Religion

Stadig fleire tar kyrkjeleg utdanning. Dette kan vere kvifor

REKRUTTERING: Betalte studier har meir enn tredobla talet på kyrkjetilsette som tar utdanning på deltid. No får enno fleire sjansen.

Dei siste tre åra har Den norske kyrkja (DNK) brukt rundt 2,3 millionar kroner på å gi trusopplæringstilsette meir kompetanse.

At det i dag er tre gonger så mange som utdannar seg innan kyrkjeleg undervisning som i 2018, ser Kyrkjerådet på som eit vellukka tiltak.

Hovudgrunnen til suksessen? Eit stipend dei oppretta for tre år sidan.

Kyrkjelydspedagog Eirin Sørhus i Alta er blant dei som no nyttar seg av ordninga. Ho er no halvvegs i løpet til å kunne bli kateket, etter nokre år i jobb utanfor kyrkja.

– Eg kjenner at hjartet mitt for ungdom har byrja å dunke hardt igjen. Eg ivrar etter å skape plassar kor ungdommar kan kjenne at det er godt å vere, seier ho.

– Fantastisk

Då Kyrkjerådet byrja å dele ut slike utdanningsstipend i 2018 var det 14 personar som studerte til å bli kateket på deltid. No er det 41.

– Ordninga har fungert særs bra. Midla er etterspurde, og søkjartala til mastergraden i kyrkjeleg utdanning har stige dei siste åra, seier Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet.

– Er det ein årsak-verknad-samanheng mellom stipendet og denne auken?

– Ja. Sjølv utan at vi har spurt kvar enkelt student, vil det vere ei rimeleg tolking, svarar Kielland.

Jan Christian Kielland

At talet på deltidsstudentar innanfor kyrkjeleg undervisning har auka sidan 2018 kallar Kielland «gledeleg».

– Det er fantastisk å sjå at fleire tar desse studieløpa. Vi har merka oss denne store oppgangen.

– Ved å dele ut slike midlar får medarbeidarar eit ekstra insentiv ti å tenkje over å ta vidareutdanning, og får eit høve til å snakke med arbeidsgivaren sin om det. Ein får den vesle hjelpa, og noko økonomisk støtte, til å få det gjennomført, seier han.

På rett plass igjen

– Åh, det er ei lang historie, svarar Eirin Sørhus om kvifor ho no tar utdanning for å kunne bli kateket.

I tre år etter «Ungdom, kultur og tro»-utdanninga ved MF jobba ho som ungdomsarbeidar i ei kyrkje i Sør-Noreg. Så gjekk det ikkje meir.

– Eg hadde slite meg ut, og kjende meg ferdig som ungdomsarbeidar. Det var sårt – for eg opplevde jo denne jobben som eit kall, fortel ho.

Etter eit år med friluftsliv i Alta, blei Sørhus att nordpå. Sakte, men sikkert kjende ho ei lengsel etter å jobbe med barn og unge i kyrkja igjen.

– Ved å bli kjent med fleire som jobbar i kyrkja, og følt den gode atmosfæren her, så tenkte eg: Viss eg nokon gong skal jobbe i kyrkja igjen, må det bli her.

Som tenkt, så gjort.

For halvanna år sidan starta ho på ein deltids-mastergrad i kyrkjeleg utdanning. I august i år byrja ho som kyrkjelydspedagog i Alta og Talvik, og nyttar Kyrkjerådet sitt stipend for å få frigjort litt av stillinga si til utdanning.

– Det å få forkynne Jesu ord og kjærleik til folk igjen... Eg kjenner meg på rett plass, seier Sørhus.

Løfter fram det viktige

Å studere samtidig som ho jobbar gir ein ekstra dimensjon til både undervisninga og arbeidet, ser Sørhus.

– Det vi lærer passar som hand i hanske med å praktisere. Saman med lærarar og medstudentar får vi eit forum å drøfte aktuelle utfordringar frå kyrkjekvardagen i, seier ho.

Eirin Sørhus, menighetspedagog i Alta

Sørhus hadde neppe trudd at ho kom til å synest at nesten alt ho har lært det første halvanna året har vore «kjempespennande».

– Å bli følgt opp av gode lærarar, bryne oss på case-ar og sjå problemstillingar med nye briller har vore veldig lærerikt.

Undervisninga har også gitt Sørhus ei større visse om kva det betyr å vere vigsla til ei kyrkjeleg stilling.

– Det er noko med at det ikkje berre er presten som er vigsla, men at ulike oppgåver i kyrkjelivet er viktige. Dette løfter fram kateketens viktige rolle inn i forsamlinga, og gir ein profesjonalitet til undervisninga i kyrkja, seier Sørhus.

No får fleire sjansen

Gjennom statsbudsjettet, og eiga effektivisering, har Den norske kyrkja fått fleire nye diakonstillingar dei siste åra. Men rundt 80 av dei 300 som er tilsett i slike stillingar er diakonimedarbeidarar, altså personar som ikkje har riktig utdanning til å bli vigsla til diakon.

– Derfor vil vi no også leggje til rette for at dei tilsette som ønsker det, får ta master i diakoni, fortel Kielland i Kyrkjerådet.

Beskjeden frå KA, som deler ut desse midla, er at interessa er stor også innanfor dette fagfeltet.

Det er Kyrkjemøtet, DNKs øvste organ, som bestemmer kva krav som skal liggje til grunn for å få ei stilling i kyrkja. Men det er ikkje alle plassar denne kompetansen finst, og då ligg det ei opning for å tilsette personar utan den formelle utdanninga.

– Mange kan gjere veldig gode jobbar i DNK med ulik kompetanse, men vi ønsker å løfte at kompetanse har ein stor verdi inn i det lokale arbeidet. I å gå eit utdanningsløp ligg det både danning og eit høve til å bli kjent med konkrete verktøy innanfor eit felt. Det tenkjer vi stort om i kyrkja, seier Kielland.

Han presiserer likevel at det kan vere gode grunnar til at eit slikt løp ikkje er aktuelt for enkelte.

– Det har vi forståing for. Vi skal halde opp den gode jobben dei son ikkje er kateketar eller vigsla diakonar også gjer – for dei er utruleg viktige.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion