– Eg var mentalt førebudd på eit anna resultat, seier Erling Birkedal, talsperson for Nominasjonskomiteens liste om vedtaket på Kyrkjemøtet om at ein held fram med dagens ordning med nominasjonskomitélister.
I forkant av Kyrkjemøtet har minst to kyrkjegrupperingar gått ut og sagt at dei vil opprette nye, kyrkjepolitiske lister viss ordninga med nominasjonskomitelister forsvinn.
– Me er ikkje naive, og me ser kva veg det med stor sannsynlegheit vil gå, sa Birkedal til Vårt Land i september, då han gjorde det klart at tillegare nominasjonsliste-kandidatar vurderte å stille med ei ny, kyrkjepolitisk liste.
Kyrkjerådet si innstilling var nemleg å avskaffe nominasjonskomitelistene, og det same gjekk to tredjedelar av komiteen som behandla saka inn for.
Difor blei mange overraska då endringa ikkje gjekk gjennom i Den norske kyrkja sit øvste, demokratisk valte organ, Kyrkjemøtet, på måndag.
58 stemte for forslaget om å halde fram ordninga med nominasjonskomitelister, som kom frå eit mindretal i komiteen som behandla saka. 51 stemte imot. 7 delegatar var fråverande og stemte derfor ikkje.
Dermed held ordninga med nominasjonskomitelister fram.
[ Unge fryktar politisering av kyrkjedemokratiet ]
Vanskeleg å forutsjå
– Dette viser at plenum har sin eigen dynamikk, og at det ikkje er enkelt å forutsjå kva utfallet av saker blir, seier Birkedal.
Han har tatt sterkt til orde for å halde fram med dagens ordning.
Kyrkjevalreglane fast at det skal vera ein nominasjonskomité ved kyrkjevalet. Nominasjonskomiteen blir valt av sokneråda på valmøte i kvart prosti. I tillegg kan ungdomsrådet i bispedømet utnemne ein person. Nominasjonskomiteen set så saman ei liste av kandidatar. Dette ynskte både Kyrkjerådet og fleirtalet i komiteen på Kyrkjemøte å endre, men dei fekk akkurat ikkje gjennom forslaget.
---
Kyrkjevalet
- Kyrkjevalet er i realiteten to val: Val til dei 1235 sokneråda og val til dei 11 bispedømeråda. Sistnemnde utgjer Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja.
- På bispedømenivå var det i 2019 fleire lister å velje blant. Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke stilte lister i alle bispedøme, og Bønnelista i ni av elleve bispedøme.
- Den norske kyrkja får omtrent 80 millionar kroner frå staten til å arrangere kyrkjeval kvart fjerde år.
---
Som ein godtepose
Saka har vekt stor merksemd både i forkant av Kyrkjemøtet og under behandlingane av saka.
Før avstemminga på måndag føremiddag tok medlemmar frå talarstolen orde for begge sider av saka.
May-Eldri Hanssen frå Åpen Folkekirke (ÅF) fortalde korleis ho vanlegvis forklarar kyrkjevalet for unge veljarar:
– Du har tre godteposar, men du ser berre overskrifta på posen. Viss du stikk handa nedi nominasjonskomitelista sin pose veit du ikkje kva bit du trekker opp, medan du i Åpen folkekirke og Bønnelista sin veit du i større grad kva du får.
Thor Magne Seland frå ÅF sa han også ynskjer seg lister som «tydeleg seier kva dei vil og kvar dei vil».
:quality(70)/cloudfront-eu-central-1.images.arcpublishing.com/mentormedier/GTPQB2J5NJFWTGU7SCZWO32OLI.jpg)
Vidare stilte han seg undrande til folk si uro for at sjølvstendige, kyrkjepolitiske lister vil føre til politisering:
– I Åpen folkekirke er det eit vidt spenn av politisk engasjement. Me er medlemmar frå SV til Frp i skjønn foreining. Det går heilt fint, fordi me skil vanleg politikk og kyrkjepolitikk, seier Seland.
