Religion

Vil ha kyrkjerådsleiar på fulltid

DEMOKRATI: Den norske kyrkjas «statsminister» jobbar i dag i femti prosent i vervet. No føreslår eit utval å kjøpe kyrkjerådsleiarane heilt fri frå sine vanlege jobbar, til hundre prosents innsats for kyrkja.

– Skal ein leie den største organisasjonen i norsk sivilsamfunn, så meiner eg det er heilt naturleg at eit så tungt og ansvarsfullt verv vert varetatt på fulltid, seier Harald Askeland.

Han er professor i verdibasert leiing, rådgivar i arbeidsgivarorganisasjonen KA og har nyleg leia utvalet Den norske kyrkja (DNK) sette ned for å undersøkje kyrkjedemokratiet og dei folkevalde si rolle i styringa av trussamfunnet.

Etter at DNK blei skild frå staten, står det framleis i den nye trussamfunnslova at DNK skal vere «en landsdekkende og demokratisk evangelisk-luthersk folkekirke».

Det er ordet demokratisk som er kjernen i forslaget, meiner Askeland og utvalet.

Sidan DNK altså er ein demokratisk organisasjon, bør den folkevalde leiaren vere trussamfunnets fremste representant.

På same måte som ein idrettspresident eller generalsekretæren i Røde Kors, må denne personen ha tid til å følgje opp alt leiarrolla inneber, både internt i kyrkja og ute i samfunnet, meiner Askeland.

---

Folkevaldes rolle i Den norske kyrkja

  • Rapporten «Demokratiets grunnlag og folkevalgtes rolle i Den norske kirke» blei publisert 28. januar.
  • Demokrati- og folkevaldtutvalet som blei oppnemnd av Kyrkjerådet i januar 2021 står bak rapporten.
  • Målet med utgreiinga har vore å vurdere tiltak for å styrke rolla som folkevald i DNK og ta for seg demokratiet sitt grunnlag som styringsform i kyrkja.

---

– Meiningslaust med deltid

– Vi har, og skal framleis ha, ein dagleg leiar – kyrkjerådsdirektøren, og ein geistleg leiar – preses. Men når nokon skal representere trussamfunnet, er det mest naturleg at det er den demokratisk valde leiaren, seier han.

Då må forholda liggje til rette for å få til det på best mogleg måte, slik Askeland ser det.

– Utvalets konklusjon er at eit så stort verv er ‘meiningslaust’ å gjere på deltid.

Per i dag er det ikkje regelfesta i kor stor grad, eller om kyrkjerådsleiaren skal bli kjøpt fri. Det er noko som blir forhandla fram med den enkelte. Medan dagens leiar, Kristin Gunleiksrud Raaum, er kjøpt fri i 50 prosent frå stillinga som generalsekretær i Norske kirkeakademier, var den førre kyrkjerådsleiaren, Svein Arne Lindø, kjøpt fri i mellom 20 og 40 prosent stilling i løpet av si tid i vervet.

No ynskjer altså utvalet at å bli fullt frikjøpt skal bli den nye normalen frå og med leiarvalet på Kyrkjemøtet i 2024.

– Må ha kontroll på byråkratiet

Harald Askeland, KA. Kirkens hus. Fagdirektør i avdeling for sektorpolitikk og styring.

Det finst meir enn nok oppgåver og representasjonsoppdrag til å fylle tida, meiner Askeland. Leiaren skal mellom anna styre det politiske og demokratiske arbeidet som ligg til grunn for Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet.

– Viss ein som folkevald leiar ikkje blir kjøpt fri, risikerer ein alltid å komme bakpå eller at tida ikkje strekker til. Til sjuande og sist handlar det om at demokratiet må kunne sette dagsorden og ha ein viss kontroll på administrasjonen.

Det handlar ikkje om generell mistillit til byråkratiet, skyt Askeland inn.

– Men det må vere mogleg for den folkevalde leiaren å ha tid til å bidra til å sette dagsorden, undersøkje at saksframstillingane frå administrasjonen er gode nok, og at dei følgjer opp og set i verk det som blir vedtatt av Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet.

Tørr ikkje tenkje på kor mange timar ho jobbar

Kyrkjerådsleiar Raaum meiner forslaget er både «godt og rett». Ho har fleire gonger tenkt at vervet svarar til ei fulltidsstilling.

– Eg opplever utvalets forslag som ei anerkjenning av ansvaret og arbeidsmengda som ligg til vervet.

Raaum «tørr ikkje tenkje på» kor mange timar ho jobbar i ei gjennomsnittleg veke. Likevel meiner ho at det for hennar del har vore tenleg å vera kjøpt fri i femti prosent.

– Eg har ein jobb eg er veldig glad i som eg ikkje har ynskt å sleppe tak i, derfor har eg valt ei ordning med 50-50.

Av same grunn ynskjer ho at ein kan halde fram med ein fleksibilitet der ein kan tilpasse ordninga til den aktuelle kandidaten, heller enn å regelfeste ein fast prosent.

– Hadde det vore aktuelt for deg å ha vervet viss det var krav om å ha det i hundre prosent?

– Eg måtte i alle fall tatt nokre fleire rundar på det. Det er viktig å ha ei ordning som gjer vervet så attraktivt som mogleg for så mange som mogleg, for å sikre rekrutteringsgrunnlaget til ei så utruleg viktig stilling.

Utvalet skriv i sin rapport at det for dei fleste leiarverv er naturleg at frikjøp er noko som blir avtalt direkte med leiaren det gjeld, og at det ikkje er noko som automatisk følgjer vervet. «Utvalet meiner likevel at Kyrkjerådets leiar som hovudregel bør frikjøpast i 100 prosent».

Kapasitet utan tid

Kyrkjas demokrati har fleire likskapstrekk med politikken enn andre frivillige organisasjonar, meiner utvalet å sjå. Då sokneråda blei etablert for om lag 100 år sidan, var det etter modell frå kommunepolitikken.

Kyrkjevalet har no også opna for at ein kan stemme på lister og representantar som representerer ulike syn, og forsking frå Kifo forklarte i 2016 at kyrkja på denne måten blir meir politisert.

Enno eit argument for å ha den valde leiaren som leiar for ein demokratisk organisasjon, meier Askeland. Sjølv har han sete i både sokneråd, fellesråd, bispedømmeråd og Kyrkjerådet.

– Der har eg tenkt at det sit frykteleg mange kapasitetar som ikkje får utløp fordi ein ikkje har tid. I 2009 føreslo eg i Kyrkjerådet at den valde leiaren skulle frikjøpast 100 prosent. Då small det frå nokon i administrasjonen at «dette har vi ikkje råd til». Som folkevald reagerte eg på denne rollefordelinga.

– Det er dei folkevalde som tar avgjerder i Den norske kyrkja.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion