Religion

Biskopane: – Uroa for at færre vil bere fram barn med kromosomavvik

MENNESKEVERD: Prinsippet om eit samfunn med plass til alle er utfordra, meiner biskopane i Den norske kyrkja (DNK). No lagar dei ei arbeidsgruppe for å diskutere følgene av at genetisk fosterdiagnostikk har blitt lovleg.

Mai 2020 vedtok Stortinget ei rekke endringar i bioteknologilova. Ei av dei er at alle gravide no får tilbod om genetisk fosterdiagnostikk.

Det betyr at ein i svangerskapet kan få tidleg ultralyd og tilleggsundersøkingar for å finne ut om det finst genetiske avvik eller sjukdom hos fosteret. Tidlegare har tilbodet vore for gravide i ei risikogruppe.

Utviklinga – at alle gravide no får høve til dette – uroar Noregs biskopar. Dei kallar det ei «stor prinsipiell endring»

– Forandrar dette samfunnet vårt på nokon måte? Dette handlar om menneskeverd, seier preses Olav Fykse Tveit, som legg til at han har djup respekt for dei vanskelege val komande foreldre skal ta.

---

Fosterdiagnostikk

  • Inneber å undersøkje fosteret for å få informasjon om genetiske eigeskapar, eller for å påvise eller utelukke sjukdom eller avvik frå utviklinga.
  • Ei slik undersøking omfattar ei rekke tilstandar, men blant dei mest kjende er testing for trisomi 13, 18 og 21, altså Downs syndrom.
  • Tidlegare har fosterdiagnostikk blitt regulert i bioteknologilova som eit tilbod til gravide som er i ei risikogruppe.
  • Mai 2020 vedtok Stortinget at tidleg ultralyd med tilleggsundersøkingar «som kan avdekkje alvorleg sjukdom eller skade hos fosteret», no blir eit tilbod til alle kvinner.
  • Kjelder: Bioteknologirådet og Helsenorge.no.

---

Fryktar fleire vel bort

Har samfunnet lenger plass til alle, uavhengig av genetiske eigeskapar? spurde biskopane kvarandre under Bispemøtet denne veka.

Dei tolv kom ikkje fram til eit svar med to strekar under – i denne omgang. Men dei opprettar ei arbeidsgruppe som vidare skal greie ut dei etiske dilemmaa knytt til den nye lova.

«Bispemøtet er uroa for at Noreg får eit system kor levedyktige foster med ulike kromosomtilstandar blir valt bort på grunn av eigenskapane sine», heiter det i den felles utsegna Bispemøtet vedtar fredag.

Overfor Vårt Land utdjupar preses Olav Fykse Tveit denne uroa. Denne nye situasjonen for gravide gir dei meir ansvar og fleire val, ser dei.

Preses Olav Fykse Tveit.

– No må enno fleire ta stilling til om dei skal seie ja eller nei til ei slik undersøking.

– Er det foreldras «feil» viss dei ikkje tar testen, og føder eit barn med kromosomavvik? Eller at den gravide får slike forhold avdekt gjennom fosterdiagnostikken, men vel å bere barnet fram likevel? Må dei klare seg sjølv? spør Fykse Tveit.

Meir press

Biskopane meiner kyrkja kan vere ei stemme som minner samfunnet på at alle menneske er skapt i Guds bilde, uansett kva samansetjing av kromosom dei har.

– Viss ikkje kyrkja held dette oppe, kven gjer det då? spør preses.

Han tek for gitt at gravide får gode faglege råd i ein slik situasjon. Likevel må samfunnet sikre at barna og familiane som får behov for tilrettelegging får den støtta dei har rett på.

– Uroa vår handlar òg om kor vidt dette vil føre til at fleire tar eit val dei ikkje ønsker å ta, og at det kan bli enno meir press på ein allereie krevjande situasjon.

Eit godt liv?

Prinsipielle spørsmål er på spel, meiner Bispemøtet:

Er eit liv med eit kromosomavvik eller ei funksjonshemming eit godt liv? Kva betyr det i praksis å halde fram alles menneskeverd i denne samanhengen?

– Vi er ikkje ferdige med dette temaet sjølv om det har komme ei ny lov. Tvert imot. Fordi det gjeld så mange, gir det også kyrkja eit større ansvar for å bidra, seier Fykse Tveit.

– Dette handlar ikkje berre om rådgiving, om ein skal gjere sånn eller sånn. Dette handlar også om psykologi og diakoni, kven som støtter menneska i ein slik fase. Korleis kyrkja kan hjelpe til, er blant det vi skal jobbe vidare med.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion