eldsjeler, som det er ei ære å stå i bresjen for.

Stemma hans brest.

– Eg blir så rørt.

Men tanken på at desse menneska i morgon kanskje må stå å sile ut flyktningar basert på kva pass eller dokument dei har med seg orkar han ikkje.

– Når det smell rundt hovudet på ein tenkjer ein ikkje på å ta med seg slike ting. Det er uforståeleg for meg at Noreg skal bruke krefter på eit slikt absurd regelverk når me skulle brukt krefter på å komme oss av garde og avlaste situasjonen på grensa.

Lia håpar styresmaktene vil handle raskt.

– No må Støre skjøne at det brenn. Det må gå an å få til eit hastevedtak. Dei som ikkje kjem seg vidare no er dei med minst resursar, også skal dei som er med i bussane her risikere å bli melde til politiet for å hjelpe folk i naud? Det blir for dumt, meiner presten.

Har samla inn ein halv million

Han fortel at både lokalsamfunnet på Notodden og menneske langvegsfrå verkeleg har mobilisert og støtta opp rundt dei. Sist han sjekka hadde det blitt samla inn ein halv million kroner.

Mellom anna blei det berre timar før avreise arrangert ein konsert til inntekt for turen, der alle medverkande stilte opp gratis.

Likevel treng dei meir for å kunne gje flyktningane som har reist frå nesten alt dei eig det dei treg, fortel Lia.

Samtaler og viktige avgjørelser tas underveis
Fra v Marta Parada, Lars Brekka, Magne Lia ( delvis skjult), Rune Lia, Evgheni Tribuhovski og Roman Aleksandrov

Folk donerte også ting dei tok med seg på bussane. Kva dei tok med seg var basert på ei ynskjeliste frå Ukrainsk foreining i Noreg. På den stor det mellom anna liggjeunderlag, oppladbare hovudlykter, ullundertøy og REAL turmat. I tillegg har dei med seg utstyr, klede og mat som dei ukrainske flyktningane treng til den lange bussturen til Noreg. Foreninga har også stilt med fire tolkar.

I tillegg har kyrkjelyden eit samarbeid med Den katolske kyrkja sin hjelpeorganisasjon, Caritas. Organisasjonen si avdeling i Noreg og Polen gjev dei råd undervegs og hjelper dei med å finne flyktningar som ynskjer å koma til Noreg.

– Det har vore så bra å samarbeide med Den katolske kyrkja. Her må me alle stå saman, uansett kyrkjesamfunn.

Planen er at flyktningane skal bli registrert på Svinesund av Politiet si utlendingseining, før dei blir køyrde til Utlendingsdirektoratet (UDI) sitt nasjonale ankomstsenter i Råde.

I morgon skal dei fire bussane og fylgjebilen deira fyrst sleppe av utstyret dei har med seg, før dei skal plukke opp flyktningar i områda rundt Krakow og Przemyśl. Innan den tid håpar dei å ha fått nye retningslinjer frå norske styresmakter om kven som får bli med dei tilbake til Noreg.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion