Dette er sakene det er knytt mest spenning til på Kyrkjemøtet

DEN NORSKE KYRKJA: Endeleg kan kyrkja sitt «storting» samlast med full styrke. Ei uvanleg lang saksliste inneheld fleire omdiskuterte saker.

Kirkemøtet 2021, Vår frue kirke
TRONDHEIM: Kyrkjemøtet 2021 blei tradisjonen tru opna med gudsteneste i Vår Frue kirke torsdag kveld. I løpet av dei neste seks dagane skal ei rekkje saker bli bestemt av det som blir kalla Den norske kyrkja sitt Storting.
Publisert Sist oppdatert

– Ei kyrkje som berre er oppteken av å halde ved like seg sjølv, sin posisjon og sine privilegium har mista grunnen sin. Me driv ikkje enten med teologisk linjegymnastikk eller andeleg fastfood. Oppdrag vårt er å peike på evangeliet og nåden. Kvar einaste gong.

Det påpeika kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum under opningstala si til Kyrkjemøtet torsdag kveld. Ei uvanleg omfattande saksliste skal behandlast i Den norske kyrkja sitt «storting» dei neste seks dagane.

Og etter eit nedskalert kyrkjemøte i fjor som var sterkt prega av koronarestriksjonar, og eit «mini-kyrkjemøte» i vår der berre tre saker blei behandla på eit fjernmøte er det endeleg duka for fysisk storsamling i Trondheim.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP