Religion

43 personar smitta etter utbrot på bedehus

KORONA: Koronasmitte er spora tilbake til ein basar på bedehuset i Myssa i Sokndal kommune. No har KrF-ordførar Jonas Andersen Sayed innført lokale tiltak.

– Relativt sett er me no på smittetoppen i landet, seier ordførar Sayed til Vårt Land.

I den vesle kommunen med litt over 3.000 innbyggjarar, er 43 personar smitta i utbrotet knytt til ein basar på Myssa bedehus, sør i Rogaland. Det siste døgnet er det påvist to nye tilfelle.

Arrangementet var til inntekt for organisasjonen «En hjelpende hånd», som driv hjelpearbeid i Kviterussland.

Rundt 70 personar skal ha vore til stades, og eit par dagar etter dukka dei fyrste smittetilfella opp.

Koronaviruset har råka både unge og gamle, vaksinerte og uvaksinerte.

– Toleleg grei kontroll

Til no har éin person blitt lagt inn på sjukehuset etter utbrotet.

– Me har toleleg grei kontroll sidan me framleis kan spore dei aller fleste tilfelle tilbake til basaren, seier KrF-ordføraren.

Han rosar arrangøren av basaren, og seier dei har vore flinke til å informere, og at dei dessutan ikkje gjorde noko gale opp mot smittevern under arrangementet.

No har han etter tilråding frå kommuneoverlegen, innført ei lokal forskrift, mellom anna med karanteneplikt for husstandsmedlemmar og tilsvarande nærkontaktar med påvist covid-19 smitte. Alle som må i karantene må halde seg heime i minst sju dagar.

– Me veit at du kan vera smitteberande sjølv om du testar negativt på ein hurtigtest, difor er det ikkje lenger mogeleg å teste deg ut av karantene viss du er eit hustandsmedlem til ein smitta person.

Berre viss du har fått tredje vaksinedose eller har hatt sjukdommen det siste året kan du unngå ei full veke i karantene.

– Er det mistanke om omikron-varianten?

– Det reknar eg med at det ikkje er, då alle som testar positivt på hurtigtest også må ta ein PCR-test som blir sendt til Stavanger universitetssjukehus.

Arrangøren er lei seg

Svein Gunnar Godfredsen er leiar i stiftinga «En hjelpende hånd», som arrangerte basaren. Han seier til Stavanger Aftenblad at han er svært lei seg for situasjonen.

– Det var me som arrangerte møtet. Det blei halde på bedehuset, men bedehuset hadde ingenting med arrangementet å gjere, seier han for å skjerme bedehusmiljøet.

Godfredsen seier dei var flinke til å sprite seg, bruke Vipps i staden for kontantar og at folk sat i ro.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion