Religion

Mange kristne amerikanarar meiner ein bør boikotte OL i Beijing

USA: Majoriteten av amerikanske katolikkar og evangelikale kristne støttar USA sin diplomatiske boikott av vinter-OL i Beijing. Rekordfå amerikanarar såg opningsseremonien førre veke.

16 millionar sjåarar såg opningsseremonien til dei 24. olympiske vinterleikane på den amerikanske fjernsynskanalen NBC, skriv Christianity Today.

Det er tidenes dårlegaste sjåartal for ein olympisk opningsseremoni, og heile fire millionar færre enn førre jumboplassering, nemleg OL i Canada i 1988.

Det er det nok fleire som er glade for. Nye tal frå Pew Research Center viser at majoriteten av amerikanske katolikkar og evangelikale kristne som har høyrt om Biden sin diplomatiske boikott av OL i Beijing støttar denne.

Få har høyrt om boikotten

Undersøkinga som er utført i januar i år viser at ni av ti av amerikanarar har høyrt «lite» eller «ikkje noko som helst» om boikotten som inneber at USA ikkje sender offisielle politiske representantar til arrangementet. Idrettsutøvarar frå USA kan framleis konkurrere i leikane.

Som Vårt Land har skrive før har den amerikanske avdelinga av den kristne organisasjonen Åpne dører også oppfordra til OL-boikott og oppmoda kristne til å heve stemma for trusfellar og religiøse minoritetar i Kina. Dei er i godt selskap:

Ein allianse av 243 menneskerettighetsgrupper og NGO-er også blant dei som krev diplomatisk boikott, og viser til at den kinesiske regjeringa gjer grove brot på menneskerettane.

I Noreg har tidlegare snøbrettkøyrar Terje Håkonsen uttrykt at utøvarar som deltek i dei olympiske leikane i Beijing er medskuldingane til menneskerettsbrota i det asiatiske landet.

Kristne reknar Kina som fiende

Dei nye tala frå Pew Research Center viser at om lag to av tre amerikanarar som har høyrt om boikotten, støttar den.

Blant kristne er det hjå dei undersøkinga kallar «dei kvite frå dei protestantiske folkekyrkjene» at flest er einige i boikotten (68 %), medan «kvite evangelikale» i størst grad er «svært einige» i boikotten (34 %).

I undersøkinga kjem det også fram at i valet mellom å klassifisere Kina som konkurrent, fiende eller partnar. Halvparten klassifiserte Kina som konkurrent og ein tredjedel rekna dei som fiende.

Den einaste religiøse gruppa der majoriteten reknar Kina som ein fiende var blant kvite evangelikale, melder Christianity Today.






Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion