Religion

Departementet med kontrabeskjed: Fleire trus- og livssynssamfunn får straumstøtte

STØTTEORDNING: Frivillige organisasjonar får ekstra hjelp til den høge straumrekninga. Det gjer ikkje Den norske kyrkja (DNK), men andre trus- og livssynssamfunn skal få.

I går kom gladmeldinga til det frivillige Norge om at lag og foreiningar får ei eiga straum-støtteordning. Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) sa at regjeringa ville dekke delar av utgiftene til frivillige organisasjonar og idrettslag.

Men om den nye støtteordninga omfatta trus- og livssynssamfunn var uklart, noko Norges Kristne Råd stilte spørsmål om.

Først stadfesta Barne- og familiedepartementet at denne ikkje omfatta trus- og livssynssamfunn.

Onsdag kom kontrabeskjeden: Jo, mange trussamfunn er omfatta av denne ordninga likevel – dei som er registrert i Frivillighetsregisteret.

Kommunikasjonsavdelinga i departementet beklagar feilkommunikasjonen, og presiserer at kyrkjebygg eigd av sokn i Den norske kyrkja (DNK) ikkje er omfatta av eventuelle straumstøtteordningar som gjeld frivillige organisasjonar.

Må finne midlane lokalt

Statsråd Kjersti Toppe (Sp) understrekar at kommunane har fått ein auke i frie midlar, og har eit ansvar for å følge opp også kyrkjene. Ho vil følge med på utviklinga i saka.

Som trus- og livssynsministeren sa til Vårt Land i førre veke, står ho framleis for at det er «svært uheldig» om ein kjem dit at kommunane ser seg nøydde til å stenge kyrkjer og avlyse gudstenester og liknande, på grunn av kostnadane til straum og oppvarming.

– Kyrkjene er av mange grunner ekstra viktige å halde opne no i pandemitida, fordi behovet for å samlast er stort etter ganske sterke restriksjonar i jule- og nyttårshøgtida, seier Toppe.

– Kyrkjer er ikkje eit kva som helst forsamlingslokale. Det er grunnleggande viktig for folk å kunne samlast for å praktisere trua si saman med andre og vere i kyrkja.

For å finne ei løysing må ein i første omgang finne midlar lokalt, seier Toppe.

– Kommunane har fått ei stor auke i frie midlar, og eg håpar dei kan finne gode løysingar for kyrkjer over heile landet slik at kyrkjeleg aktivitet i denne pandemitida ikkje blir skadelidande av høge straumprisar, seier ministeren.

Justispolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad i KrF ber Norge innføre karantene eller flystans fra land sør i Afrika. 
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ropstad: – Uforståeleg at DNK ikkje er inkludert

Sjølv om det er gledeleg med støtte til trus- og livssynssamfunn, reagerer KrF-stortingspolitikar Kjell Ingolf Ropstad.

– Det er heilt uforståeleg at regjeringa har prester tå lage ein straumpakke som ikkje inkluderer det største trussamfunnet i landet, sier Ropstad til NTB.

Han viser til at kyrkjene har levd under strenge restriksjonar, og at ein burde legge til rette for at kyrkjene kan «stå klar med opne armar».

– Det er rett og slett tragisk dersom straumprisane skal vere det som hindrar truande frå å samlast.

Ropstad viser til at KrF har tatt til orde for makspris på straum på 50 øre per kWt, frå januar til mars, som skal gjelde for alle straumkundar.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion