– Vi ser at det er større vandring mellom kyrkjesamfunn no enn det var før.
Det er generalsekretær i Noregs Kristne Råd Erhard Hermansen sin kommentar til nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), som viser nedgang i medlemstalet i Den norske kyrkja, men auke i mange andre kristne trussamfunn.
Han understrekar at den største veksten i medlemstal er i Den katolske kyrkja, og at veksten der i størst grad kjem som resultat frå innvandring frå katolske land. Men han meiner også at mange i dag er meir medvitne på kva kyrkjesamfunn dei ønskjer å vere del av.
– Dei som aktivt vel medlemskap i ei kyrkje er gjerne litt meir medvitne på korleis dei passar inn og på kva som er ein god stad å vere for dei, seier Hermansen.

Kyrkjeplanting og kyrkjevandring
Misjonskyrkja Noreg er blant dei kristne trussamfunna som har vakse mest denne perioden. Det er truleg ikkje utan grunn: Kyrkjesamfunnet satsar på forsamlingsplanting.
– Nyplanta kyrkjelydar vinn ofte nye menneske for Jesus, og for forsamlinga. Erfaringa visar at der det kjem nye kyrkjelydar, blir også folk frelst. Det bør vere motivasjon i seg sjølv, seier konsulent for kyrkjelydsplanting i Misjonskyrkja Norge, Markus Kvalvik, til kyrkjesamfunnets magasin Misjonsbladet.
Hermansen trur kyrkjeplanting kan vere ei av årsakene til auka vandring mellom kyrkjesamfunn. I tillegg viser han til at familiar med små barn til dømes kan bli dregne mot kyrkjer som har eit godt barne- og ungdomstilbod. Ungdom på leit slår seg gjerne ned i fellesskap der dei føler seg heime og der dei har vener. Par blir saman på tvers av kyrkjer, og det kan også føre til rørsler i kyrkjelandskapet.
– Mange er litt mindre opptekne av konfesjonell forankring, meiner Hermansen.
Ortodokse vekst raskast
Blant kyrkjesamfunna i Noreg er det dei ortodokse kyrkjene som har hatt den raskaste prosentvise veksten dei siste femten åra. Denne konfesjonen er meir enn firedobla over perioden – riktig nok frå eit lågt utgangspunkt.
I dag er det rundt 28.500 ortodokse i Noreg. Men det reelle talet kan vere mykje høgare, seier Caroline Serck-Hanssen. Ho er kulturhistorikar og forfattar av boka Den ortodokse kirke. Historie – lære – trosliv.
– Basert på tal frå Sverige kan det vere grunn til å tru at det kan vere dobbelt så mange som dei som er registrert, meiner ho.
Ho understrekar at dei ortodokse kyrkjene i Noreg i røynda tilhøyrer to ulike kyrkjefamiliar som er ganske ulike i kultur og uttrykk. Den eine familien er dei austlege kyrkjene, som består av blant andre den russiske-, den serbiske- og den gresk-ortodokse kyrkja.
Den andre er dei orientalske kyrkjene, som blant anna består av den syriske, den koptiske, den eritreiske og den etiopiske kyrkja. Det er den siste familien som har vakse mest i Noreg. Eritrea er blant dei landa det har komme flest flyktningar til Noreg frå.

Få ortodokse konvertittar
Interessa for ortodoks kristendom har vore aukande i Noreg dei siste åra, og mange er nyfikne og finn inspirasjon i den austlege kyrkja. Likevel er det få som faktisk konverterer, seier Serck-Hanssen.
– Det er mange som blir gripne og fascinert av både det liturgiske uttrykket, spiritualiteten og truslivet i den ortodokse kyrkja. Men det er få som tek steget fullt ut.
Det er fleire grunnar til det, meiner ho. Ein grunn er at det er svært få norskspråklege ortodokse kyrkjer. Kyrkje som er retta mot til dømes serbiske, russiske eller greske innvandrarar brukar eigne språk i gudstenestesamanheng.
Det kan også vere eit hinder for mange at den ortodokse kyrkja brukar ein annan kalender, slik at høgtider som jul og påske blir feira på eit anna tidspunkt enn det som er vanleg i Noreg. Dessutan kan det kulturelle steget opplevast som stort, meiner Serck-Hansen.
– Mange som søkjer seg bort frå det lutherske vel å konvertere til katolisismen. Den ligg nærare kulturelt for dei fleste. Ho var trass alt den norske kyrkja for fem hundre år sidan.