[ Vil Kyrkjemøtet gå «all in» i spørsmålet om kall? ]
Ubehageleg valkamp
Marta Kristine Ims var kritisk til forslaget om å fjerne nominasjonskomitelistene:
– Eg er litt uroa, eg likar ikkje partitenking i kyrkja. Eg erfarer at det gjer noko med samhandlinga vår.
Ho var redd ein ville gått glipp av gode kandidatar til verv i kyrkja, viss dei fyrst måtte gjennom ein valkamp meir lik den ein ser i politikken.
– Eg ynskjer at me skal ta vare på dei som har kjempekompetanse på kyrkje, og spesielt på sin lokale kyrkjelyd. Mange synest det er veldig ubehageleg å stå i ein valkamp, men vil gjerne stå i teneste for kyrkja.
Vil ha kyrkjeval tilknytt offentlege val
Medan Nominasjonskomiteens liste skal vera breitt samansett, er dei andre listene forma på eit bestemt program. På bispedømenivå var det i 2019 fleire lister å velje blant. Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke stilte lister i alle bispedøme, og Bønnelista i ni av elleve bispedøme.
Det var etter Kyrkjevalet i 2019 at det kom forslag om endringar i reglane kring kyrkjeval, som ein ynskjer skal tre i kraft innan neste val som er i 2023. På årets Kyrkjemøte var modellen for korleis ein organiserer vallister oppe til behandling. Dette gjeld valet til bispedømeråd og Kyrkjemøte, ikkje til dei lokale sokneråda.
Det blei også stemt over om kyrkjevalet skal skje samstundes med offentlege val og i lokale i nærleiken av dette. Tre fjerdedelar ynskte å halde fram med kyrkjeval tilknytt offentlege val.
Biskop i Borg, Atle Sommerfeldt, oppmoda «sterkt» til å ikkje endre ordninga.
Det same gjorde Olav Myklebust frå Møre bispedøme. Han meinte å behalde offentlege og kyrkjeval samstundes vil føre til at fleire stemmer ved kyrkjevalet.
– Det gjev legitimitet å ha stor valoppslutning, sa Myklebust.
Marta Kristine Ims meinte derimot at ein i tråd med tanken om eit livssynsope samfunn ikkje kling godt å gje majoritetskyrkja ei særstilling.
– Det synest eg er vanskeleg.
Thomas Tinglum i Hamar bispedøme tok til motmæle:
– I det livssynsopne samfunnet skal me tole at livssynssamfunn skal synast i det offentlege
Skulle møtast for å starte ny liste
Etter behandlinga av saka hadde Erling Birkedal og meiningsfellar planlagt eit møte der dei skulle snakke om tida framover. Tanken var å gå vidare med opprettinga av ei ny, kyrkjepolitisk liste.
– Blir møtet no avlyst?
– Nei, me har behov for å snakke saman. Folk har nok ulike kjensler, nokon var innstilte på å starte opp noko nytt, medan andre er glade for avgjersla.
– Er det framleis aktuelt å starte opp ei ny liste?
– Det vil eg ikkje svara på no. Me må prate om det på samlinga.
Men for sin eigen del er det ikkje aktuelt for Birkedal å bli med i ei eventuell ny liste.
– Som Nominasjonskomiteens talsperson og etter å ha vore så eksponert på å tale denne ordninga si sak ser eg ikkje for meg å stå for oppstarten av ei anna liste.
---
Kyrkjemøtet
- Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja og møtest ein gong i året.
- 116 medlemmar samlast når årets kyrkjemøte skjer i Trondheim, 11. — 16. november.
- Kyrkjemøtet skulle vore i april, men blei utsett til november på grunn av pandemien.
- Rekordmange 27 saker står på sakslista til Kyrkjemøtet 2021. I tillegg blei tre saker behandla på fjernmøte i mars.
- Årets kyrkjemøte skal mellom anna ta for seg rekrutteringsstrategi, kyrkjeleg kulturarv, reglar om kyrkjeval og strategi for heile Den norske kyrkja.
---
[ Ber DNK-kyrkjelydar støtte evangelisering: Er redde mange forbind misjon med intoleranse ]