Omstridt Klepp-vedtak blir ståande – no går saka til Statsforvaltaren

KLEPP: Kulturstøttevedtaket er blitt kritisert for å diskriminere konservative kristne. Måndag kom den endelege avgjerda i Klepp kommunestyre: Vedtaket blir ståande – og sendt vidare.

Sigmund Rolfsen (Ap), ordfører i Klepp kommune
STÅR FAST: Sigmund Rolfsen (Ap), ordfører i Klepp kommune, fekk med seg kommunestyret måndag. Det betyr at det omstridde kulturstøttevedtaket frå desember, blir ståande.
Publisert Sist oppdatert

Med 20 mot 11 stemmer blei dei omstridde kriteria for kulturstøtte slått fast måndag kveld. I realiteten hindrar Klepp kommune aktørar med tradisjonelt samlivssyn frå å søke om kulturstøtte.

Dette blei først vedteke med same stemmetal 13. desember i fjor, etter at saka hadde blitt debattert gjennom heile 2021.

No blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Rogaland for vidare behandling. Statsforvaltaren kan anten behandle saka sjølv eller sende den vidare til Kommunaldepartementet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP