Religion

Trekkjer seg frå valkomité i NLM: – Eg må ha fred i mitt eige samvit

NLM: Andreas Myklebust saknar at dei som kritiserer Misjonssambandet får svar og blir høyrt.

– Eg ser ingen vilje til å rydde opp, skriv Andreas Myklebust, i eit lesarinnlegg i Vårt Land, der han gjer det klart at han trekkjer seg frå valkomiteen som skal finne kandidatar til nytt hovudstyre i Norsk Luthersk Misjonssamband (Misjonssambandet).

Han seier hovudstyret ikkje har vist evne til å møte urett med rett, og at han ikkje lenger har frimot til å vera med i Misjonssambandet sin valkomité.

– Det har blitt vanskeleg for meg å invitere inn ressurssterke menn til eit slikt styre.

Raymond Bjuland, leder i Misjonssambandets hovedstyre, sier at han tar til etterretning at Myklebust har trekt seg.

– Så er det ikkje til å legge skjul på at det siste året har vore krevjande for organisasjonen med mykje uro og med mange oppslag i media. Utgangspunktet for Hovedstyret er at me må ivareta mange ulike stemmer i denne situasjonen, seier Bjuland.

Han seier vidare at dei treng å analysere situasjonen nøye.

– Dette er vårt mandat som øverste organ i organisasjonen der alle stemmene må ha tillit til at hovedstyret har den beste totaloversikt over verksemda i Misjonssambandet. Me vil etter beste evne fatte vise og kloke avgjersler.

Generalsekretæren i Misjonssambandet, Øyvind Åsland er særs ordknapp i møte med kritikken. Han har lest innlegget til Myklebust.

– Kva tenkjer du om at Myklebust vel å trekkje seg frå valkomiteen?

– Det tek eg til etterretning. Utover det har eg ingen kommentar.

Link-konferansen

– Myklebust seier han ikkje ser nokon vilje til å rydde opp i organisasjonen. Kjenner du deg att i dette?

– Det er ikkje naturleg for meg å kommentere dette noko meir.

Åsland vil heller ikkje svara på andre spørsmål.

Opplever motvilje mot å rydde opp

For Myklebust går dette rett inn i erfaringar han seier han sjølv og andre har frå når dei kjem med kritikk:

– Det er vanskeleg å få heiderlege svar. Eller å få svar i det heile.

Han seier han sjølv har sendt e-postar som han aldri har fått svar på.

– Kvifor trur du det er slik?

– Eg opplever ein ganske sterk motvilje mot å rydde opp i vanskelege forhold.

I en e-post til Vårt Land skriv misjonssambandet sin informasjonsleder Espen Ottosen at det ikkje stemmer at det er vanskeleg å få svar på organisasjonen, og viser konkret til at generalsekretær Åsland i haust svarte på kritikk frå Myklebust angåande Misjonssambandet sin strategi i Etiopia.

Saknar handling

Kritikk kring ei rekkje forhold i Misjonssambandet har rasa både i pressa og internt i organisasjonen i godt over eit år.

I februar blei eit varslingsutval oppretta av hovudstyret, og snøballen byrja for alvor å rulle då det i august blei offentleg kjent at Kontrollkomiteen, som er Misjonssambandet sitt eige kontrollorgan, hadde motteke ei varsling om tillitskrise i organisasjonen.

Samstundes gjekk fleire ut i media og kritiserte leiinga for usunn leiingskultur og for ikkje å ta varslarar på alvor.

– Myklebust, du seier at du ikkje ser vilje til å rydde opp, men ein har både brukt store midlar på eit eksternt varslingsutval og Kontrollkomiteen har gått gjennom ei rekke varsel?

– Ja, og eg trur Kontrollkomiteen har gjort eit grundig arbeid, og det kan ha vore rett å setje ned eit eksternt varslingsutval. Men eg saknar å sjå handling etterpå basert på det som kom fram i desse gruppene.

Mykje pengar

I sitt innlegg skriv Myklebust at ein har brukt om lag tre millionar kronar på det eksterne varslingsutvalet.

– Det er ingen tvil om at det er mykje pengar. Men det spørst om ikkje storleiken står i kontrast til handlingsevna, seier Myklebust.

Han har vore aktiv i organisasjonen i om lag 30 år. Han meiner det verkar som om hovudstyret ikkje er i stand til å korrigere leiinga.

Kontrollkomiteen konkluderte i fjor med at det i visse saker ikkje var tilstrekkeleg avstand mellom hovudstyret og generalsekretæren/administrasjonen.

Saknar kontrollfunksjon overfor administrasjonen

Det er noko av grunnen til at Myklebust no ikkje kjenner seg komfortabel med å sitje i valkomiteen der han ville bedt personar om å bruke mykje tid på ei oppgåve som han no ikkje lenger meiner han kan garantere for at er ei meiningsfull oppgåve.

– Med det meiner eg at eg ikkje er sikker på om ein i realiteten har slagkraft til å styre heilt til topps. Og eit hovudstyre må vera på toppen. Dei kjem til kort når det gjeld den kontrollfunksjonen dei må ha overfor administrasjonen, seier Myklebust.

Han vil gjerne få fram at han orsakar til alle dei som valde han inn til oppdraget som han no ikkje fullfører.

– Det er dumt, men eg må ha fred i mitt eige samvit.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion