Det finst ei kopling mellom kristendom og høgrepopulisme, konkluderer fleire artikkelforfattarar i den nye boka Populisme og kristendom.
Lars Laird Iversen, som er førsteamanuensis i sosiologi ved MF vitenskapelig høgskole, er ein av dei som har bidratt. Sosiologen har spesielt sett på koplinga mellom norskheit og kristendom, noko enkelte høgrepopulistar set likskapsteikn imellom. Å linke dei to verdiane saman er ein måte å skape eit fellesskap og eit utanforskap, slik forskaren ser det.
I vår tid gir denne koplinga Sjømannskyrkja ei utfordring, oppfattar Laird Iversen etter å ha snakka med mange tilsette.
To verdiar i konflikt
Allereie finst det mykje forsking på dei ekstreme måtane å kople nasjonalisme og tru på, men lite på dei stadene dette opptrer på bakkeplan og til kvardags. Forholdet mellom det norske og det kristne er veldig bokstavleg i Sjømannskyrkja, noko Laird Iversen ønskte å undersøke nærmare.
I 2016 drog han gjennom USA og intervjua dei fleste av dei tilsette i sjømannskyrkjene der. Sjølv om intensjonen til Sjømannskyrkja er motsett av det enkelte høgrepopulistar brukar kristendommen til – eit oss og dei – så gir denne samanstillinga dei som jobbar der nokre utfordringar.
Året Laird Iversen gjorde intervjua sine, hadde Donald Trump nyleg blitt valt til president. Tilnærma alle dei tilsette hadde opplevd personar komme inn i Sjømannskyrkja og bringe med seg ubehagelege utsegn. Det dei sa, kunne vere muslimfiendtleg, ekskluderande og nokre gonger rasistisk.
– Dei tilsette var klar over denne utfordrande balansegangen. På éi side stod dei i tradisjonen om å vere inkluderande og opne overfor norske «slitarar». På den andre hadde mange av dei tilsette ein idé om at det var ein kristen verdi å vere antirasistisk og inkluderande på den måten, seier Laird Iversen.
Slik unngjekk dei situasjonen
Forskaren blei ikkje overraska over at nordmenn som opplever kristendommen og norskheita som nært kopla – og som ser på innvandring som truande for det norske – kom til Sjømannskyrkja og lufta desse tankane.
– Det var krevjande for dei tilsette, som måtte spør seg: Kor stort skal rommet for toleranse vere overfor slike meiningar? Kor tid må ein sette foten ned og ta dette opp med brukaren?
Tematikken låg ikkje lengst framme hos dei tilsette. Men dei visste godt at dilemmaet fantest, og innimellom drøfta dei i lag korleis dei skulle handtere det. Dei kalla det politikk, det dei ville unngå.
– Dei forsøkte i stor grad å styre unna temaet politikk. Å halde ting lett blei verktøyet for å motverke risikoen for dårleg stemning, seier Laird Iversen.
Det var krevjande for dei tilsette, som måtte spør seg: Kor stort skal rommet for toleranse vere overfor slike meiningar?
— Lars Laird Iversen
[ – Vi holdt forholdet vårt hemmelig i mange herrens år, mye på grunn av kirka ]
Ei prioritering på spissen
Sjømannskyrkjas ibuande konflikt er at ho er både ein global og nasjonal institusjon på same tid, peiker MF-forskaren på. Han ser med stor respekt på dei tilsette, som han syntest manøvrerte menneskeleg og godt i dette krevjande landskapet.
– Eg opplevde dei tilsette som internasjonalt orienterte, bevisste folk, som ønskte at miljøet i kyrkja skulle vere inkluderande og antirasistisk, men òg folkeleg og tilgjengeleg for alle.
Dilemmaet går altså ut på kva type inkludering ein skal «prioritere» når meiningar spissar seg til:
Skal Sjømannskyrkja gi rom for alle meiningar, og stå i tradisjonen om å inkludere norske «slitarar» – eller skal ein heller slå ned på høgrepopulistiske, ekskluderande utsegner, som på si side òg truar kva Sjømannskyrkja skal romme?
Kyrkja for nordmenn?
Hadde Sjømannskyrkja blitt drive like eksplisitt på «det norske og det kristne» i ein annan samanheng enn i utlandet på den måten ein driv i dag, ville truleg dei tilsette vore meir kritiske til denne måten å tufte kyrkja på, er ein av konklusjonane ein kan lese ut frå Laird Iversens artikkel frå feltarbeidet.
Sjømannskyrkja er eit særeige tilfelle, og har andre føresetnadar enn kyrkjer i Norge. Men enkelte av mekanismane rundt det norske finst òg i Den norske kyrkja (DNK), trur MF-forskaren.
– Eg tenker på Sjømannskyrkja som eit slags vindauge kor ein kan sjå nokre koplingar som òg finst her. Men her blir det ikkje så synleg. Det norske blir ikkje tematisert like tydeleg.
– Kva tenker du på då?
– Mitt inntrykk av norsk kyrkjelydsliv er at det sjeldan blir snakka om at «dette er norsk». Men det er samtidig ein realitet at DNKs kyrkjelydar i liten grad har klart å fange opp kristne innvandrarar, og at dei utan majoritetsbakgrunn føler seg heime i kyrkja.
[ Salmedikter stusser over ny OL-sang. Mener den er påfallende lik folkekjær salme ]
Samlande søtsaker
Laird Iversen presiserer at han ikkje trur at dette er Den norske kyrkjas intensjonar.
– Men når ein snakkar om folkekykjelegheit i DNK, verkar det som om det er snakk om det norske folk.
Trass alle diskusjonar om kva det norske vil seie, kan Sjømannskyrkjas vaffelhjarte virke samlande, seier forskaren.
– Det er noko alle likar, og kan kjenne seg igjen i, seier Laird Iversen.