Religion

Etterlyser liturgi for dødfødde: – Ville gjort meg tryggare

SORG: Når prest Mari Saltkjel i Den norske kyrkja skal halde seremoni for eit barn som har døydd før fødsel, opplever ho å mangle konkrete rammer. Kyrkjerådet kallar det ei viktig etterlysing, men vil ikkje garantere å vedta liturgi.

«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv».

Orda frå Johannes 3:16 kan gi mange trøyst i ei gravferd. Men bibelverset er eit uttrykk for ein liturgi som er forma for ein annan situasjon enn når eit lite barn dør, slik sokneprest Mari Saltkjel ser det.

I tenesta si i Sør-Vågsøy i Vestland opplever ho å halde fleire seremoniar i sorga etter eit dødfødd barn – både etter ein spontan eller sjølvvald abort. Til denne markeringa må ho finne orda sjølv.

– I ei kyrkje med eit så stort liturgifokus som vår, undrar eg meg over kvifor vi ikkje har dette verktøyet. Det kunne vi trengt, seier Saltkjel.

Ville gitt tryggleik

Ho skundar seg å seie:

– Eg vil ikkje så tvil om at dei som opplever å miste eit barn blir møtt på ein god måte av kyrkja i dag. Folk må ikkje vere redde for å ta kontakt. Dette handterer vi godt.

Likevel ønsker presten ein liturgi å kunne lene seg på.

– Det ville vore trygt å vite at eg har eit utgangspunkt å gå til. Ein konkret liturgi ville gjort meg sikrare, og gjort møtet med seremonien meir føreseieleg.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug og prest på Måløy i Nordfjord Mari Saltkjel.

Soknepresten er overtydd om at fastare rammer ikkje hadde hindra den enkelte prest i å kunne famne behovet til dei pårørande, som ho veit vil vere særs forskjellig i ein slik situasjon.

I 2017 var ­«Liturgiske handlinger ved dødfødsel» ei sak for landets biskopar. Målet var å lage ein ressursbank med praktiske løysingar, salmar og bibeltekstar. Så langt Vårt Land kjenner til, er ikkje dette blitt noko av.

Meir og meir aktuelt

– Kva opplever du at trengst å seiast?

– Det finst bibelord som kan bere oss i slike situasjonar. Nokre av dei har tyngdepunktet sitt i omsorga for dei pårørande. Andre handlar om å overlate det vesle barnet til heimen hos Gud, seier sokneprest Saltkjel.

«Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, før du vart fødd, helga eg deg» frå Jeremia 1:5 trekk Saltkjel fram.

– Det er ikkje eit mål i seg sjølv å gravlegge flest mogleg, understrekar soknepresten, og meiner at slike seremoniar skal vere eit tilbod, ikkje ei forventning.

– Men at det blir fleire slike seremoniar, er ei sannsynleg utvikling. Eg opplever at det auka medvitet om sorga over barnet som dør i mors liv også aukar ønska om ein seremoni. Eg held oftare slike no enn for ti år sidan, seier Saltkjel.

Bør inkludere dåpsliturgi

Biskop Solveig Fiske i Hamar synest òg at kyrkja skal tilby ei rite til sorga over eit lite barn.

– Riten bør òg bere med seg ei velsigning av det dødfødde barnet, og gjerne innehalde element frå dåpsliturgien, seier ho, og fortel at dåp gjerne blir tematisert av dei pårørande.

IKKE BEGEISTRET: Hamar-biskop Solveig Fiske kaller Frimodig kirkes alternative tilsyn en helt «uholdbar modell».

– Samtidig er det viktig å understreke, i samtalene og i riten, at det døde barnet er varetatt hos Gud, seier Fiske.

Det er ikkje naturleg med ein eigen vedtatt liturgi for dette, slik Hamar-biskopen ser det.

– Eg tenker dette tilhøyrer den enkelte prest sitt pastorale skjønn. Sjukehusprestar sit på mykje materiale på feltet, og det kan òg vere nyttig å dele desse tinga med kollegaer, seier Fiske.

– Viktig etterlysing

Etter at Bispemøtet diskuterte liturgiske ordningar for dødfødsel i 2017, kjenner ikkje Jan Christian Kielland i Kyrkjerådet til at det har blitt arbeida vidare med saka.

Avdelingsdirektøren i avdeling for kyrkjefag og økumenikk seier det er for tidleg å konkludere om kor vidt det bør finnast ein vedtatt liturgi på dette området, men han understrekar at samtalen er nødvendig å ta.

– Dette er ei viktig etterlysing, og vi må snakke om korleis vi kan hjelpe presten sterkare inn mot seremoni for dødfødde barn, seier Kielland.

Per no finst det enkelte føringar – men stor fleksibilitet – i Den norske kyrkjas Ordning for gravferd. Der står det at dei same bestemmingane som gjeld når barn skal gravleggast, skal gjelde ved gravferd for spedbarn eller barn som dør før fødsel.

«I disse tilfellene vil det være mulig å foreta de endringer i liturgiens ledd som forholdene måtte tilsi», står det vidare i punkt sju.

– Dagens ordning gir stor fridom. Det er viktig at ulike situasjonar og ulike behov kan møtast med pastoralt skjønn, seier Kielland.

Men at ein kan samle ressursar til bruk i ein slik seremoni, ser han ikkje bort frå.

Kristendommens lys på alt

Engasjementet til sokneprest Mari Saltkjel er personleg. I innlegget i tysdagens avis skriv ho om sitt eige val om å ikkje føde eit barn som sto i fare for alvorleg sjukdom.

Å lese sjukehusprest Aud Irene Svartvasmo fortelje si aborthistorie i Vårt Land nyleg, betydde mykje for Saltkjel.

– Kva trur du prestars openheit om ulike former for abort kan ha å bety?

– Eg trur iallfall at det gir uttrykk for at det finst særs ulike liv også blant prestar. For meg var det godt å sjå at eg ikkje var den einaste presten som har gått igjennom dette.

– Så er det kanskje ei kvinne der ute som treng å sjå at ho ikkje er den einaste kristne kvinna som har stått i noko så vanskeleg. Livet er komplisert. Og livet i eit kristent lys er også komplisert.

Då Saltkjel gjekk igjennom ein av livets mest krevjande situasjonar, hadde det vore godt å møte nokon som kunne romme både kjensla av sorg og skuld. Ho håpar kyrkja kan bere desse kjenslene for andre.

– Kristendommen skal kunne kaste lys på alt som skjer i eit menneske sitt liv. Det er oppgåva vår.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion